Hopp til innhald

SOS150 Frå ung til vaksen

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er del av ein nettbasert bachelor i sosiologi. Undervisninga går føre seg digitalt. Emnet gir ei grunnleggjande forståing av kjenneteikn ved og endringar i sentrale sosialiseringsinstitusjonar/-arenaer som utdanningsinstitusjonen, arbeidsliv, media og politikk. Tilhøvet mellom endringar i slike institusjonar og nye ungdomsroller og identitetar er sentralt - mellom anna tesen om auka individualisering. Merksemda vert retta særleg mot kjønns- , klasse-, og etnisitetsbaserte identitetar og livssjansar. Endringane i utdanningsinstitusjonen og kva konsekvensar desse har for identitetsforming og sosial mobilitet er sentrale problemstillingar. Emnet tek også opp media si rolle som formidlar og skapar av nye identitetar og livsstilar, og som iscenesetjar av uro kring ungdoms livsstil og veremåte. Slik følgjer ein opp problemstillingar frå emnet Ungdomssosiologi. Emnet samanliknar vidare overganger frå ung til vaksen i vestlege land med det globale sør. Emnet gjev også ei innføring i fagdidaktiske problemstillingar i form av refleksjon over den særeigne sosiologiske tilnærminga til utdanningsinstitusjonane.

Læringsutbytte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

  • har studenten kunnskap om grunntrekk ved og samanhengar mellom dei sentrale sosialiseringsinstitusjonane utdanning, arbeid, media og politikk i høve identitet og livssjansar
  • har studenten kunnskap om korleis samhandlinga innan og mellom viktige sosialiseringsinstitusjonar medverkar til både sosial inkludering og ekskludering
  • kjenner studenten til skildringar og analysar av korleis unge kvalifiserer seg til vaksenlivet, og kva for nye vilkår og barrierar som har komme til dei siste tiåra

Ferdigheiter

  • kan studenten bruke kunnskap om ungdom i skulen, familien og fritida til å utarbeide gode problemstillingar om korleis samtida legg rammer for liva til nye generasjonar
  • kan studenten finne, vurdere og vise til fagleg relevante tekstar, og presentere arbeid som byggjer på slike ferdigheiter

Generell kompetanse

  • kan studenten formidle ungdomssosiologisk kunnskap og delta i ordskiftet der ungdom er tema
  • kan studenten frå ein ungdomssosiologisk synsstad utveksle synspunkt på nytten og verdien av politiske tiltak retta mot skulen, familien og arbeidslivet
  • har studenten innsikt i institusjonaliseringsprosessar

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Formidling av ungdomssosiologisk fagkunnskap gjennom podcast - individuelt eller i grupper. (Godkjend/ikkje godkjend)

Arbeidskravet må vere gjennomført til fastsett frist og godkjend før ein kan gå opp til eksamen.

Tidlegare godkjende arbeidskrav er gyldige ved konteeksamen.

Vurderingsform

Digital munnleg eksamen. Sensorane har høve til å stille spørsmål frå alt pensum. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA593 - Frå ung til vaksen: Skule, arbeid, media, politikk - Reduksjon: 10 studiepoeng