Kvinnelig sykepleier hjelper eldre mann i rullestol.

Palliasjon

Vidareutdanning på masternivå

Gjennom vidareutdanninga i palliasjon får du kompetanse som er nyttig når du skal arbeide med alvorleg sjuke og døyande, både i sjukeheim, i dei heimebaserte tenestene og i spesialisthelsetenesta.

Haugesund

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Bachelorgrad i sjukepleie og norsk autorisasjon som sykepleier.

    Søknadskode

    1631

    Slik søker du

    • Logg inn i SøknadsWeb.
    • Vel opptak Helse- og sosialvitskap.
    • Finn Master/vidareutdanning i helse- og sosialfag + det semesteret du vil starte studiet (Vår 2027).
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over). 
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning.
    Det blir ikkje gitt poeng for arbeidspraksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense forrige opptak

    Alle kvalifiserte søkere fikk tilbud om plass. 

    Om ledige studieplassar

    Viss det er ledige studieplassar når søknadsfristen går ut blir studiet lagt ut på ledige studieplassar. Tilbod om plass blir gitt fortløpande til kvalifiserte søkjarar fram til det er fullt eller til studiet startar opp.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere palliasjon? 

    Utdanninga gir deg kunnskap til å bidra i heile det palliative forløpet i samarbeid med og med respekt for pasienten og pårørande. Dette er kompetanse som det er stort behov for, både i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og i spesialisthelsetenesta. 

    Kva lærer du? 

    Etter å ha gjennomført studiet vil du ha kunnskap om:

    • Sentrale verdiar, føringar og faglege retningsliner innan palliasjon.
    • Systematisk kartlegging av symptom og behov for hjelp av både fysisk, psykisk, sosial og eksistensiell karakter.
    • Planlegging, gjennomføring og evaluering av symptomlindrande tiltak.
    • Kommunikasjon med og ivaretaking av pasientar og pårørande.
    • Tverrfaglig samarbeid med andre aktuelle profesjonsgrupper i den palliative omsorgen.
    • Optimalisering av livskvaliteten til pasientar og deira familiar i møte med livstruande sjukdom.

    Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen. 

    Målgruppe

    Studiet er for deg som er sjukepleiar og som jobbar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene og i spesialisthelsetenesta.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er samlingsbasert og vi legg opp til tre samlingar, totalt 9 dagar. Vi har førelesingar, gruppearbeid, simulering, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

    Tidspunkt for undervisning

    Det kjem snart meir informasjon om samlingsdatoar for vår 2027. 

    La videreutdanninga være del av mastergrad

    Emnet kan inngå som eit valemne i Master i avansert klinisk allmennsykepleie. og i Master i samhandling og folkehelse. 

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs