Mann i veiledningstime

Pedagogisk rettleiing – innføring

Etter- og vidareutdanning

I dette studiet får du kunnskap og erfaring i rettleiing, fortrinnsvis knytt til praksis i helse- og sosialfagutdanningane.

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Bachelorgrad i helse- og sosialfag.

    Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

    Søknadskode: 1554, 1701, 1629

    Korleis søke:
    Trykk på "Søk Studieplass" for å logge inn i søknadsweb.
    Legg inn personalia. 
    Vel opptak «Vidareutdanning og halvtårsstudium», deretter «Master/vidareutdanning i helse- og sosialfag vår 2024».
    Vel studiet frå nedtrekksmenyen og trykk på "Legg til" før du sender inn søknaden.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere pedagogisk rettleiing? 

    Studiet gir innsikt i rettleiingspedagogikk, studentaktive læringsformer og rettleiing innan eige fagområde og på tvers av profesjonar.

    Utdanninga er tverrfagleg med teoretisk og praktisk innføring i rettleiingsteori, prinsipp og metodar. Rettleiingskompetansen er tilrådd ved studentrettleiing. Det er òg viktig å kunne gje tilbod om rettleiing når ein skal rekruttere nye arbeidstakarar.

    Les meir i emneplanen FHS8201 Veiledningspedagogikk med fokus på individnivå

    Kva blir du kvalifisert for?

    Studiet er kvalifiserande for yrkesutøvarar som definerer rettleiing som ein del av yrkesfunksjonen sin. Dette inneber og rettleiing av studentar i praksisstudiar.

    Gjennomført emne fyller delar av kravet for å bli godkjent som fagleg rettleiar hos nokre yrkesorganisasjonar. Emnet kan òg gå inn i ein mastergrad.

    Praktisk informasjon

    Undervisning

    Emnet er samlingsbasert over 5 dager, der 2 er på campus og tre er digitale. Emnet går over et semester. Undervisningen består av forelesninger, øvelser, gruppearbeid og selvstudium. Det er obligatorisk deltagelse på samlingene. 

    Samlingar

    1. samling
    29. august på campus Bergen, Stord og Haugesund
    05. september på campus Førd
    2. samling
    12. september - Digital
    3. samling
    03. oktober - Digital
    4. samling
    24. oktober - Campus (Førde, Bergen, Stord og Haugesund)
    5. samling
    07. november

    Digital Heimeeksamen, innlevering 01. desember

     

     

    Tilrådde forkunnskapar

    Det er ingen tilrådde forkunnskapar for studiet. 

    Eksamensform

    Heimeeksamen

     

    Pensum-/litteraturliste

     

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs