Kunnskapsbasert praksis i helsefag

Master

Dagens helseteneste krev at helsepersonell held seg fagleg oppdatert, brukar kunnskapsbaserte retningslinjer og er seg kritiske til eigen praksis.

Studiet blir normalt tilbyde annakvart år, og neste opptak blir i 2017.

Dagens helseteneste krev at helsepersonell held seg fagleg oppdatert, brukar kunnskapsbaserte retningslinjer og er seg kritiske til eigen praksis.

I dagens helsevesen blir det forventa at helsearbeidaren si yrkesutøving skal basere seg på kunnskapsbasert praksis. Essensen i kunnskapsbasert praksis er å kombinere klinisk erfaring og ekspertise med beste tilgjengeleg kunnskap frå forsking.

I løpet av dette studiet får du vidareutvikle den fagspesifikke kompetansen din i eit tverrfagleg akademisk miljø. Du lærer å bruke forskingsbasert kunnskap, og å vere pådrivar for fagutvikling på arbeidsplassen din.

Målgruppa for mastergradstudiet er helsearbeidarar med bachelorgrad eller tilsvarande. Kandidatar med annan relevant utdanning kan også søke, og vil bli vurdert individuelt.

Studiet inneheld seks emne. Alle emna er på 15 studiepoeng, bortsett frå masteroppgåva som utgjer 45 studiepoeng.

  • Søkje etter og kristisk vurdera forsking
  • Implementering I: Anvende forsking, kartleggje og evaluere praksis
  • Vitskapsteori og metode
  • Implementering II: Integrere forsking , profesjons- og brukarkunnskap
  • Prosjektplan og metodefordjuping
  • Masteroppgåve

Vitskapsteori og metode kan erstattast med tilsvarande kurs på masternivå ved anna utdanning/ studiestad.

Kunnskapsbasert praksis - Implementering II, kan erstattast med vidareutdanning eller relevant emne på masternivå frå anna utdanning/ studiestad. Det må søkast administrasjonen til masterstudiet om å få godkjent innpass av anna utdanning, og søknaden blir vurdert individuelt.

Temaet for mastergradsoppgåva kan vere knytt til pågåande forsking ved Senter for kunnskapsbasert praksis og samarbeidspartnarar. Studenten kan også velje andre tema for mastergradsoppgåver, men dette må drøftast med dei ansvarlege for mastergradprogrammet.

Undervisningsmåtar

Arbeidsformene er samlingsbasert og nettbasert undervisning, seminar, gruppearbeid på samlingar og via internett og rettleiing av skriftleg arbeid. Studentar blir også inviterte til å delta på relevante fagseminar utanom oppsett undervisningstid.

Grunnpilarane for arbeidsformene er studiediskusjonar, fagkritisk verksemd, utarbeiding av målsetjingar, læringskontraktar, vurderingsformer og vurderingskriterium i samarbeid mellom studentar og lærarar. Vi brukar itlearning som studiestøttesystem.

Høgskulen på Vestlandet samarbeider internasjonalt. Noko av undervisninga vil bli gitt av internasjonale kapasitetar på området, og vil difor vere på engelsk. Du må også rekne med at nokre av oppgåvene må skrivast på engelsk.

Kva kan du jobbe med?

Mastergrad i kunnskapsbasert praksis gjer deg kvalifisert til å arbeide med leiing, utviklingsarbeid, undervisning og formidling i helsesektoren.

Med denne mastergraden vil du få allsidige kunnskapar innan forskingsmetode, forsking og vitskapleg tenking.

Kva blir du kvalifisert for?

Utdanninga gir deg kompetanse til å vidareutvikle fagfeltet ditt, og til å bidra til utviklings- og endringsprosessar i klinisk praksis. Du vil også lære å evaluere gjeldande praksis.

Studiet kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.

Vil du studere meir?

Studiet kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.

Timeplan

Samlingar høsten 2017:

2017-kullet: fra 29. august til 1. september og fra 6. til 9. november

2015-kullet: fra 23. til 24. august og fra 23. til 25. oktober

Kor kan du reise?