Høgtideleg markering for 30 nye doktorar

Dei 30 doktorane som vart feira under årets doktorpromosjon ved Høgskulen på Vestlandet, har forska på alt frå barnehage og demensomsorg til maskinlæring og klimaforsking.

– På vegner av Høgskulen på Vestlandet vil eg gratulere dykk med den viktige prestasjonen de har lagt bak dykk. Me er stolte av det de har fått til, og ser fram til å sjå korleis forskinga, kunnskapen og engasjementet dykkar vil sette spor i fagmiljø, profesjonar og samfunn i åra som kjem, sa rektor Gunnar Yttri i talen sin.

Doktorpromosjonen er ei markering av forskarar som har fullført ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet frå september 2025 til september 2026. Dette er femte gong arrangementet blir gjennomført ved HVL.

Arrangementet starta med prosesjon inn til tonar frå Johanne Løkensgard Mjøs på fele. Gjennom programmet bidrog fleire artistar med musikalske innslag, mellom dei Julie Hyerin Aune og Hanna Bergersen Furnes med «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», og komponist og songar Sæmund Helde med ei tonesetting av Marie Takvam sitt dikt «Barnemål».

Ei fantastisk samling av menneskeleg nysgjerrigheit

Årets gjestetalar var Kikki Flesche Kleiven, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

– Det er rett og slett ein rørerande hending når det er doktorpromosjon, uttalte ho.

Kleiven fortalte at då ho sa ja til å halde denne talen, bad ho om å få sjå titlane på avhandlingane.

– Det er ei fantastisk samling av menneskeleg nysgjerrigheit. Den store variasjonen i titlar viser oss at samfunnet sine utfordringar krev ulike former for kunnskap, sa Kleiven.

Direktøren lot seg fascinere av breidda i tema som viser at ein har forska på alt frå den minste samtalen mellom eit barn og ein barnehagelærar, til dei mest avanserte maskinlæringsmodellane.

– Her finn vi forsking på barn sin leik, litteratur, språk og læring, partikkelfysikk, brannsikkerheit, havdata, brear, fotballakademi og omsorg for menneske med demens. Og bak kvar einaste tittel ligg det noko heilt grunnleggande: Eit menneske som har stilt eit spørsmål, sa Kleiven. 

I ei verd som er full av skråsikkerheit, treng vi menneske som tør å seie: Dette veit vi. Dette veit vi ikkje. Og dette må vi undersøke nærare.  

Kandidatar frå fem ph.d.-program

Under doktorpromosjonen vart doktorane presentert program for program av dekanane ved dei ulike fakulteta.

Dekan Vegard Fusche Moe ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett gratulerte kandidatane frå Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap gratulerte doktorane frå datateknologi, nautiske operasjonar og ansvarleg innovasjon og regional utvikling, medan dekan Else Cathrine Lütcherath Rustad ved Fakultet for helse- og sosialvitskap gratulerte kandidatane frå Helse, funksjon og deltaking.

Doktorane er frå HVL sine fem ph.d.-program:

  • Studiar av danning og didaktiske praksisar
  • Datateknologi: programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap
  • Nautiske operasjonar
  • Ansvarleg innovasjon og regional utvikling
  • Helse, funksjon og deltaking

Å feire små steg

Førsteamanuensis Susanne Eriksen frå Institutt for helse- og omsorgsvitskap framførte doktorane sin tale.

Ho reflekterte over si eiga doktorgradsreise og den spesielle perioda i livet. 

– Vi er ikkje intellektuelle supermenneske. Vi er menneske som har forplikta oss til eit mål i ei lang tidsperiode. Vi lærer å prioritere. Vi lærer å halde fram. 

– Om du vil ha med deg ein ting frå doktorgradsreisa, så er det dette: Du høyrer til her. Du har fortent din plass og ingen kan ta frå deg det som du har oppnådd, sa Susanne Eriksen i sin tale. 

Doktorpromosjonen vart leia av prorektor for forsking, Christine Øye.

Til sist i programmet dukka Casiokids opp som ei musikalsk overrasking med eit forrykande sceneshow. 

Etter utgangsprosesjonen, der Johanne Løkensgard Mjøs framførte «Bas-Pelles Eriks Brudpolska», vart markeringa avslutta med mottaking på Kronstadtorget for doktorar og inviterte gjester.

Opptak av doktorpromosjonen kan du sjå i denne lenken. 

Sidan i fjor haust har 30 nye doktorar disputert ved Høgskulen på Vestlandet. Dei fleste av desse deltok fysisk under årets doktorpromosjon.