Studieplan - Bachelor i reiseliv, marknadsføring og ledelse
Hausten 2025
Ønskjer du å utvikle kompetanse innan ansvarleg reiseliv, marknadsføring og leiing? Vil du bidra til eit innovativt arbeidsliv? Eller ei innovativ service- og reiselivsnæring? Er du kreativ, likar å jobbe tverrfagleg og sjå ting i samanheng? Eller drøymer du om å jobbe internasjonalt, anten som leiar eller eigar av eiga bedrift? Då er vår bachelor i reiseliv, marknadsføring og leiing noko for deg!
Med ein bachelor i reiseliv, marknadsføring og leiing vil du få ei brei plattform ut i arbeidslivet, og det varierte innhaldet gjer at du kan velje mellom mange ulike typar jobbar. Denne bacheloren er Noregs første og einaste i sitt slag med eit heilt semester praksis (Internship) som du kan ta anten lokalt, nasjonalt eller i utlandet.
Ein bachelor i reiseliv, marknadsføring og leiing vil gjere deg i stand til å skape framtidas berekraftige reiseliv som gleder samfunn, gjester, innbyggjarar og tilsette. Du vil lære å utvikle innovative løysingar og forretningsidear som fremjar miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Gjennom tverrfagleg samarbeid og eit heilt semester med praksis (Internship) får du verdifull innsikt i arbeidslivet.
Med denne bachelorgraden kan du starte eiga bedrift eller leie regionale og internasjonale selskap som til dømes overnatting, servering, transport, museum, aktivitetsbedrifter og attraksjonar. Du vil òg vere kvalifisert for sentrale stillingar innan marknadsføring, sal og leiing og kan jobbe utelukkande med det. Eit semester med Internship gir deg nye nettverk og jobbmoglegheiter. Du kan jobbe som fagperson, rådgjevar, mellomleiar eller leiar, til dømes marknadssjef, i både offentlege og private organisasjonar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten har/kan:
- brei kunnskap om sentrale tema i, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan fagområdet reiseliv , marknadsføring og leiing, og etablering og administrasjon av reiselivsbedrifter.
- brei kunnskap i forsking- og utviklingsarbeid innan service- og reiselivsnæringa.
- brei kunnskap om reiselivet si historie, tradisjonar eigenart og plass i samfunnet.
- brei kunnskap om utvikling, drift og administrasjon av kjernenæringane som overnatting, servering, transport og attraksjonar i reiselivet og spesielt om natur- og kulturbaserte opplevingar, attraksjonar og arrangement
- brei kunnskap og verktøy innan service – og ansvarleg innovasjon, heilskapleg og grøn destinasjonsutvikling, tema-og nisjebasert reiseliv, opplevingsøkonomi og storytelling, arrangement og ringverknader av arrangement, administrasjon, drift og praksis knytt til reiselivsbedrifter.
- brei kunnskap om samfunnsansvar og bærekraftig utvikling av reiselivsforetak og reisemål
- brei kunnskap om internasjonal leiing og kulturelt mangfald.
- brei kunnskap om marknadsføring. Ulike verktøy, metodar og teknikkar knytt til marknadsføring i praksis.
- grunnleggende teori innan distribusjon av reiselivsprodukt (pakketering), bedriftsøkonomi, statistikk, metode, forretningsjus eller arealplanlegging, organisasjonsteori og personalleling.
- kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet reiseliv.
- nytte brei og oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar
- brei kunnskap om avgjersler på mikronivå innanfor private og offentlege organisasjonar med sikte på å koordinere bruken av knappe ressursar for å nå organisasjonens mål
- brei kunnskap om korleis produkt og tenester kan utviklast og marknadsførast
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- nytte forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar som dei kan møte i arbeidslivet. Særleg den tverrfaglege kompetansen innan reiseliv, marknadsføring og leiing.
- planlegge og gjennomføre eigne prosjekt innan reiseliv, marknadsføring og internasjonal leiing.
- jobbe saman med andre i grupper, kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg og kunne utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til utvikling av god praksis
- nytte kunnskap til å løyse problem og oppgåver i reiselivsnæringa, både kognitivt, kreativt og praktisk.
- fram skaffe, analysere og presentere relevant informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det gjere greie for ei problemstilling.
- nytte grunnleggande kunnskap om omgrep og utfordringar knytt til reiseliv, marknadsføring, leiing og turisme
- sjå dei ulike fagområda i samanheng, slik at dei kan bruke kunnskapar og ferdigheiter frå fleire fag på ei bestemt problemstilling
- bidra til utviklingsarbeid og nyskaping for å fremje verksemda si innovasjonsevne
- leie prosessar innan utvikling av reiselivet
- etablere eiga verksemd og/eller leie organisasjonar i reiselivet og offentleg sektor
- utvikle nye og innovative reiselivsprodukt
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan reflektere over kva som er beste praksis i reiselivsnæringa.
- har faglig innsikt og analytiske ferdigheiter til å arbeide både sjølvstendig men og kunne anvende kunnskap gjennom samarbeid.
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- kan bruke kunnskapen, metodane og verktøya dei opparbeida seg på ein kritisk måte og løyse relevante problemstillingar i reiselivsnæringa.
- kjenne til nytekning og innovasjonsprosesser og gjennomføre nødvendige omstillinger i bedrifter og organisasjoner.
- kan formidle sentralt fagstoff som teori, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg og andre relevante uttrykksformer innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Innhald
Bachelorstudiet i reiseliv, markedsføring og ledelse er eit treårig studium som gjev graden bachelor i reiseliv, markedsføring og ledelse. Studiet er på 180 studiepoeng.
Utdanninga består av emne innan reiseliv, marknadsføring, internasjonal leiing og økonomi samt praksis. Studiet skal gje studenten ei bre kompetanseplattform til å arbeide innan reiseliv, marknadsføring eller leiing, som fagperson eller rådgjevar i privat næringdsliv, offentleg sektor eller andre organisasjonar. Studentane skal kunne arbeide som mellomleiar eller leiar.
Meir spesifikt kan utdanninga kvalifisere studenten til å leie eller marknadsføre verksemder innan transport, overnatting, attraksjonar, aktivitetsselskap, museum og andre opplevingsbaserte verksemder.
Studiet er tett kopla til arbeidslivet, både nasjonalt og internasjonalt.
I tredje semester kan studentane velje mellom utanlandsopphald ved godkjent universitet/høgskule, eller følgje dei obligatoriske emna i semestere. I fjerde semester er det lagt opp til praksis/Internship heile semesteret og studenten kan ta det enten lokalt, nasjonalt eller i utlandet.
Studieplanen vert revidert ein gong per år, med atterhald om endringar både i rekkjefølgje av emna og emnetilbod.
Praksis
Det er førebuing til praksis med praksisrelatert arbeid på skulen i RE6-2013 Introduksjon til praksis i reiselivsnæringa. Vidare er det 22,5 studiepoeng med praksis/Internship i arbeidslivet, enten hjå offentlege eller private organisasjonar.
Arbeidsformer
Undervisninga skiftar mellom førelesningar, seminar, arbeidsgrupper, øvingsoppgaver, arbeidskrav og casearbeid. Problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante, står sentralt i studiet si undervisning og læringsform.
I studiet vert det lagd vekt på å lære studentane opp til å jobbe sjølvstendig både med individuelt arbeid og gruppearbeid. Det er nødvendig med eit stort innslag av sjølvstudium.
For å følgje undervisning og gjennomføre eksamen i studiet, må studentane disponere eigen bærbar datamaskin med standard programvare.
Studiet inkluderer og praksis, heile fjerde semesteret.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen både individuelt og i gruppe, individuell munnleg samt mappeeksamen.
Krav til studieprogresjon
Studenten må ha avlagt minst 100 studiepoeng ved oppstart 5. semester for å ta bacheloroppgåve i 6. semester.
Studenten må ha bestått OR6-1005 i 5. semester før ein kan ta OR6-1008 og RE6-2004 i 6. semester.
Internasjonalisering
Det er lagt til rette for utenlandsopphold i 3. semester der en gjennomfører studium ved en utenlandsk institusjon. Emnet må være godkjent på forhånd.
Australia | University of the Sunshine Coast (USC)
Australia | James Cook University
Austerrike: FH Kufstein Tirol, https://www.fh-kufstein.ac.at/
Canada | Trent University
Canada | Royal Roads University
Finland | Satakunta University of Applied Sciences (SAMK)
Portugal: Coimbra University, https://www.uc.pt/en/
Romania | Ovidius University of Constanța (OUC)
Spania: Iriarte University College , https://www.iriarteuniversidad.es/en/
Spania | University of Huelva
USA | Augustana University