MAS144 Materialar og tilverking
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Korleis materialanes oppbygging påverkar materialeigenskaper, og karakteristiske eigenskaper for metaller, polymerer, keramer og kompositter. For metaller vil effekten av varmebehandling, bearbeiding og kjemisk samansetning av stål og aluminium. Korrosjon som termodynamisk prosess, samt elektrokjemiske prosesser som spenningsrekka og den galvaniske serien og typar av korrosjonsbestandige materialar og korrosjonsforebygging. Fastleikseigenskaper og -testar, destruktive og ikkje-destruktive. Støyping og plastisk bearbeiding, sveise og skjæreprosesser. Sponfraskillende bearbeiding som dreiing, fresing, boring og sliping. Automatisering og industrirobotar i tilverkingsprosessar.
Læringsutbytte
- Kunnskap:
Studenten:
- Har grunnleggjande kunnskap om fysiske og mekaniske eigenskapar og bruk og av metalliske material som konstruksjonsmaterial.
- Har kunnskap om ikkje-metalliske konstruksjonsmaterial
- Har grunnleggjande kunnskap om korrosjonsprosessar
- Kan gjere greie for ein del viktige formgjevings- og tilverkningsprosesser.
- Kan gjøre greie for effekten av temperatur og deformasjon på mekaniske eigenskapar på noen viktige konstruksjonsmaterialar.
- Ferdigheiter:
Studenten:
- Kan skilje mellom ulike metalliske legeringar og klassifisera desse etter dei fysiske og mekaniske eigenskapane deira og eigna formgjevingsprosess.
- Kan velje eit material ut frå ønska fysiske og mekaniske eigenskapar til det ferdige produktet.
- Kan velje ulike behandlings- og tilverkningsprosessar for å oppnå produktets spesifikasjonar, samt kvalitets- og toleransekrav.
- Generell kompetanse:
Studenten:
- Kan fastleggje ulike materialars mekaniske egenskapar ut i frå ulike testemetodar.
- Kan velje mellom ulike materialar, tilverkningsmetodar og formingsmekanismar ut ifrå industrielle krav til vara.
- Kan formidla kunnskap om materialar og tilverkning både skriftlig og munnleg.
- Har lært å arbeide saman i grupper og i praktiske prosjekt/lab.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, rekne- og laboratorieøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Laboratorieforsøk og individuell innlevering
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar
Gradert karakter A - E / F (stryk).
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
Meir om hjelpemiddel