
Å vere saman om framtidas helse- og velferdstenester
– Vi har eit særleg godt utgangspunkt for å lukkast med vårt samfunnsmandat og våre ambisjonar, uttalte dekan Else Cathrine Rustad under den innhaldsrike fakultetssamlinga ved HVL i Bergen.
Programmet i årets fakultetssamling retta blikket utover mot utviklinga i helse- og velferdstenesten, samtidig som det peika på utdanninga og forskinga sin plass i denne utviklinga.
– I Norge har vi eit helsevesen og velferdstenester som i internasjonal sammenheng held særs høg kvalitet. Når menneske blir sjuke, når livet blir vanskeleg, eller når nokon treng støtte, fins det kompetente fagfolk og tenester som stiller opp, sa dekanen i sin opningstale.
Men ho påpeika samstundes at utviklinga i helse- og velferdsteenestene peikar i ei tydeleg retning.
– Befolkninga har eit aukande behov for helsetenester. Det er knappheit på personell og oppgåver flyttast mellom nivå i tenestene. Ny teknologi tas i bruk, men det er tidvis utfordrande å implementere i tenestene. Pasient- og brukarbehov blir meir samansette og samhandling mellom profesjonar og tenester blir stadig viktigare.
Vestlandet, EU og verda
Med 5600 studentar fordelt på fem campus og ei brei portefølje av profesjonsutdanningar, har fakultetet ein sentral posisjon i å forme morgondagens helse- og velferdstenester på Vestlandet.
Gjennom eit rikhaldig program blei tema som tenesteinnovasjon, samspel med helseføretaka og EU si betydning for kunnskapssektoren løfta fram i innlegg frå både interne og eksterne innleggshaldarar. Også utanforskap blant barn og unge, innsikt i arbeidet i Helsereformutvalet og den geopolitiske situasjonen stod på programmet.
Saman og på tvers
– Det er ein viktig ambisjon at vi skal bli enda meir samarbeidsorientert. Målet vårt er å være et universitetsfakultet som forskar og utdannar «saman med» helse- og velferdstjenestene. Samlokalisering mellom campus Førde, og Helse Førde, samt Helsecampus-satsinga i Haugesund er gode eksempel på initiativ som er med på å ta oss i rett retning, påpeika dekanen.
Ho la også vekt på at forskargrupper og fagmiljø tilknytta ulike utdanningsprosjekt som er organisert på tvers av akademia og praksisfelt, er gode utgangspunkt for vidare utvikling.
– Eg vil understreke at vi på veldig mange arenaer møter engasjerte samarbeidspartnarar som viser betydeleg interesse for vår verksemd og det vi held på med.
Bildeglimt frå samlinga

- Det er avgjerande at vi har sterke fagmiljø innan både forsking og utdanning. Når fagmiljøa våre utviklar ny kunnskap, styrkar det også kvaliteten i utdanningene våre, sa dekan Else Cathrine Rustad.

Rektor Gunnar Yttri opna samlinga. Han trakk mellom anna fram NOKUT sin rapport om HVL sitt kvalitetsarbeid.

Anne-Siri Fismen var programleiar på dag 1.

Audun Lysbakken er direktør for Vest-Norges Brusselkontor. Saman med Øyvind Midtbø Berge, prorektor for nyskaping og regional utvikling ved HVL tok dei praten om Høgskulen på Vestlandet sin plass i det internasjonale landskapet. – At det globale og del lokale heng saman, er enda meir sant enn før, sa Lysbakken.

Edith Lillian Roth Gjevjon, professor ved Lovisenberg diakonale høgskole og fagsjef i NSF. Ho er ein av medlemmene i utvalet som skal foreslå modellar for å sikre ei sammenhengande og bærekraftig offentleg helse- og omsorgsteneste. Utvalet skal levere sin rapport med anbefalingar innan 1. november 2026.

– Vi har stort behov for spesialistar i helsevesenet, men vi har også behov for at mange vel grunnutdanningar som bachelorutdanninga i sjukepleie, sa administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen. Han snakka også varmt om verdien av samarbeid og tverrfaglegheit.
– Eg spør alltid etter tverrfaglege team. Det er ein suksessfaktor.

Øyvind R. Kalsås sitt innlegg handla om sosial helse, eit felt som fortener større plass både i forsking og utdanning.

Kine Melfald Tveten hadde rekvisittar med på scenen då ho presenterte forskingsprosjektet MoveEarly.

Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap ved HVL. Han delte sine refleksjonar om geopolitiske tilhøva og tida vi lever i.
Pinar Heggenes, professor ved Universitetet i Bergen har tatt del i to rapportar som kom i 2025: Kompetansebehovsutvalget (NOU) og og UiB sitt posisjonsnotat «Økt digital kompetanse gjennom høyere utdanning». I sitt innlegg presenterte ho analysene frå desse rapportane.

– Å implementere nye praksisar er hardt arbeid, sa professor ved HVL, David Richards. Nyleg kom andre utgåve av Complex Interventions in Health: An overview of research methods ut. Richards er redaktør for den populære læreboka saman med medredaktørar frå Sverige, Tyskland og Canada. I sitt innlegg gav han interessante innblikk i sentrale delar av boka om forskingsmetodar i helse.

Professor Christian Moltu hadde to innlegg under samlinga. – Vi treng kunnskap av høg kvalitet, men vi må også flytte kunnskap over på arenaer der dei kan få vingar.

Marjolein Memelink Iversen. prorektor for forsking i fakultetet, presenterte hovudtrekk frå forskingsaktiviteten. – Vi har sterke profesjonsnære forskingsmiljø og aukande publiseringsaktivitet. Framover skal vi mellom anna jobbe med auka internasjonalt samarbeid og bygging av ein sterk forskingskultur, sa ho.

Korleis skaper ein eit godt samspel der både forsking og utdanning for den plassen den fortener? Dette var eit sentralt spørsmål i Frode Thuen sin parterapisamtale med Eireen Finden, Roger Ekeberg Henriksen og Katrine Aasekjær.