Ansatte som jobber innovasjonsprosjekt

Samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling

Vidareutdanning på masternivå

Ønskjer du å lære meir om samskaping, innovasjon og berekraft, eller prosessleiing og tverrfagleg samarbeid? Treng du konkrete verktøy for å vurdere berekraft i prosjekt eller eigen verksemd? Då kan emnet samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling vere noko for deg!

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Korleis søke

    • Trykk knappen «Søk studieplass» eller logg inn via søknadsweb.
    • Vel opptak «Lærer, barnehagelærer og tolking».
    • Vel så "Videreutdanning pedagogiske fag/lærerutdanning høst 2026".
    • Studietypenummer 8523 for bachelornivå, SIB801
    • Studietypenummer 8524 for masternivå, SIB851
    • Trykk "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

    Om ledige studieplassar

    Viss det blir ledige studieplassar når søknadsfristen går ut vert studiet lagt ut på ledige studieplasser og tilbod om plass blir gitt fortløpeande til kvalifiserte søkjarar fram til det er fullt eller til studiet startar opp.

    Studiekode i Søknadsweb

    8523 for SIB801 og 8524 for SIB851

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling?

    Berekraft, innovasjon og samskaping er hyppig brukte omgrep innanfor både næringsliv, offentleg og frivillig sektor. Tverrfagleg og transdisiplinært samarbeid blir ofte trekt fram som nødvendige tilnærmingar for å løyse såkalla «samfunnsflokar», eller komplekse samfunnsutfordringar.

    I dette emnet vil du få innføring og innsikt i omgrep og teoriar knytt til berekraft, innovasjon og samskaping. Du vil vidareutvikle dine tverrfaglege kommunikasjonsferdigheiter og øve på «omsetjingsspråk» og formidling. Etter å ha teke emnet er målet at du skal kunne fasilitere samskapingsprosessar og nytte design thinking for å utforske problem eller teste moglege løysingar.

    Studiet tilbys på bachelor- og masternivå.

    Kva lærer du?

    Emnet vil gi deg innføring i konkrete verktøy og metodar innafor samskaping, «design thinking» og vurdering av berekraft.

    Les meir i emneplan om kva du lærer og eksamen:

    Emneplan for emnet på bachelornivå

    Emneplan for emnet på masternivå

    Målgruppe

    Dette emnet er interessant for tilsette i næringsliv, kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege verksemder. Det er også aktuelt for tilsette i akademia, siste års bachelorstudentar og masterstudentar. I tillegg kan vi anbefale det til personar i frivillige organisasjonar, og alle andre som er interessert i lære meir om samskaping, innovasjon og berekraft.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Emnet består av totalt 6 samlingar; 3 fysiske samlingar i Sogndal (a 2 dagar) og tre digitale samlingar (a 2x2 timar) pluss ei informasjonsøkt over perioden slutten av september 2026 til medio april 2027. Frist for innlevering av skriftleg gruppeeksamen er i begynnelsen av mai.

    Gjennom emnet skal du arbeide prosjektbasert i gruppe med ein reell case/problemstilling utan openbar løysing. Du kan bringe med deg ein case, utfordring eller problemstilling frå din eigen arbeidsplass, eller velje ei som er meldt inn frå regionale aktørar.

    Undervisninga vil i stor grad bestå av praktisk utprøving av verktøy og metodar, saman med medstudentar og ute i feltet - med diskusjonar og erfaringsutveksling. Det vil bli lagt ut ressursar, litteratur og oppgåver i studentportalen Canvas i forkant av seminara. I seminara vil studentane få førelesingar, rettleiing på oppgåver, samt tid til å drøfte, reflektere og øve på å anvende omgrep, teoriar, metodar og verktøy innan samskaping, innovasjon og berekraft.

    Gjennom prosjektarbeid med reelle problemstillingar og ulike praktiske øvingar i tverrfaglege grupper får du utforske dilemma, barrierar og moglegheiter som kan oppstå i arbeid med samskaping, innovasjon og berekraftig utvikling. Det vil og være prosjektarbeid og eigenstudiar mellom samlingane. 

    Emnet har ei forventa total arbeidsmengde på om lag 390-450 timar inkludert eigenstudiar, gruppeprosjektarbeid og undervisning.

    Dato for samlingar

    Tider for undervisning i studieåret 2026/2027
    Informasjonsøkt om emne: Digitalt. Veke 40: Tysdag 29.9.26 kl. 09:00-10:00

    Samling nr. 1: Fysisk i Sogndal. Veke 44: Tysdag 27.10.26 kl. 10:00-16:00 og onsdag 28.10.26 kl. 09:00-15:00
    Samling nr. 2: Digital. Veke 48: Tysdag 24.11.26 kl. 09:00-11:00 og onsdag 25.11.26 kl. 09:00-11:00
    Samling nr. 3: Digital. Veke 3: Tysdag 19.1.27 kl. 09:00-11:00 og onsdag 20.1.27 kl. 09:00-11:00
    Samling nr. 4: Fysisk i Sogndal. Veke 6: Tysdag 9.2.27 kl. 10:00-16:00 og onsdag 10.2.27 kl. 09:00-15:00
    Samling nr. 5: Digital. Veke 11: Tysdag 16.3.27 kl. 12:00-14:00 og onsdag 17.3.27 kl. 12:00-14:00
    Samling nr. 6: Fysisk i Sogndal: Veke 15: Tysdag 13.4.27 kl. 10:00-16:00 og onsdag 14.4.27 kl. 09:00-15:00

    Tilrådde forkunnskapar

    Emnet passar best for studentar på masternivå eller siste års bachelor.

    Pensum

    Holden E. & Linnerud K. Bærekraftig utvikling en idè om rettferdighet. Universitetsforlaget 2021. 
    Brattli H. m.fl. Design Thinking på norsk. Cappelen Damm akademisk. 2023. Willumsem og Ødegård. Samskaping.
    Sosial innovasjon for helse og velferd. Univeritetsforlaget. 2020.

    I tillegg mottek du informasjon om artiklar og kompendium som høyrer til pensum når kurset startar.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs