Hopp til innhald

BØA112 Organisasjon og leiing

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi studentane ei innføring i grunnleggjande problemstillingar for organisering av og leiing i ulike typar verksemder. Emnet omhandlar grunnleggjande omgrep og teoriar om organisasjon og leiing, og legg vekt på å gi studentane oversikt over og innsikt i kva som skjer i organisasjonar, kva utfordringar dei står overfor, og kva konsekvensar det har for individ, organisasjon og samfunn.

Læringsutbytte

Ein kandidat skal oppnå følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om omgrep og teoriar knytt til:

  • kva organisasjonar er, kvifor dei eksisterer og korleis dei skaper verdiar
  • forholdet mellom formelle og uformelle trekk i organisasjonar
  • mål og strategi i organisasjonar
  • ulike organisasjonsformer og -strukturar
  • åtferd, kultur og maktforhold i organisasjonar
  • forholdet mellom individ, organisasjon og omgjevnader
  • kommunikasjons- og avgjerdsprosessar i organisasjonar
  • læring, innovasjon og endring i organisasjonar
  • leiing i og av organisasjonar
  • betydninga til den norske arbeidslivsmodellen for organisasjon og leiing i arbeids- og næringsliv

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan kandidaten nytta ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å:

  • skildra korleis verksemder fungerer når det gjeld organisering og leiing
  • analysera ulike problemstillingar for organisasjonar i offentleg og privat sektor
  • skildra, drøfta og finna fram til tiltak for å handtera ulike utfordringar som oppstår i organisasjonar

Generell kompetanse

Ved fullført emne har kandidaten:

  • evne til å jobba både sjølvstendig og saman med andre
  • evne til å formidla fagstoff skriftleg på ein akademisk korrekt måte
  • evne til refleksjon om organisasjonar, deira verkemåte og rolle i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Inga

Tilrådde forkunnskapar

Inga

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning og læringsaktivitetar i form av forelesingar, dialog, diskusjon, oppgåveløysing, sjølvstendig arbeid, gruppearbeid, bedriftsbesøk og/eller gjesteforelesingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

2 obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjend før eksamen kan takast. Minst ein av desse skal vere ein gruppebasert skriftleg innleveringsoppgåve.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 4 timar. Eksamen blir halden på digitalt eksamenssystem.

Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Inga

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB1112 - Organisasjonsteori - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • OR6-1001 - Organisasjonsteori - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØAO001 - Organisasjon I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • LOØAD6 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • LOØAD5 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • EVN1002 - Leiing i maritime organisasjonar - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • EVA-PERS120 - Personalleiing - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • EVA-PERS110 - Personalleiing - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • SA071 - Organisasjonsteori - nautikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA057 - Organisasjonsteori - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1002FORØK - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1004FORØK - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB026FOR-ØK - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB026 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA123 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA064 - Organisasjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1026 - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1104 - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB057 - Organisasjon og personal - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1007 - Personal og organisasjonskunnskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BAMM3001 - Organisasjon og leiing - Reduksjon: 5 studiepoeng