Hopp til innhald

MGUMAT402 Matematikk 2, emne 2 - Problemløysing og handlingskompetanse i matematikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I Matematikk 2 fordjupar studentane seg i nokre av dei matematikkdidaktiske og matematikkfaglege temaa frå Matematikk 1. Fokus er her meir konsentrert og forskingsretta enn i Matematikk 1.

Matematikk 2 er delt opp i følgjande emne:

  • Emne 1: Perspektiv på matematikkfaget
  • Emne 2: Problemløysing og handlingskompetanse i matematikkfaget

Denne planen omtalar emne 2.

Til saman dekkjer emne 1 og 2 læringsutbyttet for Matematikk 2 skildra i dei nasjonale retningslinjene for Grunnskulelærarutdanning 5-10.

Emnet skal gi studenten vidare bakgrunn for å inkludere problemløysing og handlingskompetanse i matematikk i eiga undervisning, og eit utvida analysegrunnlag for å løyse utfordringar knytt til arbeidsorganisering, systematikk og struktur i samband med dette i undervisning og læring.

Elevar nyttar matematikk i og utanfor skulen, og lærer for å utvikle evna til å bruke matematikk i framtida. Slik handlingskompetanse inneber at ein kan avgjere om ein har eit problem/ein situasjon som krev matematikk, korleis ein skal handtere eit problem og kva matematikk ein skal nytte for å handtere problemet/situasjonen. Dette vert gjort gjennom fordjuping i arbeid med problemløysing i matematikk, mellom anna ved bruk av heuristiske tilnærmingsmåtar. I denne samanhengen vert det lagt vekt på:

  • Matematikkdidaktisk teori og praksis knytt til problemløysing som ressurs og metode
  • Heuristiske tilnærmingsmåtar
  • Kreativitet, analyse, refleksjon
  • Ulike typar bevisføring
  • Arbeid med diverse matematiske problem, refleksjon rundt og løysing av desse
  • Problemløysing både i praktisk samanheng, og som ein sentral del av matematikkfaget
  • Eleven si utvikling av handlingskompetanse i matematikk

I dette emnet skal studenten også fordjupe seg i eit sjølvvalt tema innanfor matematikkdidaktikk, med utgangspunkt i korleis matematikk vert utvikla, kommunisert og nytta. Dette forskings- og utviklingsprosjektet (Semesteroppgåve) kan byggje på tema som har vore prioritert tidlegare i studiet. Prosjektet kan difor til dømes vere ei vidare fordjuping i eit matematikkdidaktisk og/eller matematisk tema, eller bety å fordjupe seg inn i eit matematikkdidaktisk/matematisk tema som ikkje har vore prioritert tidlegare i studiet.

Emnet har fokus på studenten som ein som kan initere og leie utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning. Forskingsmetodar vert i noko grad arbeidd med. I dette arbeidet vil kjeldeutval og arbeid med skriftlege kjelder vere sentralt.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om ulike matematiske bevistypar og argumentasjonsformer som vert nytta til å generalisere matematiske samanhengar
  • har inngåande kunnskap om heuristiske tilnærmingsmåtar
  • har kunnskap om kvantitative og kvalitative metodar som er relevante i matematikkdidaktisk forsking
  • har spesialkunnskap innan eit matematikkdidaktisk emne relevant for matematikk trinn 5-10, og kan formidle dette

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan bruke matematiske bevis og argumentasjonsformer og heuristiske tilnærmingsmåtar i eige arbeid og i matematikkundervisning
  • kan analysere eigne og andre sine arbeidsmåtar i arbeid med matematikkoppgåver
  • kan vurdere kritisk og tilpasse arbeidsmåtar som oppmodar elevane til undring, kreativitet og evne til utforskande aktivitetar
  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan bruka metodar innanfor matematikkdidaktisk forsking til å gjennomføra enkle matematikkdidaktiske undersøkingar
  • kan bidra i analyse, refleksjon over og grunngiving av korleis læraren kan påverke læringsmiljøet og motivasjonen for matematikk gjennom val av undervisnings- og arbeidsformer
  • kan skrive i ei akademisk form, analysere relevant forsking og analysere og formidla eit samansett fagstoff på eit overtydande vis

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere om matematikkdidaktiske og matematikkfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar knytt til problemløysing og modellering
  • kan nytte element frå matematisk problemløysing i samband med tilrettelegging for eleven si utvikling av handlingskompetanse i matematikk
  • kan initiere og leie fou-prosjekt og andre samarbeidsprosjekt med tanke på å forbetre matematikkfaget sin praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 2 byggjer på

MGUMA101: Undervisning i matematikk

MGUMA201: Læring i matematikk

(det siste sifferet kan vere endra)

Undervisnings- og læringsformer

Detaljar i samband med organisering av undervising knytt til emnet vil kome fram i semesterplanen som vert delt ut ved emnets start. Gjennom studiet skal studentane få erfaring med arbeidsformer som er relevante i grunnskulen, og som skal gi grunnlag for diskusjonar om arbeidsformer i skulen.

Det vert nytta førelesingar, diskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid, og individuelt arbeid. Emnet stiller og krav om sjølvstendig arbeid med pensum, mellom anna med eit individuelt mappearbeid som utgjer sluttvurderinga. Undervisning knytt til semesteroppgåva vil vere i form av rettleiing og seminar. Gjennom rettleiing vil studenten få hjelp til å utvikle, drive og reflektere over sitt eige utviklingsarbeid. Seminara vil vere ein stad der litteratur og praksis vert vovne saman, og kunnskap, erfaring og ferdigheiter vert synleg og utvikla gjennom førelesningar, presentasjonar og diskusjonar. Samarbeid med andre fagområder i utdanninga kan vere aktuelt.

Studenten får oppnemnd ein rettleiar ved starten av semesteret.

Obligatorisk læringsaktivitet

Nokre av undervisingsøktene vil vere obligatoriske. Kva økter dette er snakk om vil kome fram i semesterplanen som vert utdelt ved semesterstart.

Gjennom semesteret vert det arbeidd med oppgåvesett med problemløysingsoppgåver og annan problemløysingstematikk. Obligatoriske innleveringar er knytt til dette arbeidet. Nærare skildring av omfang, innhald og krav til framdrift i arbeidet vert gitt ved semesterstart.

Studenten skal skrive ei semesteroppgåve.

Obligatorisk læringsaktivitet knytt til semesteroppgåva:

  • Deltaking på undervising knytt til metode og eit oppgåveseminar
  • Presentasjon for medstudentar og rettleiarar av eige prosjekt både i ein tidleg fase av arbeidet og i sluttfasen av arbeidet.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Om ein læringsaktivitet vert vurdert som ikkje godkjent, skal studenten ha skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføre alternative læringsaktivitetar gitt av faglærar. Dato for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og i medhald av gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden startar.

Vurderingsform

  • Del 1: Semesteroppgåve. Innlevering av ei sjølvstendig forskings- og utviklingsoppgåve som vert arbeidd med gjennom heile semesteret. Vekting 50% av endeleg karakter.
  • Del 2: Mappevurdering. Studenten leverer ei mappe som tek utgangspunkt i problemløysingsoppgåver og annan problemløysingstematikk som er arbeidd med gjennom semesteret. Innhaldet i mappa og kriteria for vurdering vert klargjort så tidleg som mogleg og seinast tre veker før endeleg innlevering. Vekting 50% av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.

Ved ny mappevurdering er det ikkje høve til å levere ei forbetra versjon av mappa. Læringsaktivitet knytt til mappa må takast på nytt.

Ved ikkje bestått FoU-oppgåve er det ikkje høve til å levere en forbetra versjon av FoU-oppgåva. Ved ny eksamen studenten levera inn ei ny FoU-oppgåve med eit nytt tema. Dette kan berre gjennomførast i semester der emnet blir tilbode ordinært og ikkje tidlegare enn i 2. semester etter ordinær eksamen. Obligatorisk læringsaktivitet knytt til FoU-oppgåve må takast på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel