Hopp til innhald

MAS144 Materialar og tilverking

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Korleis materialanes oppbygging påverkar materialeigenskaper, og karakteristiske eigenskaper for metaller, polymerer, keramer og kompositter. For metaller vil effekten av varmebehandling, bearbeiding og kjemisk samansetning av stål og aluminium. Korrosjon som termodynamisk prosess, samt elektrokjemiske prosesser som spenningsrekka og den galvaniske serien og typar av korrosjonsbestandige materialar og korrosjonsforebygging. Fastleikseigenskaper og -testar, destruktive og ikkje-destruktive. Støyping og plastisk bearbeiding, sveise og skjæreprosesser. Sponfraskillende bearbeiding som dreiing, fresing, boring og sliping. Automatisering og industrirobotar i tilverkingsprosessar.

Læringsutbytte

- Kunnskap:

Studenten:

  • Har grunnleggjande kunnskap om fysiske og mekaniske eigenskapar og bruk og av metalliske material som konstruksjonsmaterial.
  • Har kunnskap om ikkje-metalliske konstruksjonsmaterial
  • Har grunnleggjande kunnskap om korrosjonsprosessar
  • Kan redegjøre for ein del relevante tilvirkningsprosesser.
  • Kan gjøre greie for effekten av temperatur og deformasjon på mekaniske eigenskapar på noen viktige konstruksjonsmaterialar.
  • Innføring i resirkulering og miljøpåvirkning av materialer.

- Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan skilje mellom ulike metalliske legeringar og klassifisera desse etter dei fysiske og mekaniske eigenskapane deira og eigna formgjevingsprosess.
  • Kan velje eit material ut frå ønska fysiske og mekaniske eigenskapar til det ferdige produktet.

- Generell kompetanse:

Studenten:

  • Kan fastleggje ulike materialars mekaniske egenskapar ut i frå ulike testemetodar.
  • Kan velje mellom ulike materialar, tilverkningsmetodar og formingsmekanismar ut ifrå industrielle krav til vara.
  • Kan formidla kunnskap om materialar og tilverkning både skriftlig og munnleg.
  • Har lært å arbeide saman i grupper og i praktiske prosjekt/lab.
  • Innføring i bruk av modeller til å beskrive egenskaper til materialer.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

5 studiepoeng i fastheitslære

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekne- og laboratorieøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav i form av individuelle og håndskriftlige innleveringer.

De obligatoriske øvingane må vere gjennomført til fastsatte frister.

Totalt må 8 av 10 individuelle innleveringar vere godkjent.

Studentane skal levere minimum 2 lab-rapportar i gruppe. Fleire øvingar kan verte levert i ein felles rapport.

Det er ikkje mogeleg å samle godkjente innleveringar over fleire semestre.

Godkjente øvingar er gyldige for semesterets ordinære eksamen og dei tre påfølgande semestra.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ING2015 - Materialar og tilverking - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • MAS107 - Maskinkonstruksjon og tilverknad - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • MAS113 - Materiallære - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS118 - Tilverknad og automatisering - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • MAS106 - Materiallære og kjemi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • TOM162 - Materiallære - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING2005 - Maskinkonstruksjon og tilvirkning - Reduksjon: 10 studiepoeng