Fleire vel lærar og IT-fag

Samfunnet skrik etter kvalifiserte lærarar og IT-folk. Ved Høgskulen på Vestlandet aukar talet på søkarar til desse utdanningane.

– Eg er veldig glad i å gjere ein forskjell og jobbe med menneske, særleg barn og ungdom. I lærarutdanninga kan ein finne læraren i seg og bruke sin personlegdom i yrket, seier Khiem Nguyen. 

25-åringen frå Stavanger studerer til å bli lærar på campus Stord.  

- Vi studentar skal gjennom akkurat den same utdanninga, men vi kjem likevel til å bli veldig forskjellige. Det synest eg er så spennande.  

Rekrutteringa til læraryrket har vore ei bekymring i mange år, men no peikar pilene oppover for grunnskulelærarutdanninga for 1. til 7. trinn både nasjonalt og ved Høgskulen på Vestlandet. På landsbasis er det 6,5 prosent fleire førstevalssøkarar samanlikna med i fjor, medan høgskulen har ein auke på 8,8 prosent.   

- Det er eit stort behov for kvalifiserte lærarar i den norske skulen, så denne auken i søkartala er særs gledeleg. Vi har jobba målretta med å vise moglegheitene som yrket gir. I tillegg kan også bortfallet av firarkravet i matematikk ha gjort sitt til at fleire søker seg til utdanninga, seier Asle Holthe, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.  

Hafslo tredje trinn spring ute.jpg

Praksis er ein viktig del av lærarutdanningane. Kvart år har 3440 studentar i praksis innan lærar, barnehagelærer og idrettsutdanningar. Foto: HVL/Falkeblikk

Meir fleksibel lærarutdanning

Høgskulen på Vestlandet utdannar flest grunnskulelærarar i landet, og har lærarutdanningar i Sogndal, Bergen og på Stord. Frå hausten 2022 startar også to nye lærarutdanningar, ei ny nett- og samlingsbasert grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn og ei ny lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for 1. til 13. trinn. 

– Å gjere utdanningar fleksible og tilgjengelege for folk uavhengig av kvar dei bur, er ei viktig satsing frå politisk hald. Vi ser fram til å tilby lærarutdanning for ei ny målgruppe, seier Holthe.  

Den nye nett- og samlingsbaserte utdanninga har 42 førstevalssøkarar. Utdanninga består av samlingar på Stord og i Sogndal, i tillegg til praksisperiodar og nettbasert undervisning. Gjennomsnittsalderen på søkarane til utdanninga er 29,5 år.  

IT-faga slår an 

Også innan IT-faga opplever Høgskulen på Vestlandet ein positiv vekst. Både dataingeniørstudiet og bachelor i informasjonsteknologi gjer det bra. For informasjonsteknologi er det ein oppgang på 49 prosent førstevalssøkarar. Andre institusjonar i landet opplever derimot ein nedgang, så her skil HVL seg ut.  

– Det er svært gledeleg at desse studieretningane slår så godt an, for det er ekstremt stor etterspurnad etter denne kompetansen i samfunnet rundt oss, seier dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Jens Kristian Fosse.  

Datafaga utmerker seg med ei sterk arbeidslivsretting. I Førde, til dømes, har IT-studiet eit tett samarbeid med lokale bedrifter og næringsliv. Alle studentane er garantert jobbintervju og ei rekkje bedrifter har reservert deltidsjobbar eksklusivt for dei som er student ved teknologiutdanninga i Førde gjennom Studentjobb-prosjektet.  

Mads_opptak2022_2560.jpg

Mads Henrik Sørbø er særs nøgd med at han har valt å studere IT ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: HVL/Falkeblikk

Sikra seg fast jobb før endt studium  

Mads Henrik Sørbø (32) frå Eikefjorden går tredje året på informasjonsteknologi i Førde. Før han starta på siste semester, har Mads allereie sikra seg fast jobb i firmaet Norse Feedback, eit helseteknologiselskap som lagar kartleggings- og samtaleverktøy innan psykisk helse. Det Førde-baserte firmaet er i vekst.  

– Eg byrja der i ein sommarjobb i fjor og heldt fram i praksis under studiane. Då praksisen var ferdig, fekk eg tilbod om deltidsjobb. I juli byrjar eg i fast stilling. I Norse skal eg jobbe med utvikling og testutvikling, og det er draumejobben! seier Sørbø.  

Innan ingeniør- og naturfaga er det elles ein god oppgang for maskiningeniørfaget. Branningeniør-, landmåling- og bioingeniørfaga er framleis populære og har mange søkarar per studieplass. Andre retningar innanfor ingeniør held seg jamt eller går litt ned.  

Nautikk_opptakstall_2560.jpg

Hanna Farstad og Thomas Sivertsen studerer nautikk ved campus Haugesund. Foto: HVL/Falkeblikk

Mange vil til sjøs  

Lærarar og IT-folk er ikkje dei einaste yrkesgruppene det er stort behov for dei komande åra. Ved campus Haugesund startar det frå hausten ei ny bachelorutdanning i nautikk med integrert praksis – det vil seie at studentane får prøve seg i jobb undervegs i studiet. Her er det 152 førstevalssøkarar på 38 plassar.  

- Vi er den første utdanningsinstitusjonen som tilbyr ei slik utdanning. Vi har hatt tett kontakt med ulike reiarlag, og det er veldig kjekt å sjå at studietilbodet får så god respons blant søkarane, seier Johanne Marie Trovåg, leiar for Institutt for maritime studium ved HVL.   

Utdanninga er eit pilotprosjekt i samarbeid med dei andre utdanningsinstitusjonane som tilbyr høgare utdanning for sjøoffiserar, nemleg UIT Norges arktiske universitet, NTNU Ålesund og Universitetet i Sørøst-Norge.   
   
Når ein har fullført den fireårige bachelorgraden i nautikk, kan ein søke styrmannsjobb om bord på båt. Ein er også kvalifisert til å søke relevante jobbar på land, for eksempel i reiarlag, alle typar maritime verksemder, klassifikasjonsselskap eller Sjøfartsdirektoratet, for å nemne noko.  

Sjukepleie_opptakstall3_2560.jpg
Remy Mandrup Larsen og Umit Can Yirmi studerer sjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: HVL/Falkeblikk

Lettare å kome inn på sjukepleie  

Høgskulen på Vestlandet er blant dei største utdanningsinstitusjonane innan sjukepleie. I likskap med resten av landet er det i år stor nedgang i talet på søkarar til denne utdanninga.  

– Likevel har vi godt med søkarar som har valt sjukepleie som førsteprioritet, og vi kjem til å fylle studieplassane. Sjukepleie har alltid hatt lange ventelister, så no er ventelistene berre litt kortare, fortel dekan for helse- og sosialvitskap, Randi Skår 

Pandemien har vore med på å sette lys på sjukepleiarmangelen i samfunnet, og innan felt som sjukepleie til akutt kritisk sjuke. Kunnskapsdepartementet har difor pålagt utdanningsinstitusjonane å opprette fleire studieplassar innan grunnutdanninga i sjukepleie, og ved HVL kjem det 40 nye studieplassar neste år, fordelt ut over fire campus. Desse blir det ingen problem å fylle. I tillegg er det ein betydeleg auke i søknaden til masterutdanningene i spesialområda klinisk helsesjukepleie, jordmorfag, anestesi og operasjon.  

– Spesialsjukepleiarar har fått mykje merksemd under pandemien, og dei ulike fagretningane  har blitt framheva som svært viktige yrkesfunksjonar. Så kanskje er det difor populariteten går oppover, trur Skår. 

Eit viktig løft for barnevernsyrket  

Innan sosialfaga er det særleg barnevern som utmerker seg som eit populært val for søkarane i år. Barnevernsutdanninga i Sogndal tiltrekker seg 20 prosent fleire søkarar enn i fjor, stikk i strid med den nasjonale trenden, der det er ein nedgang på 15 prosent.

I tillegg startar ei ny masterutdanning i sosialvitskap som er bygd opp på tvers av fagmiljøa i Bergen og Sogndal. I denne utdanninga er barnevern ei av tre studieretningar, og der er det 119 førstevalssøkarar til 20 plassar. Regjeringa har innført eit nytt lovfesta krav om barnevernsfagleg mastergrad for tilsette i barnevernet.  

– Dette er eit stort og viktig løft for barnevernsyrket, seier Skår.  

Dette vil unge folk bli  

Sjølv om sjukepleiarutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet er dei som går mest ned i søkartal, rangerer dei framleis på topp blant faga folk søker seg inn på. Sjukepleiarutdanninga i Bergen er det mest populære studiet ved HVL, med 705 førstevalssøkarar til 185 plassar. Elles rangerer økonomifag og fysioterapi høgt, noko som også har vore trenden tidlegare år. Økonomi og administrasjon går ned i søkartal frå i fjor, men i Bergen er det framleis 574 førstevalssøkarar til 145 plassar.  

- Ei spesiell side ved økonomifaget vårt er at det inkluderer mykje arbeidspraksis undervegs i studiet, noko som ikkje er så vanleg i disiplinfaga elles i sektoren. Vi jobbar tett på arbeidslivet for å gjere studia våre relevante, seier dekan Torbjørn Roloff Heyerdahl ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.  

biblioteketSogndal.jpg

Desse 12 utdanningane har flest førstevalssøkarar ved HVL

  1. Bachelor i sjukepleie, Bergen 
  2. Økonomi og administrasjon, Bergen 
  3. Fysioterapi, Bergen 
  4. Sosialt arbeid, Bergen 
  5. Grunnskulelærar 1-7, Bergen 
  6. Grunnskulelærar 5-10, Bergen 
  7. Vernepleie, Bergen 
  8. Vernepleie deltid, Haugesund 
  9. Sjukepleie, Haugesund 
  10. Barnehagelærar, Bergen 
  11. Dataingeniør, Bergen 
  12. Nautikk med integrert praksis, Haugesund 

For meir informasjon, ta kontakt med: 

Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, tlf: 900 94 491  

Fakta om Høgskulen på Vestlandet

  • Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar. Kvart år uteksaminerer vi 4.500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver. 
  • HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. 
  • Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Les om universitetsambisjonen. 
  • Vi har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund