Samtidsdagane 2021 - Samhandling i ei endra verd

«Samtidsdagane» har foregått årleg sidan 2009, og er en stor møteplass og kunnskapsarena i Vestlandsregionen. Temaa spenner vidt, og frå år til år, men alltid representerer dei noko aktuelt – i samfunnet, men særleg for studie- og fagmiljøa ved HVL. Programmet er i stor grad sett saman av tidsaktuelle politikarar, forskarar, forfattarar, journalistar, filmskaparar, samfunnsdebattantar og andre.

Tusen takk til publikum og dei som bidrog til årets samtidsdagar! I år blei heile programmet gjennomført digitalt.

Opptak frå Samtidsdagane

  • Måndag 11. januar: "Samfunnets handtering av koronautbrotet" og "Pårørande: Kjærleiken, ansvaret, pliktane og hjelpa"
    Tilgjengeleg til og med 10. februar.

  • Tysdag 12. januar: "Ti år sidan 22. juli" og "Korleis snakke med barn og unge om vanskelege ting, og korleis rustar me dei til å meistre livet?"
    Fyrste del tilgjengeleg til og med 10. februar.
    Andre del tilgjengeleg til og med 22. januar.

Opptakene er dessverre ikkje tilgjengeleg etter 10.februar.

Fullt program og omtale av alle som bidrog finn de her.