MGUSA401 Samfunnsfag 2, emne 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Emnet skal gje fordjuping i utvalde samfunnsfagelege tema. Emnet skal også opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen. Internasjonale emne er sentrale. I emnet skal studentane skrive ei FOU-oppgåve. Tema for FOU oppgåva skal vere relevant for undervisningsfaget samfunnsfag. Deler av pensum er på engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har, i tilknyting til arbeid med FOU-oppgåva, djupnekunnskap om utvalde teoriar, metodar og fagdidaktikk knytt til eit sentralt tema i undervisningsfaget samfunnsfag
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder, og bruke dette i eige FOU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet 
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for mellom- og ungdomsstinn med særleg vekt på å videreutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101 og MGUSA201

Undervisnings- og læringsformer

Oppgåveskriving, framlegging av oppgåve, førelesingar, individuelt arbeide, gruppearbeid, ekskursjonar. 

Arbeidskrav

Kandidaten skal leggja fram utkast til FoU-oppgåve for medstudentar og faglærar. 

Vurderingsform

Deleksamen, med ei FoU-oppgåve/semesteroppgave og ein munnleg eksamen.

FoU-oppgåva/semesteroppgåva utgjer 50 % av endeleg karakter, og munnleg eksamen utgjer 50 % av endeleg karakter. 

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

FoU-oppgåve/semesteroppgåve
Studentar som tar emnet som Fag 1 skal skrive ei FoU-oppgåve. Studentar som tar emnet som Fag 2 og studentar i 4. år i GLU skal skrive ei semesteroppgåve. Innleveringstidspunkt blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem. Ved ikkje greidd, kan oppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgande semester.

Individuell munnleg eksamen, 30 minutt.
Tid og stad for eksamen blir gitt på Canvas.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel