Hopp til innhald

BØA116 Marknadsføring

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi studentane forståing for filosofien bak moderne marknadsføring og kjennskap til dei viktigaste verkemidla ein nyttar i marknadsføring. Gjennom teori og praktiske case-oppgåver vert kunnskapen utdjupa og praktisert. 

Innhald:

  • Marknadsføring som omgrep og fagområde
  • Kjøpsåtferd
  • Segmentering
  • Marknadskommunikasjon
  • Produkt og produktutvikling
  • Prispolitikk
  • Distribusjon
  • Marknadsplanlegging
  • Marknadsundersøking (metode)
  • Juridiske rammevilkår
  • Digital marknadsføring
  • Bærekraft
  • Internasjonal marknadsføring

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

  • brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar knytt til korleis organisasjonar;
    • planlegg, organiserer og kontrollerer sitt marknadstilbod
    • analyserer marknaden og forbrukaråtferda
    • finn målgrupper og posisjonera seg
    • kan tilpasse og nytte ulike konkurranseverkemiddel 
  • kunnskap om dagsaktuelle og gryande forsking og problemstillingar som er relevante for marknadsføringsfaget
  • kunnskap om marknadsføringsfaget sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere og drøfte praktiske problemstillingar i lys av teoriar og modellar i marknadsføringslitteraturen og ta grunngjevne val
  • kunne finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette i lys av ei problemstilling
  • kan beherske faglege verktøy og teknikkar

Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til kritisk refleksjon rundt bruk av teoriar og modellar for å meistre utfordringar som marknadsførarar står over for
  • kan formidle og drøfte marknadsføringsteori, -modellar og -analysar både skriftleg og munnleg
  • kan gjere sjølvstendige refleksjonar kring etiske, miljømessige og juridiske utfordringar knytt til sentrale problemstillingar innanfor marknadsføring
  • kjenner til nyskaping og innovasjonsprosessar frå eit marknadsføringsperspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid, diskusjonar og små case som skal løysast i forelesinga.

Obligatorisk læringsaktivitet

To arbeidskrav, der eitt er ei innleveringsoppgåve og det andre er i form av munnleg presentasjon eller deltaking på ei øving eller gjesteforelesing

Vurderingsform

Individuell digital fleirvalseksamen (skuleeksamen) (tel 33%).

Heimeeksamen over 48 timar i grupper på 3 til 4 personar (tel 67%).

Begge eksamenane må vere bestått for å få fullført emne.

Studentar som stryk til eksamen i ein av delane, går opp att til eksamen i berre denne delen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Individuell digital fleirvalseksamen: Ingen

Heimeeksamen: Alle

Meir om hjelpemiddel