Fire studenter i sykepleierpraksis

Pleie og behandling av ikkje-helande sår

Vidareutdanning på masternivå

Korleis identifiserer du kva sår som har normal og forventa heling, og kva sår som krev oppfølging og behandling? Korleis eliminerer du tilstandar som hemmar heling av sår? I vidareutdanninga vil du lære løysingar som både er fagleg og samfunnsøkonomisk forsvarlege når det kjem til behandling av sår. 

Stord

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Bachelorgrad i helse- og sosialfag.

    Søknadskode

    1606

    Slik søker du

      • Logg inn i SøknadsWeb.
      • Oppdater "Min profil" og trykk "Neste".
      • Vel "Helse- og sosialvitenskap".
      • Trykk på "Søk" under "Master/videreutdanning i helse- og sosialfag høst 2026".
      • Vel studiet du vil søke på fra lista (se søknadskode over).
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
      • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning.
    Det blir ikkje gitt poeng for arbeidspraksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense forrige opptak

    28,68

    Informasjon om poenggrenser

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere pleie og behandling av ikkje-helande sår?

    Det er behov for personell med spesialkompetanse innan sårbehandling på alle nivå i helsetenesta.

    I løpet av dei siste 10-15 åra har pleie og behandling av sår vakse fram som eit eige fag. Det vitskapelege grunnlaget for faget har også hatt ei rivande utvikling i denne perioden.  

    Ved å studere pleie og behandling av ikkje-helande sår vil du få oversikt over fagområdet sine uttrykksformer, og bli i stand til å drøfte faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både på spesialistnivå og med allmenta.  

    Korleis er studiet bygd opp?

    Pleie og behandling av ikkje-helande sår er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng som er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng. Her kan du lese meir om emna og eksamen:

    Kva lærer du?

    Ved å gjennomføre vidareutdanninga vil du mellom anna lære om:

    • Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår
    • Sårbehandlinga sitt fysiologiske og patofysiologiske grunnlag
    • Sår som ikkje gror, generelle behandlingsprinsipp
    • Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar
    • Sår forårsaka av sjukdom i venøs, arteriell og lymfatisk sirkulasjon
    • Sår forårsaka av trykk, nevropati og immunologisk/inflammatorisk sjukdom

    Målgruppe

    Dette er studiet for deg som jobbar i helsetenesta og ønskjer meir kunnskap om behandling av sår. 

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Kvart emne er delt inn i to tema, og kvart tema startar med ei samling på fire dagar. Her vil fleire av dei leiande ekspertane i landet førelese om utvalde emne relatert til dei aktuelle tema.

    Mellom modulane vil kommunikasjon, rettleiing og innlevering gå føre seg ved hjelp av internettbaserte hjelpemiddel.

    Samlingar

    Haust 2026:  

    SÅR 1101 Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår

    Samling 1: veke 36
    Fysisk samling: måndag 31.08.2026 til og med torsdag 03.09.2026

    Samling 2: veke 42
    Fysisk samling: måndag 12.10.26 til og med torsdag 15.10.2026

     

     

    Tilrådde forkunnskapar

    Det er inga tilrådde forkunnskapar, men opptakskravet er bachelorgrad i helse- og sosialfag.

    Pensum

    Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

    Korttidsleige av bustad

    Treng du ein stad å bu når du skal studere på Stord? Sammen tilbyr korttidsleige til deg som treng bustad for kortare opphald. Det er lurt å søkje tidleg. 

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs

    .