Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller bestått 1-årig forkurs.
Studiekode i Samordna opptak
203049
Tilleggskrav
Studentar som er tatt opp på utdanninga, må til ei kvar tid kunne vise fram gyldig pass og gyldig helseerklæring utan avgrensning, utferda av godkjend sjømannslege. Du kan lese meir om helseerklæring her.
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote 48,5
- Førstegangsvitnemål 40,4
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere nautikk?
Bachelor i nautikk med integrert praksis ved HVL er den første utdanninga i sitt slag i Norge.
Du kan studere nautikk med integrert praksis ved campus Haugesund.
Dette er ei praksisnær leiarutdanning som gir deg relevant kompetanse og gode jobbmoglegheiter rett etter studiet. Å studere nautikk i den maritime byen Haugesund gjer at du som student vil vere i tett kontakt med den lokale næringa. På HVL i Haugesund finn du eit toppmoderne simulatorsenter kor du som student får prøve deg på dei praktiske oppgåvene innan nautikk.
I studiet lærar du mellom anna å:
- Planlegge og gjennomføre seglas i ulike farvatn.
- Administrere og leie mannskap om bord.
- Utføre oppgåver om bord på ein trygg måte for mannskapet, skipet og omgjevnadene.
- Sikre trygg lasting, transport og lossing av last
-
Planlegge og vurdere risiko.
Tidlegare måtte du skaffe deg praksis sjølv i etterkant av studiet, men no er praksis tatt inn i studiet og gir deg alt du treng for å løyse dekksoffisersertifikat. Du vil difor kunne gå direkte ut i jobb som styrmann etter fullført utdanning, utan å måtte gå vegen om kadettstilling.
Har du ikkje generell studiekompetanse? Viss du har relevant fagbrev som matros eller fiskar, kan du ta nautikk gjennom y-vegen.
Kva kan du jobbe med?
Etter utdanninga kan du jobbe som styrmann eller dekksoffiser om bord i alle typar skip. Du er også kvalifisert til å søke relevante jobbar på land, for eksempel i reiarlag, alle typar maritime verksemder, klassifikasjonsselskap eller i Sjøfartsdirektoratet, for å nemne noko.
Det første sertifikatet du kan løyse, er dekksoffisersertifikat klasse 3 (D3). Du har også den utdanninga du treng for å kunne løyse det høgste sertifikatet, D1-sertifikat (skippersertifikat), etter nok fartstid i jobb som styrmann.
Lønn: Kva tener ein styrmann?
I følgje utdanning.no tener ein styrmann i gjennomsnitt 937 080 kr. Les meir om lønsstatistikk for dekksoffiser og styrmann på utdanning.no.
Praksis
Som student vil du dra ut i praksis til sjøs kvart studieår – lengda på praksisperiodane vil variere. For å sikre alle studentane gode praksisplassar samarbeider vi tett med reiarlaga i regionen vår.
Praksis er obligatorisk i studiet og dekker dei formelle krava til fartstid i den praktiske delen av utdanninga. Samla sett utgjer praksisperiodane 60 studiepoeng. Praksisperiodane har ulik lengd (frå 4 til 8 veker) og er fordelte over dei fire åra utdanninga varer.
Praksisperiodane går føre seg om bord på skip, og ein må kunne mønstre på og av kvar som helst i verda. Du må derfor ha gyldig pass under heile studietida. Du bør heller ikkje ha noko på vandelen som kan gjere det vanskeleg å søke visum. Høgskulen på Vestlandet kan ikkje garantere praksisplass dersom du på grunn av vandel ikkje får visum og dermed heller ikkje kan reisa i praksis.
Korleis er undervisninga?
Du skal være godt rusta for yrkeslivet som møter deg etter studietida. Difor er vi oppteken av at du får innblikk i arbeidslivet gjennom heile utdanninga. Dette skjer mellom anna gjennom praksisperiodar, simulatortrening, gjesteførelsingar frå næringa og bedriftsbesøk.
Undervisninga vekslar mellom førelesingar, praksis, praktiske øvingar, oppgåveløysing, gruppearbeid, presentasjonar, diskusjonar, bedriftsbesøk og sjølvstudium. Praksisperiodane er sentrale i studiet og bind saman teori og yrkesliv.
Ein annan viktig del av utdanninga er simulatorøvingar. Vi har eit toppmoderne simulatorsenter ved campus Haugesund der du kan omsetje teori til praksis og samstundes bli kjend med utstyret du skal bruke i jobben om bord.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet.







