Dramatisering

Praksis i drama og anvend teater

I løpet av studiet skal du gjennomføre 39 dagar rettleia og vurdert praksis. Informasjonen på denne nettsida utgjer retningslinjer for praksis i utdanninga. Studentar, praksisfelt og tilsette ved HVL skal gjere seg kjent med innhaldet.

Før praksisstart

Du må sikre at politiattest er levert til HVL i god tid før praksisstart.

Les gjennom informasjon på denne nettsida, i Canvas og emneplanen for ditt aktuelle studieår. I tillegg er det viktig at du er kjend med studieplanen.

Tildeling av praksisplassar

Du vil bli tildelt praksisplass av høgskulen. Profesjonsrettleier informerer om dette i Canvas. 

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

Du vil få informasjon av faglærar i forkant av kvar praksisperiode om korleis den skal planleggast. Faglærar arrangerer praksisførebuande møte/undervisningsøkt før kvar praksisperiode.  

Vurdering og innlevering av vurderingsskjema

Praksislærar skal fylle ut skjema for sluttvurdering:

2.studieår
Vurderingsskjema - nynorsk - DRA306
Vurderingsskjema - bokmål - DRA306

Studentane skal vurderast etter læringsutbyta i emneplan for dei aktuelle studieåra. Studentane er og under løpande skikkavurdering gjennom heile utdanninga. 

Praksislærar fyller ut og signerer vurderingsskjema. Faglærar ved høgskulen kan vere dialogpartnar i vurderingsprosessen.
Praksislærar kan og ta kontakt med praksisadministrasjonen for rettleiing. 

Studentane leverer vurderingsskjema frå praksis i Canvas, etter avtale med profesjonsrettleiar.

Vurderingsskjemaet er berre til intern bruk i utdanninga.

 

 

 

Evaluering etter praksis

Etter praksis sett vi pris på ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.

Tidspunkt for praksisperiodar  og lenke til tilhøyrande emneplanar

Praksisperiodar - tidspunkt

1. studieår: Gjeld studieåret 2026-2027

Haust:

Ein dag praksis i barnehage, grunnskule eller kulturskule.

Fire dagar punktpraksis med ulike fortellaraktivitetar som førestilling og fortellarverkstad. Faglærar er rettleiar og avtalar praksisplass. Praksis kan gjennomførast i skule eller på ein utvald samfunnsarena.

Vår:

Tre dagar punktpraksis i barnehage, grunnskule eller kulturskule.

*Praksis vert gjennomført på same praksisstad som DRA301A. Faglærar skaffar praksisplass. Tidspunkt er avhengig av kva prosjekt studentane får delta i.

2. studieår: Gjeld studieåret 2025-2026

Mellom sal og scene (DRA306):

Haust: 15 dagar prosjektpraksis i grunnskulen, fordelt slik:

Veke 36: ein dag
Veke 37: ein dag
Veke 38: fem dagar
Veke 39: fem dagar
Veke 40: mandag, tysdag og onsdag. Denne veka gjennomfører studentane ei førestilling. Nøyaktig tidspunkt vert avtalt mellom praksislærar og faglærar ved HVL.

TIU/Anvendt teater (DRA308):

Vår: 25 timar praksis i form av turné i grunnskulen. Faglærar ved HVL har ansvar for oppfølging og informerer nærare om tidspunkt for gjennomføring.

3. studieår: Gjeld studieåret 2026-2027

Haust:

Seks dagars praksisturne, tre dagar i grunnskule 1-7  og tre dagar i eldresenter/omsorgsheim.

Faglærarved HVL organiserer praksisturneen.

Vår:

Eige prosjekt på ein vald samfunnsarena. Minimum 30 timar praksis med rettleiing frå faglærar ved HVL.

 

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Dette må alle kjenne til: