
Forskingsgruppa for oppvekst, rus og sosial inkludering (FORS)
Forskargruppa FORS sitt overordna mål er å utvikle praksisrelevant kunnskap om oppvekst, rus og sosial inkludering.
Forskinga i denne gruppa handlar om korleis velferdstenester, sosiale nettverk og lokalsamfunn kan bidra til å styrke livsvilkår, deltaking og sosial inkludering av barn, unge og vaksne i sårbare livssituasjonar. Vi undersøker korleis tenester innan barnevern, sosiale tenester og rusfeltet kan styrkast, korleis samarbeid mellom brukarar, profesjonelle og lokalsamfunn kan gje betre vilkår for meistring, deltaking og utvikling og korleis barn, unge og vaksne erfarer og skapar meining i møte med sosiale utfordringar og i sine livsverder.
Vår forsking bidreg med kunnskap om
- Kva som fremjar og hindrar sosial deltaking
- Korleis lokalsamfunn og profesjonelle tenester kan arbeide saman for å finne nye løysingar
- Korleis profesjonelle praksisar og sosial støtte kan styrkast for å møte behova til barn, unge og vaksne i sårbare livssituasjonar
- Korleis personar i sårbare posisjonar erfarer og skapar meining til eigne livsvilkår
Gruppa har medlemmer med bakgrunn frå samfunnsvitskap, barnevern og sosialt arbeid. Vi nyttar varierte metodiske tilnærmingar og legg særleg vekt på aksjonsforsking og samskaping med praksisfeltet. I tett dialog med profesjonar, tenester og brukarar utviklar vi kunnskap som kan bidra til meir inkluderande profesjonelle praksisar.
Forskingsprosjekt
Pågåande forskingsprosjekt
- Foreldretap i barndom (Foba-prosjektet)
- Sorgstøtte til flyktninger som opplever nærståendes dødsfall
- Heilskapleg oppfølging kring ungdom i Nav
- Barneperspektiv i Nav: Mot en helhetlig tilnærming i arbeidet med lavinntektsfamilier?
- Creating Inclusive and Sustainable Food Systems in Refugee Hosting Contexts in Sub-Saharan Africa (SSA)
- Tvang i barne- og ungdomspsykiatrien
Stipendiatprosjekt
- Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i NAV
- Barn og unge som har erfart å miste en foreldre med rusmiddelutfordringer - En utforsking av deres situasjon, erfaringer og hjelpebehov
- Tjenesteinnovasjon og samskaping i boligsosialt arbeid for mennesker med rus og psykiske lidelser – Et deltakerbasert aksjonsforskningsprosjekt.
Avslutta prosjekt
Nettverk og samarbeidspartnarar
- BarnsBestes forskernettverk
- Death, loss and bereavement in social work
- Children’s Rights in Practice SIG
- Faggruppe for brukermedvirkning
- Læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland
- Nordisk Nettverk for barnelivsforskning
- SoWEGloW – Social Work Education for a Global World: Innovating for Transformative Change
- Substance use and social work