BØA112 Organisasjon og leiing
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi studentane ei innføring i grunnleggjande problemstillingar for organisering av og leiing i ulike typar verksemder. Emnet omhandlar grunnleggjande omgrep og teoriar om organisasjon, administrasjon og leiing, og legg vekt på å gi studentane oversikt over og innsikt i kva som skjer i organisasjonar, kva utfordringar dei står overfor, og kva konsekvensar det har for individ, organisasjon og samfunn.
Læringsutbytte
Ein kandidat skal oppnå følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om omgrep og teoriar knytt til:
- måloppnåing og strategi i organisasjonar
- ulike organisasjonsformer og -strukturar
- forholdet mellom individ, organisasjon og omgjevnader
- organisasjonar sin legitimitet
- kultur, makt og konflikt i organisasjonar
- kommunikasjons- og avgjerdsprosessar i organisasjonar
- læring, innovasjon og endring i organisasjonar
- leiing i og av organisasjonar
- betydninga til den norske arbeidslivsmodellen for organisasjon og leiing i arbeids- og næringsliv
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan kandidaten nytta ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å:
- skildra korleis verksemder fungerer når det gjeld organisering og leiing
- analysera ulike problemstillingar for organisasjonar i offentleg og privat sektor
- skildra, drøfta og finna fram til tiltak for å handtera ulike utfordringar som oppstår i organisasjonar
- utforma tiltak som kan bidra til å fremja organisasjonar sin effektivitet, legitimitet og måloppnåing
Generell kompetanse
Ved fullført emne har kandidaten:
- evne til å jobba både sjølvstendig og saman med andre
- evne til å formidla fagstoff skriftleg på ein akademisk korrekt måte
- evne til refleksjon om organisasjonar, deira virkemåte og rolla i samfunnet
Krav til forkunnskapar
Inga
Tilrådde forkunnskapar
Inga
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning og læringsaktivitetar i form av forelesingar, dialog, diskusjon, oppgåveløysing, sjølvstendig arbeid, gruppearbeid, bedriftsbesøk og/eller gjesteforelesingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
2 gruppebaserte skriftlige innleveringsoppgåvar må vera godkjend før eksamen kan takast.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 4 timar. Eksamen blir halden på digitalt eksamenssystem.
Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Inga
Meir om hjelpemiddel