
Jordmorfag
Master
Jordmorfaget skal gjere deg rusta til å gi kyndig oppfølging av gravide, fødande og barselkvinner, og å fremje helsa til kvinner og nyfødde barn.
Kvifor studere jordmorfag?
Denne utdanninga gir deg høg klinisk kompetanse, slik at du kan medverke i forskings- og utviklingsarbeid. Du får ei utdanning som utfordrar og utviklar kunnskapen om kvinners reproduktive helse.
Du blir ein viktig fagperson for å gi kvinner og familier moglegheiter til mestring og kontroll over eigen livssituasjon.
Du kan studere jordmorfag ved campus Bergen.
Kva kan du jobbe med?
Du kan jobbe med:
- særskilt ansvar for kvinne- og reproduktiv helse i eit livsløpsperspektiv
- klinisk fagleiing
- utdanning av jordmødre og anna helsepersonell
- forskjellige stillingar i kommune- og spesialisthelsetenesta
- kombinerte stillingar innan klinisk arbeid og praksisnært forskings- og utviklingsarbeid
Som autorisert jordmor kan du jobbe både nasjonalt og internasjonalt på ulike nivå i helsetenesta. I Noreg vil dette i all hovudsak vere delt mellom kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta og ulike private bedrifter. Rådgiving, rettleiing og undervisning utgjer ein viktig del av det å vere jordmor.
Lønn: Kva tener du som jordmor?
I følgje Utdanning.no tener jordmødrer i gjennomsnitt 698 520 kroner. Les meir om lønsstatistikk for jordmor på utdanning.no.
Praksis
For deg som tar 120 studiepoeng, er studiet delt opp i 40 veker teori og 40 veker praksis. Du har praksis på ulike avdelingar innanfor svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorga. Deler av praksisen vil også skje ved poliklinikkar og nyfødd-avdelingar. Våre praksisplassar er fordelte i Helse Vest.
Studentar som skal ha praksis, må levere politiattest.
Innhald i studiet
Under studiet møter du varierte læringsformer som gruppearbeid, seminar, forelesing, oppgåveskriving og simulering, samt klinikkundervisning i praksisstudiet. Enkelte teoretiske emne er nettbaserte.
Masteroppgåva i jordmorfag skal vere eit sjølvstendig arbeid, der du kan samarbeide og fordjupe deg i eit tema saman med ein medstudent.
Påbygg til master: 45 eller 60 studiepoeng
Har du allereie vidareutdanning som jordmor og vil bygge på til ein mastergrad, tar du anten 45 eller 60 studiepoeng på deltid i 1,5 år:
- Har du fullført jordmorutdanning etter noverande rammeplan frå 2004-2005, vil du få innpassa utdanninga du har frå før av, og berre ta 45 nye studiepoeng. Du tek eit emne i forskingsmetode og vitskapsteori i tillegg til masteroppgåva.
- Har du eldre jordmorutdanning eller utdanning utanfor HVL, tar du i tillegg eit emne i kunnskapsbasert praksis i første semester. Du tar i alt 60 studiepoeng av masterprogrammet.
Har du vidareutdanning som jordmor frå før av, skal du ikkje i praksis.
Utveksling
Jordmorutdanninga er med i internasjonale nettverk som gjer at våre studentar kan reise på utveksling til utanlandske institusjonar. Utveksling skjer i andre studieår, og varer frå fire til åtte veker.
Kor kan du reise?
Danmark | University College of Northern Denmark
Finland | Yrkeshögskolan Novia
Finland | Arcada University of Applied Sciences
Færøyene | The National Hospital of the Faroe Islands
Grønland | Dronning Ingrids Hospital
Island | University of Iceland
Sverige | University of Borås
Tanzania | Haydom Hospital Arusha