Ein student ligg i ein plastball, smilande og med tomlane opp. Rundt studenten er andre studentar i gang med ulike sportslege aktivitetar i fadderveka.

Velkommen som ny student ved HVL i Bergen

Vårsemesteret 2026 startar opp måndag 5. januar, men kva dag dei ulike studieprogramma startar opp kan variere. Sjekk timeplanen din eller anna informasjon du får frå oss.

Sjekkliste for alle nye studentar

Følg sjekklista «Gjer deg klar til studiestart», så får du rask tilgang til det du treng ved HVL.

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart. 

Få tak i pensum

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Strandgaten og Akademika Studentsenteret, som begge får pensumlister frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.


Har du spørsmål eller vil du ha hjelp? 

Treng du hjelp med semesterregistrering, aktivering av brukerkonto eller multifaktor pålogging, kan chatboten vår hjelpe deg! Chatten heiter Mime, og du finn han nedst i hjørnet. Mime kan òg svare på andre spørsmål du har, berre prøv!

Du er òg velkommen til å ringe Servicetorget på 55 58 58 00 alle kvardagar mellom kl. 08:00 til 15:00.

Servicetorget i Bergen

E-post: servicetorget@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00