Hopp til innhald

SA603 Historia i samfunnet

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I boka "1984" hevda forfattaren George Orwell at "who controls the past, controls the future: who controls the present controls the past". Sitatet er ikkje mindre relevant i ei tid der demokratiet vert utfordra frå fleire hald, til dømes spreiing av propaganda og "falske nyheiter". Eit sentralt omgrep for å forstå dette er historiebruk, altså korleis historie blir brukt til ulike formål. Eit anna sentralt omgrep er historiemedvit (historiebevisstheit). Historiemedvit handlar om samspelet mellom førestillingar om fortida, forståingar av samtida og forventningar om framtida. Historie er såleis noko som omgir oss, kan hende utan at vi registrerer det, og som pregar samfunnet vårt og måten me tenkjer på.

Historie er noko som skaper band mellom ulike grupper, men òg avstand og motsetnader. Korleis historie vert brukt er difor ikkje nøytralt. Emnet gir studentane ei grunnleggjande innføring i korleis historie blir brukt til ulike føremål, både til identitetsskaping, underhaldning og politiske og kommersielle føremål. Omgrep som minne, mytar, historiemedvit og identitet står sentralt i studiet av historiebruk. Historie kjem òg til uttrykk i ulike medium, frå populærkulturen som i tv-seriar, bøker, filmar, memer eller på sosiale medium, til fysiske uttrykk vi omgåast dagleg, slik som statuar, monument eller minnestader. Samstundes kan historie formidlast på mange ulike måtar, som til dømes rollespel, rekonstruksjonar eller digitale medium. Faget vil sjå på korleis historie vert formidla og kva bruk det har.

Ein føresetnad for å forstå historiebruk i samfunnet er innsikt i historiefagets metodar og teoriar med eit særleg fokus på kjeldekritikk. Det vil stå sentralt å sjå på kva kunnskaps- og kjeldegrunnlag ulike former for historiebruk vil ha, samstundes som emnet vil vere oppgåve- og praksisorientert.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kan gjere greie for ulike former for historiebruk
  • kan drøfte korleis ulike former for historiebruk har prega samfunnet
  • kan gjere greie for hovudprinsippa i vitskapleg handsaming av kjelder

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan gjere ein enkel historiebruksanalyse av kva føremål, kjeldetypar, kunnskapsgrunnlag og tilhøve til historiefaget som pregar ulik bruk av historie
  • kan reflektere over korleis historie blir brukt til identitetsskaping
  • kan nytte metodisk innsikt til å kritisk vurdere historisk formidling

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan vurdere korleis historie blir brukt av kulturinstitusjonar, bedrifter, offentlege institusjonar og media
  • kan reflektere over dei etiske sidene ved ulike former for historiebruk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse. Bestått arbeidskrav er gyldig for evig tid.

Vurderingsform

Semesteroppgåve. Oppgåva skal vere på mellom 2500 og 3000 ord. Ved ikkje greidd kan omarbeidd oppgåve leverast. Ved ikkje greidd på andre forsøk må ein levere oppgåve med ny problemstilling.

Karakterskala A-F der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel