
Praksis i drama og anvend teater
I løpet av studiet skal du gjennomføre 39 dagar rettleia og vurdert praksis. Informasjonen på denne nettsida utgjer retningslinjer for praksis i utdanninga. Studentar, praksisfelt og tilsette ved HVL skal gjere seg kjent med innhaldet.
Før praksisstart
Du må sikre at politiattest er levert til HVL i god tid før praksisstart.
Les gjennom informasjon på denne nettsida, i Canvas og emneplanen for ditt aktuelle studieår. I tillegg er det viktig at du er kjend med studieplanen.
Tildeling av praksisplassar
Du vil bli tildelt praksisplass av høgskulen. Profesjonsrettleier informerer om dette i Canvas.
Førebuing til praksis og planlegging av undervisning
Du vil få informasjon av faglærar i forkant av kvar praksisperiode om korleis den skal planleggast. Faglærar arrangerer praksisførebuande møte/undervisningsøkt før kvar praksisperiode.
Vurdering og innlevering av vurderingsskjema
Praksislærar skal fylle ut skjema for sluttvurdering:
2.studieår
Vurderingsskjema - nynorsk - DRA306
Vurderingsskjema - bokmål - DRA306
Studentane skal vurderast etter læringsutbyta i emneplan for dei aktuelle studieåra. Studentane er og under løpande skikkavurdering gjennom heile utdanninga.
Praksislærar fyller ut og signerer vurderingsskjema. Faglærar ved høgskulen kan vere dialogpartnar i vurderingsprosessen.
Praksislærar kan og ta kontakt med praksisadministrasjonen for rettleiing.
Studentane leverer vurderingsskjema praksis i Canvas, etter avtale med profesjonsrettleiar.
Vurderingsskjemaet er berre til intern bruk i utdanninga.
Evaluering etter praksis
Etter praksis sett vi pris på ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.
Tidspunkt for praksisperiodar og lenke til tilhøyrande emneplanar
Praksisperiodar studieåret 2025-2026
2. studieår: Gjeld studieåret 2025-2026
Haust: 15 dagar prosjektpraksis i grunnskulen, fordelt slik:
Veke 36: ein dag
Veke 37: ein dag
Veke 38: fem dagar
Veke 39: fem dagar
Veke 40: mandag, tysdag og onsdag. Denne veka gjennomfører studentane ei førestilling. Nøyaktig tidspunkt vert avtalt mellom praksislærar og faglærar ved HVL.
Vår: 25 timar praksis i form av turné i grunnskulen. Faglærar ved HVL har ansvar for oppfølging og informerer nærare om tidspunkt for gjennomføring.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema
Dette må alle kjenne til:
- PolitiattestPå ein del studium er det krav til at du må legge fram politiattest.
- Vaksinasjon og medisinsk testPå nokre studium er det krav til vaksinar og medisinsk testing før du går ut i praksis.
- TeiepliktFør du startar i praksis må du skrive under på ei teieplikterklæring.
- Tilrettelegging av praksisHar du behov for tilrettelegging eller praksis på ein bestemt stad?
- SkikkavurderingSkikkavurderinga skal sikre at du er skikka til yrket du utdannar deg til.
- Krav til oppmøteDu må møte til obligatorisk praksis for at studiet ditt skal bli godkjent.
- Bu- og reiseutgifterDu kan få dekka bu- og reiseutgifter knytt til praksis. Slik går du fram.
- Kvalitet i praksisSjå korleis du kan medverke til god kvalitet i praksis.
- Personvern i praksisDet er viktig at du har ein datahandteringsplan og ivaretar personvern.
- Skade under praksisDu har same rettar som de tilsette ved praksisplassen din.
- Klagerett praksisHer kan du lese om klagerett knytt til praksis.
- Rutinar for praksisvurderingHer finn du informasjon om rutinar for praksisvurdering og innlevering av praksisvurdering i Wiseflow. Oppstår det tvil om du vil bestå praksis, skal du normalt få skriftleg varsel.
- Vurdering av praksisHer finn du informasjon om rutinar for praksisvurdering og innlevering av praksisvurdering i Wiseflow. Oppstår det tvil om du vil bestå praksis, skal du normalt få skriftleg varsel.