
I full gang med å gi forsking til folket
Lurer du på korleis det var å vekse opp i middelalderen? Eller kva sopp som smaker godt?
Dette er noko av det forskarane våre formidlar under Forskingsdagane.
I år er oppvekst tema for Forskingsdagane, og mange av fagfolka ved HVL har vore i full gong med å formidle ulike aspekt av kva det vil seie å vekse opp i Noreg i dag. Men dei har også vore innom ei heil rekkje andre tema i mangfaldet av arrangement som går føre seg på campusane og utanom.
Oppvekst i middelalderen, antikken og no
Kring 300 personar var innom Forskingstorget på storsenteret Sogningen i Sogndal i helga, der forskarar frå både HVL og Vestlandsforsking var med. Der fekk små og store høve til å utforske og høyre om korleis naturen og samfunnet var før, no og i framtida. Katrine Aadland og Tom Wergeland frå HVL hadde stand om fysisk aktivitet blant barn no til dags, Marthe Gjerde viste korleis ein kan finne ut om fortida ved å grave i og analysere sedimentkjerner, og Pål Berg Svenungsen fortalde og viste korleis det var å vekse opp i middelalderen og antikken. Det var dessutan quiz, diverse puslespel og hjerneaktivitetar for barn.
Også i Førde var det aktivitet i helga – på Sogn og Fjordane Kunstmuseum blei det arrangert opplysningsdag om hukommelsessvikt og demens. Blant deltakarane frå HVL var Toril Marie Terum og Toril Midtbø. Personar og pårørande råka av demens snakka om korleis det var, og samhandling i møte med demente personar var eit sentralt tema.
Fredag blei det arrangert ein serie med føredrag på sjukehuset og Campus Førde, i samarbeid med Helse Førde. Tema var mellom anna fysisk aktivitet i skulen, vald i nære relasjonar, menns psykiske helse og kulturretta helsearbeid blant eldre. Blant dei som deltok frå HVL var Geir Kåre Resaland, John Roger Andersen, Kjersti Alsaker, Kirsten Flaten, Runar Tengel Hvoland, Anne-Margrethe Hjertenes, Anne Marie Sandvoll og Aud Berit Fossøy.
Kva er normalt? Det meste!
Kva kjenneteiknar dagens ungdomsgenerasjon? Dette spørsmålet har Irina Pavlolva stilt seg, og fått med seg studentar frå ungdomssosiologi ved Campus Sogndal for å svare på det. Saman har dei laga ei utstilling med bilde som dei meiner seier noko om ungdomstida deira. Utstillinga er å sjå i området utanfor høgskulebiblioteket i Sogndal.
Inger Auestad og Eli Anine Heiberg tok med seg 26 personar på sopptur i skogen bak industrifeltet på Kaupanger, ein artsrik og spesiell kalkskog der det finst mange sjeldne soppartar. Ung botanikar Sogn var medarrangør, og Amanda Andersen var med frå dei. Fangsten var rikeleg for alle deltakarar.
Fredag heldt Kirsten Flaten og Torkjell Sollesnes bokslepp – begge lanserte fagbøker på Cappelen Damm forlag. Flatens bok har tittelen «Et helt vanlig barn», og handlar at det er heilt vanleg å vere litt uvanleg – difor må dei vaksne ikkje stresse over det, men la barn utfalde seg på sine ulike vis. Boka til Sollesnes har tittelen «Vellykket arbeid med vanskelig adferd». Han presenterer den også på bokkafé i høgskulebiblioteket i Sogndal 25. september.
Smarte ting og sjuke bamsar
Dei neste dagane er det råd å bli betre kjent med arbeidet til forskarane Siv Førde og Marcin Fojcik. Fojcik snakkar om «The internet of things» - alle duppedittane dine heime som blir kopla opp til internett. Kva gjer dette med oss, når tinga våre veit alt muleg om oss? Siv Førde er spesielt oppteken av situasjonen til innvandrarbarn, og held føredrag for Førde Senioruniversitet med tittelen «Det trengs ein landsby for å oppdra eit barn».
Korleis funkar det å bruke ein forskar som DJ? Det får vi sjå på fredag 28. september, for då blir det forskingsfest på Meieriet i Sogndal. Det blir tapas (også veganske), og fleire forskarar ved HVL fortel om forskinga si og speler musikk som passar til den: Inger Auestad, Karin Street, August Wierling, Valeria Jana Schwanitz, Lillian Bruland Selseng, Lars Leer, Thorben Dunser og Deta Gasser.
Siste arrangement blir Forskingstorget på Skywalken i Førde laurdag 29. september. Der kan vaksne teste om dei kan matsje nivået til 10. klassingar på internett. Det er også muleg å oppdatere seg på førstehjelp, lage DNA-kodar med seigmenn og ta med sjuke bamsar som treng helsehjelp – mellom anna.