Eit steg vidare i utforskinga av kunstig intelligens

Kunstig intelligens påverkar korleis vi lærer, forskar og samarbeider. Årets HVL-konferanse gav innblikk i nokre av måtane dette skjer på ved høgskulen i dag.

– Bruken av kunstig intelligens blant studentar får store konsekvensar for høgare utdanning. Her har vi som institusjon eit stort ansvar for å lære studentane å bruke KI på ein måte som fremjar læring og kritisk tenking, sa Anne-Grethe Naustdal ved opninga av årets HVL-konferanse.

Prorektoren for utdanning ved HVL la vekt på verdien og krafta i verktøya, men også korleis vi kan integrere KI som ein naturleg del av kvardagen for både studentar og tilsette.

Anne-Grethe Naustdal og Andrea Grutle sette startskotet for HVL-konferansen 2025. 

Utfordrar grensene for læring

I programmet leia av studenttingsleiar Andrea Grutle, fekk vi innblikk i bruk av kunstig intelligens i utdanning. I sitt innlegg la universitetspedagog Glenn Øvrevik Kjerland vekt på at vi i Noreg har etablert eit utdanningssystem der grensene som skal fange studentane si læring, er synlege og godt organiserte.

– Ettersom modellane genererer informasjon basert på sannsynlegheit og ikkje forheld seg til etablerte fakta eller læringsmiljøa sine grenser, kan informasjonen som blir generert utfordre dei gjeldande grensene i heile utdanningssystemet. Språkmodellane gir oss med andre ord eit informasjonsproblem, påpeikar han.


Glenn Øvrevik Kjerland fekk tildelt status som merittert undervisar ved HVL i 2022. Under konferansen snakka han om læring og kunstig intelligens. 

Ifølgje Kjerland kan dei enorme mengdene med informasjon gi studentane kognitiv overbelastning, i tillegg til at ein blir usikker på kva som er sant eller falsk. Det er også vanskeleg for studentar som går inn i eit nytt felt å vurdere verdien av informasjonen som blir generert.

– Ein alvorleg konsekvens er også at lett tilgang til raske løysingar kan fremje overflatisk læring og manglande refleksjon.

Kva er så løysinga? Universitetspedagogen meiner nøkkelen ligg i å få studentane si læring med språkmodellar til å fungere innanfor dei naturlege læringsmiljøa.

– Vi må bygge lokalt tilpassa variantar av modellane ved å ta i bruk tilpassingsmoglegheitene som allereie finst i teknologien.

I opptaket frå konferansen kan du høyre Kjerland forklare korleis ein kan gjere det. (00:44)

Brukar kunstig intelligens i gruppearbeid

Kristine Ludvigsen frå Avdeling for utvikling av læring og undervisning hadde ein fin bolk saman med Roy Martin Pettersen som er branningeniør-student og med i Arbeidsutvalet ved HVL.

Dei presenterte resultata av dei to undersøkingane som er gjennomført om HVL-studentar sin bruk av kunstig intelligens. Til saman har det kome inn 4300 svar.

– År for år ser vi ein auke i bruken av kunstig intelligens blant studentane. Samtidig viser resultata store skilnader mellom fakulteta. Studentar ved FTMS brukar KI mest, medan FHS brukar minst.

Mange studentar har også delt sine refleksjonar i fritekstsvar.

– Eit interessant funn i den nyaste undersøkinga er at stadig fleire studentar brukar kunstig intelligens i gruppearbeid.

Roy Martin A. S. Pettersen hadde også ein eigen bolk om studentar sin bruk av KI. Han fortale mellom anna korleis sjukepleiarstudentar har brukt rim for å hugse omgrep i pensum. I tillegg fortalte han om korleis han og medstudentane har bruk KI til å lage ein eigenberedskapsguide – steg for steg.


KI er kanskje kunnskapens sukker, meinte Roy Martin A. S. Pettersen og Kristine Ludvigsen under sin presentasjon av studentar sin bruk av KI. 

KI-forsking som løyser behova i den maritime næringa

Ein sentral del av programmet var å vise fram nokre av HVL sine satsingar på bruk av kunstig intelligens i forsking og samarbeid.

Leiar ved Senter for sjøsikkerhet ved HVL, Liv Reidun Grimstvedt presenterte søknaden til det maritime KI-senteret ved HVL (MAR AI).

Forskingsrådet si utlysing om maritimt forskningssenter for kunstig intelligens har ei ramme på opp til 100 millionar kroner.

I søknaden som har fått namnet MAR AI, har Norce, HVL, NHH, Universitetet i Bergen og Maritimt forum gått saman, i tillegg til eit stort tal av samarbeidspartnarar frå næringslivet.

– Vi har brukt mykje tid på intervju med aktørar i den maritime næringa for å høyre kva utfordringar dei treng hjelp til å løyse. Gjennom eit slikt senter kan vi bidra med forsking som den maritime næringa har behov for, påpeika ho.

Særleg tre forskarar ved HVL har ansvar i søknaden i tillegg til Grimstvedt. Der er professor i nautiske operasjonar Margareta Holtensdotter Lützhöft, førsteamanuensis ved Handelshøgskulen HVL Simon Norheim Colclough og professor ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag Lars Michael Kristensen.

Eit senter for kunstig intelligens i maritim sektor vil kunne auke konkurransekrafta og verdiskapinga i den martime næringa. Liv Reidun Grimstvedt er primus motor for HVL sin del av søknaden til senteret MAR AI. 

Kunst, kreativitet og kunstig intelligens

Den andre søknaden som blei presentert under konferansen, er knytt til Forskningsrådet si utlysing som har fått namnet «KI-milliarden». 

Det er Institutt for kunstfag ved HVL, som er med i søknaden til senteret MishMash - Centre for AI and Creativity, leia av Universitetet i Oslo. I tillegg er også dei andre høgare utdanningsinstitusjonane som tilbyr kunstfaglege utdanningar, samt mange aktørar innan kulturlivet i Noreg.

– Senteret skal utforske samspelet mellom menneske, maskin, kunst og vitskap. Målet er å skape, utforske og reflektere, forklarte førsteamanuensis Tine Grieg Viig.

Førsteamanuensis Tine Grieg Viig hadde to innlegg under årets konferanse. Dei eine handla om KI som musikalsk partner, medan det andre handla om søknaden til forskingsenteret MishMash. 

Administrativ bruk av KI

Undersøkingar viser at offentleg sektor i liten grad brukar kunstig intelligens i oppgåver og tenester. Blant prosjekta som er satt i gang, er det mange av prosjekta som blir ståande fast på utprøvingsstadiet.

– Vi står midt i eit teknologiskifte. Det gjeld ikkje berre det som skjer i undervisninga, men i alle høgaste grad også innan for administrasjonen. Det er fordi det kan frigjere tid, forenkle prosessar, gjere tenestene våre meir presise og brukarvennlege, uttalte Ivar Rosenberg i Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering. 


Ivar Rosenberg leiar gruppa som jobbar med bruk av KI i administrasjonen ved HVL. 

Rosenberg peika i sitt innlegg på utfordringane knytt til auka bruk av kunstig intelligens i dei administrative tenestene. Mellom anna la han vekt på tryggleik, personvern og kompetansebygging. 

– Vi må sjå moglegheitene, vere bevisst på begrensningane og bygge felles praksisar. No jobbar vi med å utvikle og skreddarsy ein språkmodell som er tilpassa behova i vår organisasjon, sa Rosenberg.

Høyr heile innlegget til Rosenberg (2:13)

Klok digitalisering

Konferansen vart avslutta med ein paneldebatt leia av rektor Gunnar Yttri. Panelet bestod av Aurora Victoria Farkas frå Arbeidsutvalet i Studenttinget, universitetspedagog Glenn Øvrevik Kjerland, Wiggo Hustad, avdelingsleiar i Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering og Monica Wammen Nordtvedt, prodekan for samhandling ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

– HVL-konferansen 2025 handlar om å vise fram ein del av arbeidet som foregår. Det handlar også om realisere vårt samfunnsmandat og våre mål som ein høgare utdanningsinstitusjon på veg til å bli unversitet. Målsetjingane er ikkje forandra, men med eit så revolusjonerande teknologiskifte, forandrar ein del av premissane seg, påpeika rektor. 

Rektor trakk også fram omgrepet klok digitalisering.

– Fleire av innlegga i dag har vist oss korleis vi kan drive klok digitalisering. Korleis vi kan ta opp og halde fast ved jakta på vitskapleg basert kunnskap, få fram dei beste praksisane og samtidig jobbe meir effektivt, avslutta Gunnar Yttri. 

Alle foto: Mauricio Pavez og Tora Andersen/HVL

Om HVL-konferansen