Maskiningeniør for fagteknikarar

Bachelor, høsten 2017

Hos oss kan du som tidlegare har tatt to-årig teknisk fagskule innanfor retninga Maskinteknikk få fritak for inntil 60 sp. basert på innpass av fag frå den tekniske fagskulen. Dette medfører et to-årig løp fram mot Bachelor i ingeniørfag.

Vårt to-årige løp mot Bachelor i ingeniørfag, maskin, har ei profilering innan marin konstruksjonsteknikk og er utvikla i tett samarbeid med næringslivet i regionen. Dette gir studentane våre ei spesialisering som passar perfekt inn mot jobbar i dei ulike konstruksjons- og verftsbedriftene som pregar industrien i Sunnhordland.

Undervisningsmåtar

Studiet er spesielt tilrettelagt for dei som er i arbeid og som ønsker å fortsetje i redusert stilling medan dei studerer. Det er difor lagt opp som eit samlingsbasert studium, der det blir undervisning kvar tredje veke. Det vil likevel vere eit fulltidsstudium, der ein gjennomfører 30 sp. kvart semester. I dei to vekene mellom kvar undervisingsveke er det lagt opp til ein del nettbasert undervisning og sjølvstudier. Sjølv om opplegget passar for dei som er i arbeid, er studiet òg opent for dei som ikkje er i arbeid.

Undervisinga vil hovudsakleg gå føre seg ved HVL campus Stord, men det kan vere naudsynt å gjennomføre delar av undervisinga ved HVL campus Haugesund.

Studentar som tar en ingeniørutdanning innan marin konstruksjonsteknikk spesialiserer seg innan konstruksjon av strukturar og utstyr som skal fungere i et maritimt miljø. Det kan for eksempel vere utstyr til bruk på plattformer, i undervassinstallasjoner eller i vindmøller. Teknisk teikning og berekningar står sentralt i utdanninga.

Kva kan du jobbe med?

Som maskiningeniør kan du jobbe i industribedrifter, som for eksempel i petroleumsrelatert industri, verkstadsindustri og prosessindustri. Ein kan òg jobbe i transportsektoren, i kommunar, hos produsentar og leverandørar av utstyr, i reiarlag, hos kontrollmyndigheter eller i ingeniørfirma med rådgiving. Ein del maskiningeniørar startar si eiga verksemd.

Vil du studere meir?

Fullført bachelorgrad gir moglegheit til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved å ta nokre ekstra emne i brannsikkerheit, kan du søke opptak til HVL sin Master i Brannsikkerheit.