Arbeid med kvalitet i etter- og vidareutdanning på fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
På denne sida finn du informasjon om arbeid med kvalitet i studieprogram og emne
Informasjon om studieprogramma
På denne siden kan du søke fram etter- og vidareutdanningstilbodet på fakultetet og finne studieplanen for det enkelte studium.
Sentrale funksjoner for kvalitet i etter- og vidareutdanningane
Studieprogramleiarar
Studieprogramleiaransvaret for etter- og vidaretudannignstilbodet på fakultetet er fordelt mellom:
- Osvald Lykkebø
- studieprogramleiar for etter- og vidareutdanningar på Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking (ISLMT), Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS) og porteføljen knytt til System for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skule
- Jonas Cisar Romme
- studieprogramleiar for kunstfag
- Matthew Peter Shaw
- studieprogramleiar for idrett, friluftsliv og folkehelse
Studieprogramleiar har overordna ansvar utdanningskvalitet i studieprogramma innanfor sitt område og sørgjer for at kvalitetsarbeidet er i tråd med HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane.
Leiarar med EVO-ansvar i institutta
I institutta på fakultetet har ulike assisterande instituttleiarar ansvar for kvalitet i etter- og vidareutdanningstilbodet. Saman med studieprogramleiarane har dei eit felles heilskapleg ansvar for kvalitet og utvikling av EVO-portefølja, og for å leie planlegging, studiegjennomføring og utvikling av tilboda på institutta. Døme på ansvar og oppgåver er godkjenning av emne og studieprogram,
dokumentasjon og utvikling av utdanningskvalitet og overordna ansvar for
læringsmiljø.
Assisterande instituttleiarar med ansvar etter- og vidareutdanning og oppdrag (EVO):
- Ingrid Leversen, institutt for idrett, kosthald og naturfag (IIKN)
- Guri Margrethe Giæver, institutt for kunstfag (IK)
- Kjetil Sønnesyn, instiutt for språk, litteratur, matematikk og tolking (ISLMT)
- Erik Bulie, instiutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS)
Administrativt utdanningsteam
Det administrative utdanningsteamet for etterutdanning, vidareutdanning og oppdrag (EVO-teamet), har saman eit felles ansvar for administrativ støtte til etter- og vidareutdanningane på fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Teamet består av fagansvarleg for etter- og vidareutdanning, EVO-rådgivar og studierettleiarar.
Fagansvarleg har det overordna koordineringsansvaret, er teamleiar og møter i prodekan for utdanning si leiargruppe.
Fagansvarleg og EVO-rådgivar er personalmessig knytt til Eining for nyskaping og regional utvikling, medan studierettleiarane rapporterer til studieadministrativ leiar i Eining for utdanning.
Studierettleiarane sine hovudoppgåver er knytt til rettleiing av studentar, kvalitetsarbeid og sakshandsaming. Studentane kan kontakte studierettleiar med spørsmål om studium, utdanningsplan, tilrettelegging, godkjenning av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, eller andre ikkje-faglege problemstillingar.
Fagansvarleg og EVO-rådgivar sine hovudoppgåver er knytt til utvikling og oppfølging av studieporteføljen i samarbeid med studieprogramleiarar og instiuttleiing, og utvikling av studietilbod i samarbeid med leiarar og fagmiljø.
Administrativt utdanningsteam:
- Lise Jamt Tønjum, fagansvarleg EVO
- Birthe Berven Dahle, EVO-rådgivar
- Jorunn Sætre Miljeteig, studierettleiar Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS)
- Kirsti Møller Bruland, studierettleiar Institutt for idrett, kosthald og naturfag (IIKN)
- Mona Straume Selstø, studierettleiar Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking (ISLMT)
Kvalitet i program og emne
Kvalitet i program og emne blir ivareteken gjennom:
- sluttevaluering etter siste undervisingsøkt i kvart emne. Evalueringane blir samla inn av administrativt EVO-team og er tilgjengelege for emneansvarlege i eit felles Sharepoint-område
- den årlege emneplanrevisjonen (EpN)
- periodiske evalueringer av studietilbod (retningslinjer for arbeidet er under utarbeiding i Avdeling for utdanningskvalitet på HVL)