Fleirkultur og interkulturell kommunikasjon i utdanningssystemet  (FLEKS) 

Forskargruppa er tverrfagleg og tek utgangspunkt i sosial berekraft.

Forskargruppa er tverrfagleg og tek utgangspunkt i sosial berekraft. Fokusområde er mellom anna barn og vaksne med minoritetsspråkleg bakgrunn og deira kvardag i barnehage, skule og høgare utdanning.

Forskingsprosjekt

Barnehagen som inkluderingsarena for flyktningar

Barnehageleiinga sitt arbeid med fleirkulturell kompetanseheving: Barnehagen som inkluderingsarena for flyktningar (doktorgradsprosjekt) 

Anne Grethe Sønsthagen 

Formålet med denne studien er å undersøke korleis barnehagen kan fungere som ein inkluderingsarena for flyktningar gjennom leiinga sitt arbeid med fleirkulturell kompetanseheving.

Studien er kvalitativ og ei rekke datainnsamlingsmetodar er nytta med sikte på å få ei heilskapleg innsikt i barnehagen sitt arbeid med fleirkulturell kompetanseheving og foreldresamarbeid med foreldre med flyktningbakgrunn. Se meir i Cristin. 

Studentmobilitet i Afrika

Lærarstudentar sineinterkulturelle kommunikasjonsferdighetergjennom faget "Utdanning og bærekraft". 

Monica Vattedal Helgesen og Ane Bergersen 

Forskingsprosjektet undersøker lærarstudentar si utvikling av interkulturell kompetanse i samanheng med kurset "Utdanning og berekraft" som inkluderer studieopphald i Tanzania og Zambia.

Den kvalitative studien ser på om det har skjedd ei transformativ læring ved at studentane har vore i ein afrikansk kontekst over ein periode i kombinasjon med teoriundervisning. Målet er ei auka bevisstheit rundt skilnadar i verbal og nonverbal kommunikasjon, der studentane kritisk vurderer sine eigne haldningar og verdiar i møte med andre kulturar. FN sine berekraftsmål, og spesielt mål nr 4, god utdanning, er knytt opp mot dette kurset.

Sjå meir i Cristin. 

 

Transformativ læring gjennom studentmobilitet frå Norge til Zambia og frå Zambia til Norge

Ane Bergersen and GisteredMuleya 

Forskingsprosjektet starta i 2009 og har følgt både norske studentar som har vore tre månader i Zambia og zambiske studentar som har vore 10 månader i Noreg. Alle studentane har hatt teori, praksis og prosjektarbeid gjennom faget Global Knowledge. Prosjektet har ført til mange publikasjonar med ny forsking med  fokus på transformativ læring.

Sjå Cristin for meir informasjon.  

Kva er ein god lærar? (Perspektiv frå zambiske lærarstudentar)

Zambiske lærarstudentar sine refleksjonar kring korleis og kva ein god  lærar er, og korleis deira kulturelle bakgrunnhar påverka deira val om å bli lærar.

Ane Bergersen, Samwangala, Milimo and FidelisMumba 

Prosjektet starta i Zambia i februar 2018 med spørjeskjema til 80 andre årsstudentar ved lærarutdanninga i Livingstone, Zambia. Vår empiri er intervju med 25 av dei same studentane november 2018 og nytt omarbeidd spørjeskjema til 120 nye studentar mars 2019. Fokus er korleis lærarstudentar omtalar den ideelle lærarrolla sett i frå eit kjønna og kulturelt perspektiv.

Presentasjonar frå prosjektet er meir skildra i Cristin a og b.

Faglig leiing og tverrkulturell kompetanse.

Ane Bergersen og Merete Nornes-Nymark 

Prosjektet starta sommaren 2016 med fokus på fagleg leiing og fleirkulturelt handlingspraksis i fire barnehagar på Vestlandet. Empiri samla inn i perioden 2016 – 2018 er kvalitative spørjeskjema frå alle tilsette, intervju med pedagogiske leiarar, minoritetsspråkleg personale og styrarane

Prosjektet rettar seg mot endringsleiing og kompetanseheving knytt til fleirkulturell praksis, der etisk verdirefleksjon og arbeid med etisk dilemma er verktøy undervegs. Vårt fokus er blant anna  «Korleis beskriv personalet fleirkulturell praksis i eigen barnehage?» sett frå både dei minoritetsspråklege tilsette sitt perspektiv, frå pedagogiske leiarar og styrarane.

Sjå Cristin for meir informasjon. 

Musikk som kulturell brubyggjar

Hans Mark Svedal.

Sjå meir i Cristin 

Polske mødrer sine samarbeidserfaringar med norske barnehagar

Sigrid Bøyum.

Sjå meir i Cristin. 

Forskingstema i gruppa  

  • Berekraftig utvikling, med særleg fokus på sosial berekraft.  
  • Fleirkulturelle perspektiv og interkulturell kompetanse i barnehage, skule og høgskule med fokus på ulikskap som ressurs.   
  • Leiing av kompetanseheving knytt til fleirkulturelle problemstillingar i barnehagen.   
  • Refleksjonar kring kontekstavhengige læringsformer.   
  • Internasjonalisering, studentutveksling og praksis i sør.  
  • Transformativ læring og tverrkulturell kompetanse gjennom studentmobilitet Norge – Zambia.  
  • Foreldresamarbeid i den fleirkulturelle barnehagen.  
  • Interkulturell kommunikasjon.  
  • Estetiske læringsprosessar i kulturell brubygging.  

Utvalde publikasjonar

2022

2021

2020

Early childcare as arenas of inclusion: the contribution of staff to recognising parents with refugee backgrounds as significant stakeholders (2020)
Sønsthagen, Anne Grethe, European Early Childhood Education Research Journal

‘Learning by talking?’ – The role of local line leadership in organisational learning (2020)
Sønsthagen, Anne Grethe;Glosvik, Øyvind, Forskning og Forandring

2019

2018

Sønsthagen, A. (2018) «Jeg savner barnet mitt». Møter mellom somaliske mødre og barnehagen NJCIE 2018, Vol. 2(1), 55-71 

Nettverk

  • Norsk nettverk for bærekraft og utdanning 
  • Nordplusnettverket Global & intercultural competence through practicum in the global south (GIPS)  
  • Nordic Network for Intercultural Communication (NIC) 

Samarbeidspartnarar

  • David Livingstone College of Education, (DALICE),  Zambia 
  • University of Zambia, School of Education, Department of Language and Social Sciences , Zambia 

Forskergruppas nettside i Cristin

Forskargruppeleiar