Programutvikling

Master, hausten 2018

Vil du arbeide med utvikling av komplekse datasystem og programvare? Master i programvareutvikling gjer deg spisskompetanse i avansert datateknologi.

Dette studieprogrammet er ein fellesgrad som blir tilbyde av Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen i fellesskap.

Gjennom studiet får du lære både om moderne teknologiar og metodar for programutvikling, og det teoretiske fundamentet for programmeringsspråk og algoritmar.

Etter ferdig utdanning vil du ha opparbeidd deg spisskompetanse innanfor avansert datateknologi. Du vil då vere godt rusta til å arbeide med utvikling og integrering av komplekse datasystem og programvare innanfor både tekniske og administrative bruksområde. Du kan også velje å gå vidare til eit PhD-studium og ein forskarkarriere.

Masterprogrammet eignar seg særleg godt for deg som har dataingeniørutdanning eller ein bachelorgrad innan eit fagområde som informatikk eller informasjonsteknologi.

Ved HVL kan du velje oppgåver knytt til forskingsgrupper for datagrafikk, modellbasert programutvikling, grid computing, maskinlæring, datatryggleik og helseinformatikk. Med utgangspunkt i desse gruppene gis det undervisning i valemna grid- og cloud-teknologiar, datagrafikk og helseinformatikk, i tillegg til at rettleiarar også kan legge opp spesialpensum meir eller mindre direkte relatert til masteroppgåva.

Kva blir du kvalifisert for?

Med mastergrad i programutvikling vil du vere attraktiv for stillingar innan IT-selskap og konsulentfirma som driv med utvikling og vedlikehald av programvare. Med litt arbeidserfaring vil du kunne gå inn som prosjektleiar for større utviklingsprosjekt innan IKT.

Du kan arbeide i IT-avdelingar i større verksemder, eller du kan arbeide med forsking og utvikling innan IKT. Du kan også velje å gå vidare mot eit PhD-studium og ei forskarkarriere.

Kor kan du reise?