SA603 Historia i samfunnet
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I boka 1984 frå 1949 hevda forfatteren George Orwell at "who controls the past, controls the future: who controls the present controls the past". Sitatet er ikkje mindre relevant i ei tid der demokratiet vart utfordra frå fleire hald, som til dømes kunstig intelligens (KI), spreiiing av propaganda og "falske nyheiter". Sjølve omgrepet "historie" kan ha fleire ulike tydingar: frå den fortidige verkelegheita, det vitskapelege studiet av fortida eller i daglegtale som ei god historie. Ein føresetnad for å forstå historia er innsikt i nokre av historiefagets metodar og teoriar, særleg kjeldekritikken, men korleis historie brukast er samtidig ikkje avgrensa til berre det forskingsfaget sysler med.
Eit sentralt omgrep i SA603 er historiebruk. Det handlar om alle slags førestellingar og forteljingar om fortida, uavhengig om desse har rot i ei faktisk fortid eller ikkje. I dette perspektivet er det ikkje fortida i seg sjølve som blir viktig, men tolkingane og funksjonane ho kan ha i samtida. Eit anna sentralt omgrep i den samanhengen, er historiemedvit. Det handlar om ulike tidsdimensjonar der ein ser på samspelet mellom ulike førestellingar om fortida, forståing av samtida og forventningar om framtida. Historie er difor ein sentral del av korleis både individuelle og kollektive identitetar vart etablert og skaper band mellom samfunnsmedlemmar. Historie skaper dermed ikkje berre eit kollektiv "vi", men også eit motsvarande "de". Korleis historie brukast er difor ikkje naudsynleg nøytralt.
Emnet gir studentane ein grunnleggande innføring i korleis historie vart brukt til ulike formål, frå utdanning og underhaldning til kommersielle og politiske formål. Historiebruk kan ta fleire ulike former, som f.eks. skrift, bilde og lyd. I ei historiebruksanalyse kan ein difor sjå korleis historie brukast i alt frå tv-seriar, bøker, spel og filmar til politiske talar, skolebøker, statuer, minnesteder og mykje, mykje meir.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- kan gjere greie for ulike former for historiebruk
- kan drøfte korleis ulike former for historiebruk har prega samfunnet
- kan gjere greie for hovudprinsippa i vitskapleg handsaming av kjelder
Ferdigheiter:
Studenten
- kan gjere ein enkel historiebruksanalyse av kva føremål, kjeldetypar, kunnskapsgrunnlag og tilhøve til historiefaget som pregar ulik bruk av historie
- kan reflektere over korleis historie blir brukt til identitetsskaping
- kan nytte metodisk innsikt til å kritisk vurdere ulike former for historiebruk
Generell kompetanse:
Studenten
- kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- kan vurdere korleis historie blir brukt av kulturinstitusjonar, bedrifter, offentlege institusjonar og media
- kan kritisk reflektere over utfordringar ved ulike former for historiebruk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver og studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum.
Arbeidskrav må bli vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Semesteroppgåve. Oppgåva skal vere på mellom 2500 og 3000 ord. Ved ikkje greidd kan omarbeidd oppgåve leverast. Ved ikkje greidd på andre forsøk må ein levere oppgåve med ny problemstilling.
Karakterskala A-F der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel