Hopp til innhald

MGUNOR402 Norsk på ungdomssteget 2: Litteratur, kultur og historie

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Norsk 2 emne 2 - Litteratur, kultur og historie (MGUNOR402) bygger på Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap og Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap.

Emnet går parallelt med MGUNOR302 Norsk på ungdomssteget 1: Språk, kultur og historie.

Emnet gir studentane innsikt i eit mangfald av litterære tekstar frå ulike tider. Emnet gir litteraturhistorisk og litteraturteoretisk kunnskap, og legg til rette for drøfting av sentrale fagdidaktiske spørsmål i norskundervisninga. Studentane får utvikle den litterære og litteraturdidaktiske kompetansen i lys av estetiske, retoriske og historiske perspektiv.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har god litteraturhistorisk oversikt
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har, og har hatt i kulturen vår
  • har god kjennskap til nordisk litteratur, inkludert samisk.
  • har gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar
  • har utvida innsikt i korleis ein kan arbeide med lesemotivasjon, leselyst og leseforståing
  • har kunnskapar om faghistorie, og om læreplanen i norsk for ungdomssteget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan lese, analysere, tolke og samanlikne tekstar skrivne for born og ungdom, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • har kjennskap til samansette tekstar, historikken til og teoriar om desse
  • har kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking og inngåande kunnskap om det valte fordjupingsemnet

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå desse perspektiva
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • kan analysera relevant forsking, har gode ferdigheiter i akademisk skriving og kan analysera og formidla eit samansett fagstoff på ein overtydande måte

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 2 emne 2 - Litteratur, kultur og historie (MGUNOR402) bygger på Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap og Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet har varierte arbeidsformer og obligatoriske læringsaktivitetar som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte, studentaktive læringsformer, som t.d. rettleiing, studentframlegg og fagleg arbeid i større og mindre grupper i undervisningsøktene. Studentane skal altså vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet følgjer av kva studenten vel til semesteroppgåve.

Dersom studenten skriv semesteroppgåve med litterært tema, er det obligatorisk å delta på oppgåveseminara til semesteroppgåva.

Om studenten ikkje vel semesteroppgåve med litterært emne, kjem det i staden tre særskilde læringsaktivitetar. Minst to av dei skal vere skriftlege, og minst ein av dei skal ha ein munnleg komponent. To skriftlege læringsaktivitetar skal inngå i ei endeleg vurderingsmappe.

Dei tre særskilde læringsaktivitetane eller deltaking på oppgåveseminar må vere utførte og godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje får godkjent ein av læringsaktivitetane, får eitt (1) nytt forsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

I tillegg har kvar undervisningsøkt ei øvingsoppgåve som det er obligatorisk å delta i. For å kunne gå opp til eksamen, må studentane ha vore med på 80% av desse oppgåvene.

Målform: Bokmål og nynorsk. Faglærar organiserar.

Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk i tale og skrift.

Vurderingsform

Studenten skal skrive semesteroppgåve enten i MGUNOR302 (språk) eller MGUNOR402 (litteratur).

Dersom studenten skriv semesteroppgåve i gjeldande emne, MGUNOR402, er eksamen denne:

  • Individuell eller parvis skriftleg semesteroppgåve. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri.
  • Munnleg eksamen
  • Vekting: Oppgåve 60 % og munnleg eksamen 40 %. Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Det er mogeleg å levere forbetra versjon (semesteroppgåve) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.

Dersom studenten skriv semesteroppgåve i emne MGUNOR302, er eksamen i gjeldande emne, MGUNOR402, denne:

  • Mappevurdering av to av i alt tre innleverte tekstar. Målform: Bokmål og nynorsk. Faglærar organiserer.
  • Munnleg eksamen
  • Vekting: Mappevurdering 60% og munnleg eksamen 40%. Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Ved ikkje bestått mappevurdering kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk i tale og skrift.

Hjelpemiddel ved eksamen

Meir om hjelpemiddel