Råd og utval ved HVL
På denne sida finn du oversikt over råd og utval ved Høgskulen på Vestlandet.
Fakulteta sine råd og utval
- Råd og utval ved Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)
- Råd og utval ved Fakultet for lærarutdanningsutdanning, kultur og idrett (FLKI)
- Råd og utval ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS)
Organ for medverknad
Arbeidsmiljøutvalet (AMU)
AMU er eit organ som tek avgjerder og gir råd for gjennomføringa av arbeidsmiljølovgiving ved HVL.
Informasjons-, drøftings- og forhandlingsutvalet (IDF)
Organisasjonar med partsrett møter til IDF-møte ved HVL.
Velferdsutvalget
Utvalet skal utarbeide retningslinjer for velferdsarbeidet ved HVL og gi føringar for korleis velferdsmidlane skal brukast.
Forsking og innovasjon
Forskings- og innovasjonsutvalet (FI)
FI-utvalet gir råd til leiinga ved HVL.
Forskningsetisk utval
Utvalet tek stilling til innmeldte saker om moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer.
Publiseringsutvalet
Utvalet gir biblioteket råd i saker kor det er naudsynt med fagleg vurdering for å avgjere om ein publikasjon følger krava til vitskapeleg publisering eller ikkje.
Utdanning
Utdanningsutvalet (UU)
Utvalet bidreg til å sikre at studieprogramma ved HVL har høg kvalitet og samfunnsrelevans.
Sentralt ph.d.-utval og ph.d-programutval
Det sentrale utvalet for ph.d.-utdanningane ved HVL er eit strategisk samordningsorgan som lagar felles retningslinjer og rutinar for forskarutdanning.
Studieprogramråda
Studieprogramråda gir studieprogramansvarleg og fakultetsleiing råd om utvikling av kvaliteten i studieprogramma og læringsmiljøet.
Læringsmiljøutvalet (LMU)
LMU deltek i planlegging av tiltak for godt læringsmiljø, og følger med på studentane si sikkerheit og velferd.
Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet
Nemnda behandlar klagesaker og saker som omhandlar fusk.
Skikkavurderingsnemnda
Nemnda skal sikre at HVL ikkje utdannar yrkesutøvarar som er uskikka for det arbeidsområdet dei utdannar seg for.
Studentråd- og utval
Studenttinget
Studenttinget er det øvste studentpolitiske organet ved HVL. Studentane deltek òg i medverknadsorgan på campus- og fakultetsnivå
Personal og HR
Tilsettingsråd- og utval
HVL har har eit tilsettingsråd (TR) som er ansvarleg for å tilsette i alle teknisk-administrative stillingar, tre tilsettingsutval (TU) som tilset i undervisnings- og forskarstillingar, og eit tilsettingsutval som tilset i fagleg-administrative leiarstillingar.
Rådet for likestilling, mangfold og inkludering
Formålet med rådet er å fremje likestilling, mangfald og inkludering ved Høgskulen på Vestlandet. Rådet skal blidra til at det ikkje skjer diskriminering av studentar og tilsette.
Andre råd og utval i HVL
Digitaliseringsrådet
Digitaliseringsrådet skal på vegne av rektor og HVL-leiinga sikre prioritering av avgrensa ressursar (budsjett og bemanning), samt fungere som styre for digitaliseringsprosjekt i prosjektporteføljen. Digitaliseringsrådet gjev vidare styringsråd om koordinering av operative digitaliseringsaktivitetar på tvers av einingar.
Språkpolitisk utval
Utvalet har ansvar for oppfølging og gjennomføring av dei språkpolitiske retningslinjene og for høgskulens språkpolitikk.
Valstyret
Valstyret er oppnemnd av styret og har ansvar for gjennomføring av val ved Høgskulen på Vestlandet.
Samarbeid med samfunns- og arbeidsliv
Meir om leiing og organisering
Sakspapir og referat
Alle offentlege sakspapir tilknytta møter i styre, råd og utval ved HVL vert publisert i OpenGov