Bøker om det norske lovverk og rett, samfunn og demokrati.

Økonomi og jus

Bachelor

Med bachelor i økonomi og jus får du ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast i både privat og offentleg sektor. Du får nyttig kompetanse innan både juss og økonomi og administrasjon.

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

    Har du årsstudium?

    Hvis du allerede har tatt årsstudium i jus, kan du søke deg direkte inn på 2. året. Du søker gjennom Søknadsweb, under "overflytting".

    Studiekode i Samordna opptak

    203526

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere økonomi og jus?

    Studiet gir deg eit solid tverrfagleg grunnlag og evna til å analysere og løyse komplekse problem frå fleire perspektiv. Studiet er sett saman av fag frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne. Studiet er sett saman av fag frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne.

    Du lærer:

    • Korleis tilnærma seg rettslege problemstillingar og løyse dei på ein strukturert og velfundert måte.
    • Korleis du tolkar og brukar lovreglar i konkrete problemstillingar på rettsområde som kontraktsrett, erstatningsrett og tings- og immaterialrett.
    • Viktig kunnskap ein må ha for å kunne ta gode økonomiske og strategiske avgjerder innanfor fagområda bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi, strategi og leiing og metode.
    • Ulike vitskapelege metodar og korleis dei kan brukast, og utvikling av analytiske ferdigheitar.
    • Å integrere berekraft, etikk og samfunnsansvar i økonomiske og juridiske vurderingar.

    Du kan studere bachelor i økonomi og jus ved campus Sogndal - eit aktivt og inkluderande studiemiljø tett på natur, fag og framtidige arbeidsgivarar. Studiet passar for dei som studerer på heiltid i Sogndal og prioriterer studiane høgt.

    Første studieåret tilsvarer årsstudium jus ved HVL. Dei to neste studieåra er sett saman av emne som dekker minimumskrava for ein bachelor i økonomi og administrasjon.

    Korleis er undervisninga?

    Læringsaktivitetane er varierte og består av førelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver og munnlege presentasjonar. Teori blir kopla til praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.

    Det fyrste året i utdanninga består av juridiske fag. Du får grunnleggande forståing for juss, og kompetanse til å gjere rettslege vurderingar. Dette er eit år med tett oppfølging som gir god trening i strukturert og grundig problemløysing, samt argumentasjons- og framstillingsevne, noko som er svært nyttige ferdigheitar innanfor alle fagområde.

    Dei to siste åra består av økonomiske og administrative fag. Økonomi er viktig både for kvar enkelt og for samfunnet, og handlar om mykje meir enn berre tal. I tillegg til typiske økonomi- og metodefag, har du fag som marknadsføring, leiing, strategi og samfunnsansvar.

     

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Ein bachelor i økonomi og jus dekkjer dei nasjonale krava til ein bachelor i økonomi og administrasjon. Du kan derfor søke på masterutdanningar innan økonomi og administrasjonsfag og masterutdanningar som gir sidetittelen siviløkonom.

    Etter ein fullført bachelor i økonomi og jus kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Eit utvekslingsopphald kan organiserast på ulike vis, ta kontakt med studierettleiar for nærare informasjon. Det arbeidast no med justeringar i studieplanen slik at det skal bli enklare å reise på utveksling eitt semester på 2. eller 3. året.

    Andre utdanningar du kanskje vil like