Hopp til innhald

BØA116 Marknadsføring

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi studentane brei kunnskap om teoriane, informasjonen og vurderingane som ligg til grunn når organisasjonar utformar sine marknadsstrategiar. Studentane skal lære å analysere marknaden og bruke modellar og verktøy for å planlegge og gjennomføre marknadsføringsaktivitetar. Emnet har som mål å gjere studentane i stand til å beherske faglege verktøy i ein moderne verden og reflektere kritisk rundt dagens og framtidige utfordringar for marknadsførarar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

  • brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar knytt til korleis organisasjonar;
    • planlegg, organiserer og kontrollerer sitt marknadstilbod
    • analyserer marknaden og forbrukaråtferda
    • finn målgrupper og posisjonera seg
    • kan tilpasse og nytte ulike konkurranseverkemiddel 
  • kunnskap om dagsaktuelle og gryande forsking og problemstillingar som er relevante for marknadsføringsfaget
  • kunnskap om marknadsføringsfaget sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere og drøfte praktiske problemstillingar i lys av teoriar og modellar i marknadsføringslitteraturen og ta grunngjevne val
  • kunne finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette i lys av ei problemstilling
  • kan beherske faglege verktøy og teknikkar

Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til kritisk refleksjon rundt bruk av teoriar og modellar for å meistre utfordringar som marknadsførarar står over for
  • kan formidle og drøfte marknadsføringsteori, -modellar og -analysar både skriftleg og munnleg
  • kan gjere sjølvstendige refleksjonar kring etiske, miljømessige og juridiske utfordringar knytt til sentrale problemstillingar innanfor marknadsføring
  • kjenner til nyskaping og innovasjonsprosessar frå eit marknadsføringsperspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid, diskusjonar og løysing av caseoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

To arbeidskrav, ein fleirvalstest og ei skriftleg innleveringsoppgåve i gruppe.

Vurderingsform

Heimeeksamen over fire dagar i gruppe på 2-3 studentar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel