Kunnskapsbasert praksis i helsefag

Master, hausten 2018

Er du helsearbeidar og vil utvikle din fagkompetanse? Ein master i kunnskapsbasert praksis gjer deg kunnskapen du treng for å vere pådrivar for fagutvikling på arbeidsplassen din.

Studiet blir normalt tilbyde annakvart år, og neste opptak blir i 2019.

Samfunnet har behov for godt utdanna helsepersonell med evne til å identifisere relevante spørsmål og bruke vitskapelege metodar og tenkjemåtar for å løyse problem og vurdere haldbarheitene av informasjon.

Målgruppa for mastergradstudiet er helsearbeidarar med bachelorgrad eller tilsvarande. Kandidatar med annan relevant utdanning kan også søke, og vil bli vurdert individuelt.

Undervisningsmåtar

Arbeidsformene er samlingsbasert og nettbasert undervisning, seminar, gruppearbeid på samlingar og via internett og rettleiing av skriftleg arbeid. Studentar blir også inviterte til å delta på relevante fagseminar utanom oppsett undervisningstid.

Høgskulen på Vestlandet samarbeider internasjonalt. Noko av undervisninga vil bli gitt av internasjonale kapasitetar på området, og vil difor vere på engelsk. Du må også rekne med at nokre av oppgåvene må skrivast på engelsk.

Kva kan du jobbe med?

Mastergrad i kunnskapsbasert praksis gjer deg kvalifisert til å arbeide med leiing, utviklingsarbeid, undervisning og formidling i helsesektoren.

Med denne mastergraden vil du få allsidige kunnskapar innan forskingsmetode, forsking og vitskapleg tenking.

Kva blir du kvalifisert for?

Utdanninga gir deg kompetanse til å vidareutvikle fagfeltet ditt, og til å bidra til utviklings- og endringsprosessar i klinisk praksis. Du vil også lære å evaluere gjeldande praksis.

Studiet kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.

Kor kan du reise?