Opptak til enkeltemne

Ønskjer du å ta eit eller fleire emne frå eit studieprogram? Då kan du søke opptak til enkeltemne.

Emne på ph.d.-nivå har eigne fristar og rutinar. Les om opptak til emne på ph.d.-nivå.

Korleis fungerer søking til enkeltemne?

Opptak til enkeltemne vil seie at du kan søke om å ta nokre emne frå ein utdanning, utan at du treng å ta heile utdanninga. 

Når kan eg søke?

  • Enkeltemne for hausten blir lagt ut 1. mai, med søknadsfrist 1. juni
  • Enkeltemne for våren blir lagt ut 1. november, med søknadsfrist 1. desember.

Korleis søker eg?

Du søker via Søknadsweb.

I søknadsweb vel du først "enkeltemne". I søknaden får du ei liste med fagområda du kan vel mellom. Fagområda er dei same som titlane i lista nedenfor på denne sida. Etter du har valgt fagområde, vel du emne du vil søke på. Det er ikkje mogleg å endre emneval etter fristen. 

Kva er opptakskravet?

Opptakskravet til emnet er det same som til sjølve utdanninga det er ei del av. Opptakskravet er oppgitt under kvart fagområde. Merk at nokre emne kan ha eigne forkunnskapskrav, f.eks. at du må ha eit emne frå før. 

Når får eg svar?

Svardato står i kvitteringa som du fikk på e-post når du søker.

Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar enn ledige plassar på eit emne, blir det rangering av søkjarane basert på høgast poengsum.

Rettar og plikter som enkeltemnestudent

Som enkeltemnestudent følgjer du den ordinære undervisninga, og har same rettar og plikter som studentar med ordinært opptak ved HVL. Du skal semesterregistrere deg og betale semesteravgift innan gjeldande fristar.

Ein del emne kan ha krav om aktiv deltaking (oppmøte, innleveringar e.l.) for å kunne gå opp til eksamen.

Ved opptak til fleire enkeltemne kan vi ikkje garantere kollisjonsfri time- og eksamensplan.

Ved opptak til enkeltemne har du studierett i ett semester, inkludert ny eksamen. Du må søke emnet/emnene på nytt ved bruk av 3. eksamensforsøk. 

Ved HVL kan du ta eksamen i same emnet inntil tre gonger. Dersom du har brukt alle tre forsøka dine, hjelper det derfor ikkje å søke som enkeltemnestudent.