Praksis i teiknspråk og tolking

På bachelor i teiknspråk og tolking skal du gjennomføre totalt 13 veker praksis i studiet. Av desse vekene er ei veke plassert i 1. studieår, fire veker i 2. studieår og åtte veker i 3. studieår. All praksis er obligatorisk.

Før praksisstart må du lese all informasjon på denne nettsida:

Tildeling av praksisplass

Du vil bli tildelt praksisplass av høgskulen og informert om dette via Canvas. Høgskulen gjer i hovudsak avtalar med praksisarenaer i Bergen og omegn, men dersom det ikkje er tilstrekkeleg med plassar kan praksis for nokon bli lagt andre stadar i landet. Studentar som får praksis med reiseveg lenger enn 1,5t vil få refundert bu- og reiseutgifter i samsvar med reglement for dette.  

Tidspunkt for praksis 2026 -2027

1. studieår

  • Ei veke opphald i teinkspråkleg miljø våren 2027. Planlegg veke 2 på Ål.

2. studieår

  • Observasjonspraksis (P2) veke 39 og veke 11
  • (Digitalt møte med praksisarena måndag 7.september kl 14:00  veke 37)
  • Ei veke praksis i teiknspråkleg (P1) miljø hausten 2026. Planlegg veke 44.
  • Praksis ved høgskulen i tolking for døvblinde (P3) i delar av veke 14 og 15.

3. studieår

  • Praksis på Eikholt kompetansesenter (P1) for døvblinde i veke 43.
  • 7 veker tolkepraksis (P2) fordelt på veke 44-46 og veke 4-7
  • (Digitalt møte med praksisarena måndag 7.spetember kl 14:00 veke 37).

Innhald og organisering av praksis

Praksis vil bli organisert både som observasjonspraksis og tolkepraksis. Studenten følgjer arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksisrettleiarane så langt det er mogleg, inkludert teamarbeid, ulike møte og anna fagleg aktivitet. Dersom det er ikkje er tilfredsstillende mengd oppdrag i praksisperioden har student og praksisrettleiar eit felles ansvar for å konstruere relevante øvingssituasjonar.

Då antall praksisplassar er begrensa, må studentane rekne med at praksisopphald kan bli lagt til heile landet. Det er ikkje høve til å gjennomføre praksis i institusjonar studenten er eller har vore tilsett i over lengre periodar, eller der praksisrettleiar har nære relasjonar til studenten.

I tillegg til ekstern praksis er det lagt opp til treningssituasjonar gjennom studiet, i undervisningstida, der studentane tolkar for kvarandre. For at teiknspråket skal automatiserast krev det at studentane sjølve tek initiativ til og er aktive i øvingar også utanom rettleia praksis.

Det forventast at studenten i løpet av praksisperiodane aukar sin kunnskap om og sine ferdigheiter i førebuing, gjennomføring og etterarbeid knytt til ulike oppdrag.

Oppgåver knytt til praksis

I observasjonspraksis 2.studieår og tolkepraksis 3.studieår skal du før kvar praksisperiode levere eit praksisnotat om forventningar og læremål til praksisrettleiar.

Du skal også skrive ei individuell oppgåve som er ein føresetnad for å ta eksamen. Dette gjerast etter første praksisveke 2.studieår og etter avslutta vårpraksis 3.studieår.

Rettleiing i praksis

All praksis i studiet skal være rettleia. Studenten har krav på gjennomsnittleg 1 time rettleiing per dag. Dersom to studentar er saman i rettleiingssamtalane aukast den totale ressursen til 1,5 time. Studenten skal ha individuell rettleiing i starten (gjennomgang av forventninger) og slutten (med vurdering av i kva grad studenten har oppnådd læringsmåla) av praksisperioden. Øvrig rettleiing organiserast etter behov, individuelt eller i gruppe.

Studentane skal ha rettleiing før og etter oppdrag i dei tilfelle det er mogleg. Rettleiing skal ha fokus på studentanes refleksjon, og være knytt til måla for kvar enkelt praksisperiode og sikre progresjon for kvar enkelt student. Praksisrettleiar har ansvar for at dette skjer, tilpassa slik at kvar enkelt student får god progresjon. Student skal stille førebudd til alle
rettleingssamtalar. Dette organiserast på best mogleg måte tilpassa studentane. Praksisrettleiar kan velgje å la rettleiingsøkta utgå dersom studentane ikkje stiller førebudd.

Vurdering av praksis

Vurdering av praksis 1.studieår:

Første studieår vert praksis gjennomført som ein obligatorisk læringsaktivitet i emnet TST114 Norsk Tegnspråk 2 og studenten skal levere skriftleg praksisrapport.

Gjennomføring av praksis føl reglane for obligatoriske læringsaktivitetar:

  • Praksis skal vurderast som godkjent praksis/ikkje godkjent praksis.
  • Praksis må være godkjent før du kan ta eksamen i emnet.

Ved fare for ikkje godkjent praksis skal praksisrettleiar kontakte faglærar ved HVL så snart som mogeleg.

Vurdering av praksis 2. og 3.studieår:

Praksisemna 2. og 3.studieår skal vurderast som bestått eller ikkje bestått ut frå læringsutbytteformuleringane i dei to emneplanane for praksis.

Praksisrettleiar fyller ut vurderingsskjema og går gjennom det saman med studenten som får kopi av skjemaet.

Innlevering av vurderingsskjema skal gjerast av student i Wiseflow.

Vurderingsskjema TST - Nynorsk

Vurderingsskjema TST - Bokmål

Les meir om rutinar for praksisvurdering, varsel om fare for ikkje bestått og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her.

Dersom det oppstår tvil om studenten vil nå måla for læringsutbytta og bestå praksis skal praksisrettleiar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden.

Når studenten får praksis vurdert til ikkje bestått, er eitt forsøk brukt og heile praksisperioden må takast om att neste gong praksisperioden vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

 

Fråvær i praksis

Om du får fråvær i praksis, må du ta kontakt med praksisrettleiar på praksisstaden og faglærar ved HVL. I utgangspunktet skal du ta igjen fråvær i praksis. I nokre tilfelle, om du har praksis der du må bo borte, kan det vere unntak. Då er det viktig at du har god dialog med praksisrettleiar, faglærar og praksiskoordinator for å gjere nødvendig avtale, sånn at praksisrettleiar får nok grunnlag til å vurdere praksisperioden.

I tillegg til å melde fråværet til praksisrettleiar og faglærar, skal du registrere fråværet via skjema for fråvær i praksis ved FLKI.

 

Ansvarsforhold i praksisopplæringa

Student

Studenten skal:

  • ta aktivt tak i eigen læring og bygge profesjonskompetanse i positivt samarbeid med andre aktørar
  • følge arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksisrettleiarane, inkludert deltaking i møte der det er hensiktsmessig
  • gjennomføre ulike oppgåver under rettleiing
  • delta i førebuing og etterarbeid på høgskulen, inkludert møte- og seminarverksemd
  • bidra i rettleiing, både individuelle og eventuelle grupperettleiing
  • stille førebudd til alle rettleingssamtalar. Dette organiserast på best mogleg måte tilpassa studentane. Praksisrettleiar kan velgje å la rettleiingsøkta utgå dersom studentane stiller uførebudd.
  • innfri arbeidskrava

Praksisrettleiar

Praksisrettleiar skal:

  • informere studenten om relevante forhold ved praksisstaden
  • legge til rette for at studentane får rettleiing før og etter oppdrag i dei tilfeller det er mogleg
  • planlegge innhaldet i rettleiingssamtalane saman med studenten
  • sørge for at studenten får rettleiing knytt til vurderingskriteriane i aktuell emneplan for kvar enkelt praksisperiode
  • i praksisperiodar med forenkla vurdering (observasjonspraksis 2. studieår/Eikholt/praksis i ledsaging for døvblinde) sette karakter bestått eller ikkje bestått. Gje munnleg grunngjeving for karakteren ved bestått. Ved ikkje bestått skal grunngjevinga vere skriftleg.
  • i praksisperiodar med grunngjeven vurdering (tolkepraksis 3.studieår) sette karakter bestått eller ikkje bestått og gje skriftleg grunnsgjeving for karakteren

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen har ansvar for å gi studentane solid fagleg bakgrunn og sørge for nært samspel med profesjonsfeltet.

Praksisansvarleg ved utdanninga skal:

  • samarbeide tett med praksisrettleiar om rettleiing og vurdering av studentane
  • halde kontakt med praksisstadane for å utvikle samarbeid og god kommunikasjon om praksisopplæringa
  • delta i planlegging av praksisperioden saman med praksisadministrasjonen og studieprogramansvarleg ved høgskulen

Faglærar skal:

  • legge til rette for at fagundervisning er yrkes- og praksisrelevant
  • delta i delar av, og følgje opp studentene i praksisstudiet
  • delta i rettleiing og vurdering av studentar i praksis

Studieprogramansvarlig på HVL skal:

  • ha fagleg og administrativt ansvar for utdanninga og skal sjå til at regelverk og avtalar blir fulgt.

Praksisadministrasjonen (praksiskoordinator) skal:

  • organisere og tilrettelegge praksisopplæringa
  • informere om praksisopplæringa i samarbeid med praksisansvarleg ved utdanninga
  • skaffe og fordele praksisplassar
  • organisere utsett praksis ved gyldig fråvær og ny praksis i forbindelse med ikkje bestått praksis

Evaluering etter praksis

Etter praksis skal du gjennomføre ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om organisering av praksis, ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Har du spørsmål om fagleg innhald i praksis, tek du kontakt med Gro Hege Saltnes Urdal.

For praksisarena

Via praksisportalen kan de registrere praksiskapasitet, sjå studentar de er tildelt og laste opp dokument. Det kan kun vere ein brukar per arena.

Dette må alle kjenne til: