Ansvarleg innovasjon

Innovasjon omfattar langt meir enn teknologi. Kva gjer at nokre geografiske område taklar samfunnsmessige utfordringar betre enn andre? Korleis sikre overgangen til grøn energi i Europa? Og korleis lage best moglege helse- og omsorgstenester til dei eldre? Dette er blant spørsmåla vi forskar på.

Utvalde forskingsmiljø og forskarar

bilde av Lars Martel Antoine Coenen

Lars Martel Antoine Coenen

Eg forskar på ansvarleg innovasjon og berekraftig omstilling ut ifrå ein geografisk innfallsvinkel. Kva gjer at nokre plassar briljerer eller sakkar akterut når det gjeld å takle store samfunnsmessige utfordringar, slik som klimaendringar eller sosiale skiller? I arbeidet mitt har eg utvikla og teke i bruk ulike teoretiske perspektiv frå mange ulike fagretningar, og kryssa skiljelinjene mellom forsking, politikk og praksis.

bilde av Jill Merethe Loga

Jill Merethe Loga

Eg er statsvitar som i mange år har forska på sivilt engasjement og frivillig sektor. I dei seinare åra har eg også forska på sosialt entreprenørskap og nye samhandlingsformer mellom stat og sivilsamfunn.

bilde av Valeria Jana Schwanitz

Valeria Jana Schwanitz

Eg er utdanna energiøkonom med lang erfaring innan modellering av energisystem. Eg jobbar også med empirisk analyse av dynamikken mellom menneske og natur i samband med klimaendringar og berekraftig utvikling. For tida forskar eg mellom anna på overgangen til grøn energi i Europa.

bilde av Frode Fadnes Jacobsen

Frode Fadnes Jacobsen

Eg er ein antropolog og sykepleiar som i mange år har forska på forholdet mellom kultur, helsesøkande åtferd og helsesystem i ulike land i og utanfor Europa. Dei siste 15 åra har forskinga mi særlig vore knytt til helse- og omsorgstenester til eldre, både i eit nasjonalt og internasjonalt komparativt perspektiv.

Er du på utkikk etter ein forskar? Finn ein forskar ved HVL! >