Jordmødre under opplæring.

Jordmor

Master

Som jordmor følger du opp gravide, fødande og barselkvinner. Med master i jordmorfag tileignar du deg kompetanse til å fremje helsa til kvinner og nyfødde barn. 

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelor i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
    • 1 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon.

    Opptakskrav til påbygg

    • Bachelor i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
    • Utdanning som gir autorisasjon som jordmor etter rammeplan frå 2004-2005, eller jordmorutdanning frå før rammeplanen i 2004-2005.

    Kvote

    For i studieåret 2026/2027:

    • Inntil 6 plassar er sett av til søkjarar med bustad i Helse Fonna sitt område.
    • Inntil 3 plassar er sett av til søkjarar med bustad i Helse Førde sitt område. 

    Sjå nettside med oversikt over kva kommunar som er rekna som tilhøyrande dei ulike helseføretaka sine område.

    Plassering i kvoten skjer på bakgrunn av folkeregistrert adresse i søknaden.
    Kvoten gjeld ikkje ved opptak til påbygg.

    Søknadskode

    3014 (3025 for påbygg)

    Slik søker du

      • Logg inn i SøknadsWeb.
      • Oppdater "Min profil" og trykk "Neste".
      • Vel "Helse- og sosialvitenskap".
      • Trykk på "Søk" under "Master/videreutdanning i helse- og sosialfag".
      • Vel studiet du vil søke på fra lista (se søknadskode over).
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
      • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

    Rangering og poeng

    Søkere i både ordinær og evt. regional kvote blir rangert i tråd med § 4-3 i forskrift for opptak til Høgskulen på Vestlandet.

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterer, og det blir gitt tilleggspoeng for høyere utdanning og praksis.
    Det blir ikke gitt praksispoeng ved opptak til påbygg.

    Informasjon om rangering og poeng

    Poenggrense ved forrige opptak

    Master:
    Ordinær kvote: 39,70
    Regional kvote: 38,39

    Påbygg: 
    Ikkje opptak i 2025.

     

    Tilleggskrav

    Sjå informasjon om medisinsk testing. 

    Studiet har krav om politiattest. Du skal ikke dokumentere dette i søknaden din, men du må sende det inn hvis du får studieplass.


    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor bli jordmor?

    Jordmødrer speler ei avgjerande rolle i omsorgen for gravide kvinner før, under og etter fødselen. Denne utdanninga gir deg høg klinisk kompetanse, og moglegheit til å arbeide med fagutvikling og forsking. Du blir ein viktig fagperson for å gi kvinner og familiar moglegheiter til meistring og kontroll over eigen livssituasjon.

    Du studerer jordmorfag i Bergen.

    I 2024 vann jordmorutdanninga ved HVL utdanningprisen til Helse Vest. Grunngjevinga var at studiet har teke nokre gode steg bort frå tradisjonell undervisning i klasserom og gjort kvardagen studentaktiv, mellom anna ved hjelp av VR-briller og simulering. Les saka her (helse-vest.no). 

    Praksis

    Master i jordmorfag er eit heiltidsstudium ved campus Bergen, med fire praksisperiodar knytt til Førde, Bergen, Stord, Voss og Haugesund.

    Studiet er delt opp i 40 veker teori og 40 veker praksis. Du har praksis på ulike avdelingar innanfor svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorga. Delar av praksisen vil også skje ved poliklinikkar, helsestasjon for ungdom og nyfødd-avdelingar. Våre praksisplassar er fordelte i Helse Vest.

    Vi har praksisplassar i Bergen og Vestland fylke, og Høgskulen på Vestlandet tildeler praksisplassar til studentane. 

    Her finn du meir informasjon om praksis for jordmorfag.

    Studentar som skal ha praksis, må levere politiattest.

    Korleis er undervisninga?

    I studiet får du ei variert og studentaktiv undervisning. Ein del av denne undervisninga er obligatorisk, som til dømes deltaking i refleksjonsgrupper, seminar, ferdigheitstrening og simulering, i tillegg til framlegg av oppgåver.

    Du vil delta i seminar, der du legg fram eige arbeid individuelt eller i gruppearbeid, med tilbakemelding frå andre studentar. Dette for at studiet skal vere oppdatert på dei problemstilingane som praksisfeltet er opptatt av, men òg for at du skal utvikle dine analytiske og praktiske ferdigheiter.

    Vidare vil du få trening i utvikling av praktiske ferdigheiter både gjennom ferdigheitstrening, simulering og praksis. Praksis har krav om 90 % frammøte og har tilhøyrande obligatoriske læringsaktivitetar.

    Emnet «vitskapsteori, forskingsetikk og metode» er nettbasert. Masteroppgåva i jordmorfag skal vere eit sjølvstendig arbeid, der du kan samarbeide og fordjupe deg i eit tema saman med ein medstudent.

    Er du allereie jordmor og vil ta master?

    Da kan du ta påbygg til master på anten 40 eller 60 studiepoeng. Har du allereie autorisasjon som jordmor treng du ikkje ta heile utdanninga. Kva du må ta, kjem an på kva du har frå før. 

    Dersom du har fullført jordmorutdanning etter rammeplan frå 2004-2005 (120 studiepoeng) kan du ta påbygg til master over 1,5 studieår med følgjande emne:

    • MAJOR504. «Vitskapsteori, forskingsetikk og metode», 10 studiepoeng. (Vår)
    • MAJOR506. Masteroppgåve, 30 studiepoeng. (Haust og vår)

    Du starter om våren med emnet «MAJOR504. Vitskapsteori, forskingsetikk og metode».  

    Dersom du har autorisasjon som jordmor frå før av, skal du ikkje i praksis.

    Har du jordmorutdanning frå før 2004/2005 (60 studiepoeng) kan du ta påbygg til master over 2 studieår, og emna:

    • MAJOR508. «Søke etter og kritisk vurdere forsking», 15 studiepoeng. (Haust)
    • MAJOR 509. «Teorier og modellar», 5 studiepoeng.  (Vår)
    • MAJOR504. Vitskapsteori, forskingsetikk og metode, 10 studiepoeng. (Vår)
    • MAJOR506. Masteroppgåve, 30 studiepoeng. (Haust og vår)

    Du starter om hausten med emnet «MAJOR 508 Søke etter og kritisk vurdere forsking».

    Dersom du har autorisasjon som jordmor frå før av, skal du ikkje i praksis.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Vil du studere meir?

    Du blir kvalifisert til å søkje opptak til ph.d.-program, til dømes innan helse, funksjon og deltaking ved HVL.

    Utveksling

    Jordmorutdanninga er med i internasjonale nettverk som gjer at våre studentar kan reise på utveksling til utanlandske institusjonar. Utveksling skjer i andre studieår, og varer frå fire til åtte veker.

    Kor kan du reise?