Smilene kvinne foran serverskap.

Elektroingeniør

Bachelor

Vil du utvikle teknologi som formar framtida? Som elektroingeniør kan du jobbe med alt frå store generatorar i kraftverk, robotar og kretskort til nettverksteknologiar i framtidas Internett.

Bergen, Haugesund eller Førde

Kvifor bli elektroingeniør?

Elektroteknologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman.

Elektroingeniør kan du studere i Bergen, Haugesund eller Førde

Velg spesialiseringa som passar deg

Studerer du til å bli elektroingeniør kan du velgje mellom fire spesialiseringar: Elkraftteknikk (Bergen og Førde), automatisering med robotikk (Bergen, Førde og Haugesund), elektronikk (Bergen), og cyberfysisk nettverksteknologi (Bergen).

Det første studieåret er felles for dei fire retningane og du kan bruke det første året til å bestemme deg for spesialisering. Alle spesialiseringane vil starte opp og du kjem inn på spesialiseringa du vel. Ønskjer du å byte campus i løpet av studiet kan du søke om overflytting, dersom du kom inn via Samordna opptak.

Automatisering med robotikk

Kvifor velge automatisering med robotikk? 

Ein automatiseringsingeniør jobbar med å gjere prosessar og system automatiske. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet i ulike delar av næringslivet.

Du lærer om: 

  • reguleringsteknikk
  • industriell IT
  • instrumentering
  • robotikk
  • PLS programmering

Etter flere år som elektriker følte Thomas behov for nye utfordringer. Løsningen ble studiet i automatisering med robotikk.

 

Kor kan du studere automatisering med robotikk?

Denne spesialiseringa kan du ta i Førde, Bergen og Haugesund. 

Cyberfysisk nettverksteknologi

Kvifor studere cyberfysisk nettverksteknologi?

Ein cyberingeniør jobbar med teknologiske utfordringar knytt til avanserte system som vert brukt i samfunnet, industrien og Forsvaret. Dette inkluderer mellom anna internett, mobilnett, og industrielle nettverk.

Du lærer om:

  • nettverksteknologi og datakommunikasjon
  • programmering (med vekt på programmering for nettverk og IoT)
  • design av kommunikasjonsløysingar for sensornettverk bedriftsnettverk
  • fysiske vilkår for overføring av data
  • sikring av data og tjenester i nettverk

Kor kan du studere cyberfysisk nettverksteknologi?

Spesialiseringa innan cyberfysisk nettverksteknologi kan du ta på campus Bergen.

Elektronikk

Kvifor studere elektronikk?

Elektronikkingeniøren har kunnskap om korleis elektronikk komponenter og elektronikksystem er bygd opp.

Du lærer konstruksjon av eletriske system:

  • Analog kretskonstruksjon
  • Digital kretskonstruksjon med VHDL i FPGA
  • SW-utvikling for mikrokontroller og PC

Nokre fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på kretskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte.

Kor kan du studere elektronikk?

Spesialiseringa innan elektronikk kan du ta på campus Bergen.

Elkraftteknikk

Kvifor studere elkraftteknikk?

Som elkraftingeniør bidrar du til at elektriske system fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.

Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.

Du lærer om:

  • energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
  • høgspenningsteknologi
  • elektriske maskiner og omformarar
  • kraftelektronikk
  • lavspenningsinstallasjonar

Kor kan du studere elkraftteknikk?

Denne spesialiseringa kan du ta i Førde og Bergen.

Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

Har du fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta elektroingeniør gjennom y-vegen. Her går du eit tilpassa løp og startar med matematikkurs i juni. Elektroingeniør gjennom y-vegen kan du ta ved campus Førde og Haugesund.   

Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Elektroingeniør gjennom TRES kan du ta ved campus Førde og Haugesund.   

Les meir om vegane inn til denne ingeniørutdanninga, ved å ta forkurs, realfagskurs, y-vegen eller tresemesterordning.

Har du fagskuleutdanning?

Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?

Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du utdanninga over 2 år.