Feira 23 doktorar

Det var duka for musikk, talar og høgtideleg stemning då Høgskulen på Vestlandet sin fjerde doktorpromosjon gjekk av stabelen i Mimes Brønn 25. september.

– Doktorar, eit vestland bada i haustsol ærar dykk! innleia rektor Gunnar Yttri ved starten av doktorpromosjonen.

– Med god framdrift kan Høgskulen på Vestlandet få universitetsstatus allereie seinhaustes 2026. Kjære doktorar, dykkar arbeid viser at det profesjons- og arbeidslivsretta Universitetet på Vestlandet allereie er i full utfalding, sa Yttri.

Rektor Gunnar Yttri helsa dei nyslåtte doktorane.

Dette er fjerde gong HVL arrangerer doktorpromosjon. Arrangementet blei òg strøymt.

Nye doktorar frå fire ulike ph.d.-program skulle feirast: fem frå Studiar av danning og didaktiske praksisar, fem frå Datateknologi: programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap, fire frå Ansvarleg innovasjon og regional utvikling og ni frå Helse, funksjon og deltaking.

Stor oppstandelse hos publikum når doktorprosesjonen kjem inn. Frå venstre: Camilla Stoltenberg, NORCE; prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal; prorektor for nyskaping og regional utvikling, Øyvind Midtbø Berge, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Vegard Fusche Moe; dekan ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Jens Kristian Fosse; dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Else Cathrine Lütcherath Rustad; ordførar i Bergen, Marit Warncke.

Viktig å løfte blikket

Hovudtalar for dagen var Camilla Stoltenberg, konsernsjef i NORCE. 

– Vi lever i ei spesiell tid, som er meir uføreseieleg. I denne tida veit vi at vitskap kan vere til hjelp, sa Stoltenberg.

Hovudtalar Camilla Stoltenberg bad doktorane løfte blikket etter avhandlinga.

Ho la vekt på at forsking har stått bak store sprang framover for menneskeheita. No er den frie forskinga truga fleire stader.

– Vi ser at institusjonar blir bygde ned og at det er den uavhengige forskinga, som blir driven både i næringsliv, etatar og forskingsinstitutt, universitet og høgskular, blir sett under press, ikkje berre i USA, men òg i andre land, sa ho.

I denne verdssituasjonen meiner ho det er viktig at forskinga viser tydeleg at den er viktig.

Her nyt HVL-leiinga og ordføraren eit musikalsk innslag.

– Vi treng forsking i vår tid. Vi treng den forståinga og støtta i samfunnet, og den må vera djupare og breiare. Det kan de bidra til! sa Stoltenberg.

– Vi treng å løfte blikket, ikkje berre for å sjå kva rolle vi kan spele i heil verda, men òg kva rolle vi kan spele for ei framtid som vi veit lite om.

Kenneth Chance-Larsen baud på både humor og alvor.

Vitsa om overspesialisering

Talen frå doktorane var det Kenneth Chance-Larsen som stod for. 

– Det er ei ære å vera her på Høgskulen på Vestlandet og feire det å vere nyslåtte ph.d.-ar, modige sjeler som valde å vite meir og meir om mindre og mindre, til vi til sist visste alt om nesten ingenting, spøkte han.

– Nokre av oss er drivne av nyikne, andre av informasjonar, andre av ønsket om å gjere verda meir informert, og nokre av oss er berre veldig glade i referanselister.

Prorektor for forsking, Christine Øye, var konferansier for anledninga.

Chance-Larsen åtvara likevel om farane med spesialisering som går på kostnad av breiddekunnskap. For å motverka det hadde han denne oppfordringa til sine meddoktorar:

– Vi må vere nyfikne, audmjuke og hugsa at verda er større enn avhandlinga. Kunnskap er ikkje ei festning, men ei bru, sa Chance-Larsen.

Ein fryd for øyret

Frå start til slutt baud doktorpromosjonen på mange gode musikkinnslag. Den høgtidelege seansen blei innleia av Johanne Løkensgard Mjøs, som spelte ein inngangsprosesjon på hardingfele. 

Miss Wednesday baud på eigenkomponert musikk.

Seinare entra Miss Wednesday scenen, som spelte gitar og song den eigenkomponerte songen Summoning. Etter hovudtalar Camilla Stoltenberg venta atter eit fagert innslag, denne gongen av Annlaug Børsheim og Pedro Carmona-Alvarez. Børheim har tonesett diktet Eg skriv i dine spor, ord av Hildegunn Dale.

Annlaug Børsheim og Pedro Carmona-Alvarez skapte sjelfull stemning i lokalet. 

Til sist baud bergensbandet Bare Folk på bergensk visesong med jazzpreg, før Johanne Løkensgard Mjøs kom tilbake på scena for å spele utgangsprosesjonen.

Bergensbandet Bare Folk blanda ulike stilartar i musikken sin.

Her kan du lese meir om forskinga til dei nye doktorane: