Programutvikling

Master, hausten 2019

Vil du arbeide med utvikling av komplekse datasystem og programvare? Master i programvareutvikling gjer deg spisskompetanse i avansert datateknologi.

Dette studieprogrammet er ein fellesgrad som Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen tilbyr i fellesskap.

Gjennom studiet får du breiddekunnskap om moderne teknologiar og metodar for programutvikling, og det teoretiske fundamentet for programmeringsspråk og algoritmar. I tillegg får du spisskompetanse innan eit smalare område som modellbasert programvareutvikling, maskinlæring, datasikkerheit, datagrafikk, VR-teknologiar eller helseinformatikk.

Etter ferdig utdanning vil du vere godt rusta til å arbeide med utvikling og integrasjon av komplekse datasystem og programvare innanfor både tekniske og administrative bruksområde.

Masterprogrammet eignar seg særleg godt for deg som har dataingeniørutdanning eller ein bachelorgrad innan eit fagområde som informatikk eller informasjonsteknologi.

Undervisningsmåtar

Ei masterutdanning krev omfattande arbeidsinnsats. Studiet består av 60 studiepoeng med kurs, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.[Tekstbrytingsskift]I dei emna som du tek i studiet vil du møte eit variert utval av arbeidsformer, både førelesningar, praktiske øvingar, større prosjektoppgåver og sjølvstudium, og på den måten tileigne deg kunnskapar og ferdigheiter innan både praktisk programutvikling, programutviklingsteori og forskingsmetodikk.

I siste del av studiet jobbar du med masteroppgåva, der du tek i bruk det du har lært i eit større prosjekt der du utforskar ein vitskapeleg problemstilling. I dei aller fleste masterprosjekta er utviklinga av programvare knytt til problemstillinga, ein sentral del av oppgåva.

Ved HVL kan du velje oppgåver knytt til forskingsgrupper for datagrafikk, modellbasert programutvikling, grid computing, maskinlæring, datasikkerheit og helseinformatikk. Med utgangspunkt i desse gruppene blir det gitt undervisning i valemne innan modellbasert programvareutvikling, maskinlæring, grid- og cloud-teknologiar, datagrafikk og helseinformatikk, i tillegg til at rettleiarar også kan legge opp spesialpensum som er direkte relatert til masteroppgåva.

Kva blir du kvalifisert for?

Med mastergrad i programutvikling vil du vere attraktiv for stillingar innan IT-selskap og konsulentfirma som driv med utvikling og vedlikehald av programvare. Med litt arbeidserfaring vil du kunne gå inn som prosjektleiar for større utviklingsprosjekt innan IKT.

Du kan arbeide i IT-avdelingar i større verksemder, eller du kan arbeide med forsking og utvikling innan IKT. Du kan også velje å gå vidare mot eit ph.d.-studium og ei forskarkarriere.

Vil du studere meir?

Etter fullført masterstudium er du kvalifisert til du søke på stipendiatstillingar innan ph.d.-programmet vårt eller andre ph.d.-program innan relevante fagområde.

Kor kan du reise?