Studier innen berekraft

Berekraft er eit sentralt tema i mange av studieprogramma ved Høgskulen på Vestlandet. Vi tilbyr eit breitt spekter av studiar som utforskar berekraftige løysingar og fremjar samfunnsansvar. Her kan du bli kjent med et utvalg av våre studiar innanfor berekraft, der studentar er i front for å utvikle bærekraftige framtidsvisjonar. Uansett om du er interessert i teknologi, samfunnsvitskap eller innovasjon, vil du finne studiar som lar deg bidra til ei grøner og meir berekraftig verd. Utforsk våre tilbod og bli ein del av den grønne omstillinga!

Er du opptatt av gjenbruk og berekraftig utvikling? Vil du lære meir om produksjonsteknikk og bli produksjonsingeniør? Tar du ein ingeniørutdanning i berekraftig produksjon og sirkulærøkonomi lærer du korleis vi kan utvikle det samfunnet treng og samtidig ta omsyn til naturen.

Vil du bidra til Noregs energiframtid? Tar du ein utdanning i energiomstilling i kraftregionen Sogn kan du utforske samspillet mellom energiomstilling, samfunn og natur.

Vil du bidra til innovasjon og berekraft i samfunnet? Ønsker du kompetanse om korleis ein løser framtidens utfordringer? Er du kreativ og ønsker å utvikle egne løysingar? Ta ein master i ansvarleg innovasjon og entreprenørskap!

The world is facing difficult climate challenges, with more extreme weather, floods and rock or snow avalanches. The Master in Climate Change Management gives you sought-after and interdisciplinary competence in how we can achieve a sustainable transition and greener behaviour.

Er du interessert i sosial berekraft og sosialt arbeid, og ønskjer å jobbe med endringsarbeid og lokalsamfunnsutvikling? Master i sosialvitskap med studieretning samfunnsarbeid, er orientert mot og relevant for arbeid innan helse- og velferdsferdstenester, ideelle organisasjoner, lokalsamfunn og næringsliv.

Ønskjer du å lære meir om samskaping, innovasjon og berekraft, eller prosessleiing og tverrfagleg samarbeid? Treng du konkrete verktøy for å vurdere berekraft i prosjekt eller eigen verksemd? Då kan emnet Samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling vere noko for deg!

Arbeider du med arealplanlegging og har behov for meir kunnskap om klimatilpassing og korleis samfunnsmessige faktorar påverkar klimarisiko? I denne vidareutdanninga kombinerer vi kunnskap om klimatilpassing med praktisk oppgåver knytt til arealplanlegging.

Kva for pedagogisk potensiale ligg i friluftslivsaktivitetar i ulik natur? Gjennom ekskursjonar i den vakre Sunnhordlandsregionen, vil du i denne vidareutdanninga få kunnskap og erfaring med flora og fauna. Vidareutdanninga passar for deg som arbeider i skule, barnehage eller andre verksemder, der ein har fokus på undervising og opplæring av barn og unge ute i naturen.

Noreg riggar seg for fornybar vekst, og havvind kjem til å bli ein viktig del av framtidas energisystem. Dette vil berøre mange bransjar og tilknyttede næringar. Dette kurset er for deg som ønskjer ein brei innsikt i ulike aspekt av havvindindustrien.

Jobbar du innan offentleg eller privat sektor og er nysgjerrig på digitalisering, berekraft og innovasjon? Ønskjer du meir kunnskap om korleis digitalisering kan skape ei berekraftig utvikling? Da kan du ta vidareutdanning gjennom vårt modulbaserte deltidsstudium i Hallingdal.