BØA112 Organisasjon og leiing
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi studentane ei innføring i grunnleggjande problemstillingar for organisering av og leiing i ulike typar verksemder. Emnet omhandlar grunnleggjande omgrep og teoriar om organisasjon, administrasjon og leiing, og legg vekt på å gi studentane oversikt over og innsikt i kva som skjer i organisasjonar, kva utfordringar dei står overfor, og kva konsekvensar det har for individ, organisasjon og samfunn.
Læringsutbytte
Ein kandidat skal oppnå følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om omgrep og teoriar knytt til:
- verdiskaping og måloppnåing i organisasjonar
- ulike organisasjonsformer og -strukturar
- forholdet mellom individ, organisasjon og omgivnader
- kultur, makt og konflikt i organisasjonar
- kommunikasjons- og avgjerdsprosessar i organisasjonar
- læring, innovasjon og endring i organisasjonar
- leiing i og av organisasjonar
- legitimitet og organisasjonars samfunnsansvar
- betydninga til den norske arbeidslivsmodellen for organisasjon og leiing
- konsekvensar av globalisering og digitalisering for organisasjonsformer og leiing
Ferdigheter
Ved fullført emne kan kandidaten nytta ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å:
- beskriva korleis verksemder fungerer når det gjeld organisering og leiing
- analysera ulike problemstillingar for organisasjonar i offentleg og privat sektor
- skildra, drøfta og finna fram til tiltak for å handtera ulike dilemma og utfordringar som oppstår i organisasjonar
- forma ut tiltak som kan bidra til å fremja organisasjonars effektivitet, legitimitet og måloppnåing
Generell kompetanse
Ved fullført emne har kandidaten:
- erfaring med å jobba både sjølvstendig og saman med andre i grupper
- evne til å formidla fagstoff skriftleg
- evne til refleksjon om organisasjonar, deira virkemåte og rolla i samfunnet
Krav til forkunnskapar
Inga
Tilrådde forkunnskapar
Inga
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning og læringsaktivitetar i form av forelesingar, dialog, diskusjon, oppgåveløysing, sjølvstendig arbeid, gruppearbeid, bedriftsbesøk og/eller gjesteforelesingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
2 arbeidskrav, og minst 1 er gruppebasert, må vera godkjent før eksamen kan takast.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Eksamen blir halden på digitalt eksamenssystem.
Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Inga
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØKB1112 - Organisasjonsteori - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- OR6-1001 - Organisasjonsteori - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØAO001 - Organisasjon I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- LOØAD6 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- LOØAD5 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- EVN1002 - Leiing i maritime organisasjonar - Reduksjon: 4 studiepoeng
- EVA-PERS120 - Personalleiing - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- EVA-PERS110 - Personalleiing - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- SA071 - Organisasjonsteori - nautikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
- SA057 - Organisasjonsteori - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB1002FORØK - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB1004FORØK - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB026FOR-ØK - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB026 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- SA123 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- SA064 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB1026 - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB1104 - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB057 - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB1007 - Personal og organisasjonskunnskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BAMM3001 - Organisasjon og leiing - Reduksjon: 5 studiepoeng