Praksis i grunnskulelærarutdanning
I løpet av alle fem studieåra skal du gjennomføre 110 dagar rettleia og vurdert praksis i tillegg til fem dagar observasjonspraksis. Denne nettsida inneheld retningslinjene for praksis som studentar, praksisfelt og tilsette ved HVL skal kjenne til.
Er du skuleleiar/praksislærar i grunnskulen?
På sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info.
Tildeling av praksisplassar
Tildeling og fordeling av praksisplassar for deg som går den campusbaserte heiltidsutdanninga
HVL skaffar praksisplassar
- Praksisadministrasjonen ved HVL skaffar og fordeler praksisplassar til studentane.
- HVL har avtalar med faste partnarskular.
- HVL har som mål at alle studentane får praksis på ein lærarutdanningsskule i løpet av studieløpet.
- Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle. Dette gjeld ikkje studentar på campus Stord. Studentane skaffar sjølve bustad. Sjå også reglement for dekking av bu- og reiseutgifter i forbindelse med praksis.
- Praksiskoordinator har som mål å publisere oversikt over praksisgrupper fordelt på praksisskular i Canvas seinast 4 veker før kvar praksisperiode.
- Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten skulane har meldt inn.
Slik blir praksisplassane fordelt
Fordeling av praksisplassar skjer utfrå ei heilskapleg vurdering i klassen. Vi tek omsyn til:
- studentar som har fått innvilga særleg tilrettelegging i praksis
- kva fag du har i utdanninga di og kva fag praksislærar underviser i
- om praksislærar har formell rettleiarutdanning
- variasjon ved å sørge for at du får praksis på ulike skular på ulike trinn
- adresse/reiseveg til praksisstad
- om du har budd vekke i praksis tidlegare
Vi gjer merksam på at:
- Du kan i utgangspunktet ikkje ha praksis på ein skule der du er eller har vore tilsett over lengre periode, har nære relasjonar til elevar i klassen eller til nokon i personalet. Dersom dette gjeld deg, må du ta kontakt med praksisadministrasjonen.
- Det vert ikkje teke omsyn til om du har arbeid ved sidan av studiane.
Tildeling og fordeling av praksisplassar for deg som går på samlingsbasert GLU (Sogndal, Stord)
Generell informasjon
- HVL inngår avtalar med praksisskular og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane.
- Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle.
- Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten som skulane har til å ta i mot studentar i praksis.
- Eventuell tilrettelegging av praksis skal ikkje gå på bekostning av faglege krav eller vere urimeleg ressurskrevjande for HVL, og praksis skal også ved tilrettelegging i utgangspunktet gjennomførast på ein skule vi har avtale med. Det vert gjort ei samla vurdering av søknadane etter søknadsfrist 1. september.
- Praksiskoordinator publiserer oversikt over praksisgrupper fordelt på praksisskular i Canvas seinast 2-3 veker før kvar praksisperiode.
Praksis første og andre studieår
- Første og andre studieår er det HVL som finn praksisplass til deg.
- Du kjem då til å gjennomføre praksisperioden på ein skule som HVL campus Stord eller HVL campus Sogndal har ein eksisterande avtale med. Det vil seie utvalte skular i Vestland og Rogaland fylke.
- Du vil få meir informasjon om planlegging og gjennomføring av praksis ved studiestart.
Praksis frå og med tredje studieår
- Frå og med tredje studieår vil HVL jobbe for at du kan gjennomføre praksispeiodane i nærleiken av din heimstad, dersom du ønskjer det. Du kan då kome med forslag til skular nær heimstaden din. Praksiskoordinator ved HVL vil så sende førespurnad til aktuelle skular for å inngå avtale om praksisgjennomføring.
Førebuing til praksis
Lese rammer for praksis
- Informasjonen på denne nettsida
- Emneplanen for praksis for ditt studieår (sjå emneplanar under "vudering av praksis")
Du bør også vere kjend med innhaldet i studieprogramplanen for di utdanning. Den viser målsettingane for praksisopplæringa og vidare omfang og modell for organisering av praksis i utdanninga.
Nedanfor finn du i tillegg nasjonale og lokale føringar for praksis:
- Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7
- Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10
- Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.-7. trinn
- Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.-10. trinn
- Forskrift om studium og eksamen ved HVL (frå 1.8.2024)
- Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), frå 1.8.2024
- Forskrift til universitets- og høyskoleloven (universitets- og høyskoleforskriften), frå 1.8.2024
Oppretting av kontakt med praksislærar
- Ca 1,5 veke før første dag i praksis deltek du på obligatorisk praksisførebuande dag på praksisskulen. Det vert felles digitalt møte på slutten av dagen.
- Praksisgruppa tar kontakt med praksislærar for å avtale når de skal møte og kva de skal førebu til den praksisførebuande dagen.
- Før praksis på våren (gjeld 1.-3.studieår) deltek du på digitalt evaluerings- og planleggingsmøte med profesjonsrettleiar og praksislærar der de evaluerer praksis som har vore og førebur ny.
Dette bør du tenkje gjennom før praksisstart
Før praksisstart bør du tenke gjennom spørsmåla i lista under og diskutere dei i fellesskap i praksisgruppa:
- Har eg sett meg grundig nok inn i retningslinjer og emneplan?
- Korleis ser eg meg sjølv i rolla som lærar?
- Korleis ser eg på ansvaret mitt som teamdeltakar og medkollega?
- Korleis forheld eg meg til balansen mellom å vere student og kollega/medarbeidar på ein skule?
- Kva mål har eg sett meg for praksis?
- Korleis skal eg følgje opp eigne mål?
- Korleis skal eg ta ansvar for eiga læring i praksis?
- Korleis kan eg best gjere nytte av rettleiinga?
- Korleis gir og tek eg tilbakemelding?
- På kva måte vil eg ta opp kritiske problemstillingar?
- På kva måte skal eg møte positiv og negativ tilbakemelding?
- Korleis vil eg møte eventuelle samarbeidsproblem i praksisgruppa?
- Korleis kan eg bidra til å lage eit godt samarbeidsklima i praksisgruppa?
Levere refleksjonsnotat
På praksisførebuande dag skal du levere eit refleksjonsnotat til praksislærar. Notatet skal gi praksislærar mogelegheit for å bli kjent med deg. Dette vil saman med dei generelle vurderingskriteriane og observasjonane til praksislærar vere med å danne grunnlag for rettleiinga.
Refleksjonsnotatet skal seie noko om
- eigne læringsmål basert på læringsutbytteformuleringane i emneplanen
- forventingar til praksis generelt
- forventningar til medstudentar, praksislærar og praksisskule
- dine sterke og svake sider, både fagleg og menneskeleg
- kva du vil legge vekt på i eigen utvikling som framtidig lærar, og konkrete mål og strategiar for å nå desse
Førebu undervisningsopplegg til praksisperioden
Saman med medstudentane og praksislærar skal du lage ein grovplan for heile praksisperioden. I tillegg skal du lage undervisningsplan for kvar time, enten saman med medstudentar eller åleine –alt etter kva som er avtalt med praksislærar. Forslag til planleggingsskjema finn du i denne lenka. All undervining skal bygge på LK20.
Du skal levere planleggingsskjema til praksislærar i god tid før undervisninga, slik at du kan få rettleiing før undervisningsøkta. Skjemaet skal vere så klart og detaljert at andre skal kunne gjennomføre undervisninga ut frå det. I kor stor grad praksislærar skal vere delaktig i arbeidet med å planlegge undervisingsøkter er avhengig av kor langt du har kome i studiet.
Praksislærar er rettleiar i prosessen og skal legge til rette for at du kan få gjort arbeidet på ein tilfredsstillande måte. Dette kan til dømes vere å gje deg tilgang til kompetansemål, digitale læringsverktøy, timeplanar, oversikt over behov for tilpassa opplæring og andre forhold som pregar klassemiljøet.
Tips til korleis vere ein god praksisstudent
- Møt presis på praksisskulen til alle timar også til dei du ikkje har ansvar for sjølv.
- Føl opp arbeid og avtalar du har teke på deg. Det er viktig at alle på praksisskulen kan sjå på deg som ein påliteleg kollega.
- Ver bevisst på rolla di, elevane ser ikkje på deg som student, men som ein vaksen.
- Rett deg etter reglementet på skulen, set deg også inn i dei uskrivne normene og reglane.
- Skriv gjerne logg, den kan brukast som grunnlag for rettleiing.
- Ver aktiv i rettleiingsøktene, også når medstudentar får rettleiing.
- Søk opp nødvendig informasjon sjølv.
Tidspunkt for praksisperiodar og møte, studieåret 2024-2025
Samlingsbasert GLU (Stord og Sogndal)
Ikkje opptak hausten 2024.
2. studieår:
Hausten 2024:
- Digitalt praksisførebuande møte onsdag 25. september
- Praksis i veke 42-44.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar tysdag 11. februar klokka 14:45-15:45.
- Praksis i veke 10-13.
- Fagdag for praksislærarar. Studentar overtek undervisninga. Du kan velge mellom:
- Torsdag 20. mars på campus Bergen
- Onsdag 26. mars på campus Stord, eller
- Torsdag 27. mars på campus Sogndal
3. studieår:
Hausten 2024:
- Digitalt praksisførebuande møte torsdag 31. oktober
- Praksis i veke 46-47.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar onsdag 12. mars klokka 14:45-15:45.
- Praksis veke 13-15.
- Fagdag for praksislærarar. Studentar overtek undervisninga. Du kan velge mellom:
- Torsdag 3. april på campus Bergen
- Onsdag 26. mars på campus Stord, eller
- Torsdag 27. mars på campus Sogndal
Stord
1. studieår:
Hausten 2024: Oppstartspraksis
- Praksisførebuande seminar på campus 30.oktober (profesjonsøkt)
- Oppstartspraksis i veke 45.
- Erfaringsseminar i undervisningsøkt på campus 13.november.
Våren 2025: Ordinær praksis
- Digitalt planleggingssmøte for praksislærarar og studentar torsdag 13.februar klokka 14:15-15:45.
- Praksis i veke 10-13.
- Fagdag for praksislærarar onsdag 26.mars. Studentar overtek undervisninga.
2. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen tysdag 24. september. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med digitalt praksisførebuande møte klokka 14:15 til 15:45.
- Praksis i veke 42-44.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 13. februar klokka 14:15-15:45
- Praksis i veke 10-13.
- Fagdag for praksislærarar onsdag 26.mars. Studentar overtek undervisninga.
3. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen tysdag 29. oktober. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med digitalt praksisførebuande møte klokka 14:15 til 15:45.
- Praksis i veke 46-47.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar tysdag 11. mars klokka 14:15-15:45.
- Praksis veke 13-15.
- Fagdag for praksislærarar onsdag 26.mars. Studentar overtek undervisninga.
4. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 5. september. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med digitalt praksisførebuande møte klokka 14:15 til 15:45.
- Praksis i veke 38-40.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 6. mars klokka 14:15-15:45
- Praksis i veke 13-15.
- Fagdag for praksislærarar onsdag 26.mars. Studentar overtek undervisninga.
5. studieår:
Hausten 2024:
- Valfritt digitalt møte for praksislærarar tysdag 20. august klokka 15:00-15:45.
- Praksis i veke 35-37
- Etter avtale med praksislærar kan ein eller fleire av dei 15 praksisdagane gjennomførast i skulen si planleggingsveke og/eller første skuleveke. Dagane må ikkje vere i konflikt med undervisning på HVL og gruppa bør fortrinnsvis ha praksis same dagar.
Ingen praksis vårsemesteret.
Andre møte:
Kurs for nye praksislærarar: Dato kjem
Rektormøte (kun for rektorar og eventuelt praksisansvarleg på skulen)
Digitalt møte 22.august kl 14:00-15:00.
Sogndal
1. studieår:
Hausten 2024: Oppstartspraksis
- Praksisførebuande seminar på campus 30.oktober (profesjonsøkt)
- Oppstartspraksis i veke 45.
- Erfaringsseminar i undervisningsøkt på campus veke 46.
Våren 2025: Ordinær praksis
- Dato for digitalt planleggingssmøte for praksislærarar og studentar kjem.
- Praksis i veke 4-7.
2. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen tysdag 24. september. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30 til 16:00.
- Praksis i veke 42-44.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 13. februar klokka 14:30-16:00.
- Praksis i veke 10-13.
- Fagdag for praksislærarar torsdag 27. mars. Studentar overtek undervisninga.
3. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen tysdag 29. oktober. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30 til 16:00.
- Praksis i veke 46-47.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar måndag 11. mars klokka 14:30-16:00.
- Praksis veke 13-15.
- Fagdag for praksislærarar torsdag 27. mars. Studentar overtek undervisninga.
4. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 5. september. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30 til 16:00.
- Praksis i veke 38-40.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar tysdag 4. mars klokka 14:30-16:00.
- Praksis i veke 13-15.
- Fagdag for praksislærarar torsdag 27. mars. Studentar overtek undervisninga.
5. studieår:
Hausten 2024:
- Valfritt digitalt møte for praksislærarar tysdag 20. august klokka 15:00-15:45.
- Praksis i veke 35-37
- Etter avtale med praksislærar kan ein eller fleire av dei 15 praksisdagane gjennomførast i skulen si planleggingsveke og/eller første skuleveke. Dagane må ikkje vere i konflikt med undervisning på HVL og gruppa bør fortrinnsvis ha praksis same dagar.
Ingen praksis vårsemesteret.
Andre møte:
Kurs for nye praksislærarar: Dato kjem
Rektormøte (kun for rektorar og eventuelt praksisansvarleg på skulen)
Digitalt møte 22.august kl 14:00-15:00
Bergen
1. studieår:
Hausten 2024: Oppstartspraksis
- Digitalt planleggingsmøte for praksisansvarlege/praksislærarar på skular med oppstartspraksis og profesjonsrettleiarar 17.oktober kl 14.30-15.30
- Praksisførebuande seminar på campus 29.oktober (profesjonsøkt)
- Oppstartspraksis i veke 45. Studentane vert samla på utvalde skular for å få felles erfaringar å ta med tilbake til undervisninga på campus.
- Erfaringsseminar klassevis i undervisningsøkt på campus veke 46.
Våren 2025: Ordinær praksis
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 9.januar. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med to digitale praksisførebuande møte klokka 14:15 til 15:45.
- Praksis i veke 5-8.
- Fagdag for praksislærarar torsdag 13. februar. Studentar overtek undervisninga.
2. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 26. september. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med to digitale praksisførebuande møte klokka 14:15 til 15:45.
- Praksis i veke 42-44.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 13. februar klokka 14:45-15:45.
- Praksis i veke 10-13.
- Fagdag for praksislærarar torsdag 20. mars. Studentar overtek undervisninga.
3. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 24. oktober. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med to digitale praksisførebuande møte klokka 14:15 til 15:45.
- Praksis i veke 46-47.
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 19. desember klokka 14:45-15:45
Våren 2025:
- Praksis veke 2-4.
- Fagdag for praksislærarar torsdag 16. januar. Studentar overtek undervisninga.
4. studieår:
Hausten 2024:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 29. august. Opplegget varer heile dagen og avsluttast med to digitale praksisførebuande møte klokka 14:15 til 15:45.
- Praksis i veke 38-40.
Våren 2025:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 6. mars klokka 14:45-15:45
- Praksis i veke 13-15.
- Fagdag for praksislærarar torsdag 3. april. Studentar overtek undervisninga.
5. studieår:
Hausten 2024:
- Valfritt digitalt møte for praksislærarar tysdag 20. august klokka 15:00-15:45.
- Praksis i veke 35-37
- Etter avtale med praksislærar kan ein eller fleire av dei 15 praksisdagane gjennomførast i skulen si planleggingsveke og/eller første skuleveke. Dagane må ikkje vere i konflikt med undervisning på HVL og gruppa bør fortrinnsvis ha praksis same dagar.
Ingen praksis vårsemesteret.
Andre møte:
Kurs for nye praksislærarar: torsdag 26.september på campus Kronstad
Rektormøte (kun for rektorar og eventuelt praksisansvarleg på skulen)
Digitalt møte 22.august kl 14:00-15:00
Ansvarsforhold i praksisopplæringa- trepartsamarbeid
Student
Som student i praksis skal du:
- ha kunnskap om innhaldet i studieprogramplan, emneplanar, nettsider for praksis og læreplan for grunnskulen
- ta ansvar for at studentgruppa tar kontakt med praksislærar i god tid før praksisførebuande dag/oppstart praksis for å gjere avtale om oppmøte
- delta på obligatoriske praksisførebuande aktivitetar
- skrive refleksjonsnotat og sjølvevaluering
- skrive planleggingsdokument
- ha god kontakt med praksislærar før og undervegs i praksisperioden
- følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar, inkludert deltaking i teamarbeid, møte og skule-heim-samarbeid
- bruke ulike observasjonsmetodar aktivt i løpet av praksisperioden
- delta aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av eige og medstudentar sitt undervisningsopplegg
- delta aktivt i rettleingssamtalar og samarbeid i studentgruppa
- gjennomføre obligatoriske læringsaktiviteter i praksis
- laste opp sluttvurdering i Wiseflow innan fastsett frist. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her.
- svare på spørjeundersøking om evaluering av praksis
Vi oppfordrar deg også til å levere tidlegare sluttvurdering til praksislærar før første praksisdag.
Praksisfelt
Praksislærar på skulen
Praksislærar organiserer og gjennomfører rettleia og vurdert praksis og arbeider ut frå gjeldande retningslinjer, emneplanar, studieplan og informasjon på nettsida for praksis. Studentane må involverast i kjerneaktivitetar som t.d. foreldresamarbeid, elevsamtalar, samarbeid med eksterne aktørar og planlegging av arbeidsåret.
Når fleire praksislærarar deler ansvaret for ei studentgruppe, har ein av dei hovudansvaret for organisering, rettleiing og vurdering. Andre praksislærarar skal bidra i rettleiing og vurdering.
Praksislærar skal:
- ha kunnskap om innhaldet i aktuell emneplan for praksis og informasjon på nettsida for praksis
- kjenne til studieprogramplanen, rammeplan og nasjonale retningslinjer
- sikre at kontakt er oppretta med studentgruppa og at tid og stad for oppmøte på praksisførebuande dag/i praksis er avtalt
- koordinere praksisopplæringa slik at kvar student får tilstrekkeleg rettleiing
- sikre at all praksisopplæring er rettleia, vurdert og variert
- sørge for at studenten føl arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar, inkludert deltaking i teamarbeid, møte og skule-heim-samarbeid
- la studentane observere praksislærar si undervisning som utgangspunkt for refleksjonssamtalar
- gje studentane observasjonsoppgåver
- ha ansvar for vurdering av studenten sin praksis i samarbeid med profesjonsrettleiar, (eventuelt faglærar ved HVL og andre lærarar ved praksisskulen) og rektor ved praksisskulen
- gje undervegsvurdering i samarbeid med profesjonsrettleiar (og eventuelt faglærar ved HVL og andre praksislærarar)
- vurdere om det bør sendast varsel om fare for ikkje bestått praksisseinast havegs i praksisperioden
- vurdere om det bør sendast tvilsmelding om studenten er skikka til læraryrket
- utarbeide skriftleg sluttvurdering med karakter som skal gjennomgåast med studenten i sluttsamtale siste dag i praksis
- svare på evaluering av samarbeid om praksisgjennomføring med HVL
- vere ein del av høgskulen sitt team for praksis og kompetanse innan metodikk og i pedagogikk og i nokon tilfelle ta del i undervising av studentane
- ta del i aktuelle møte og faglege arrangement for høgskulen sine praksislærarar
- ha gjennomgått vidareutdanning i praksisrettleiing på minimum 15 studiepoeng eller forplikte seg til å starte slik opplæring
Rektor/Praksisansvarleg på skulen
På dei fleste skular er det rektor som er praksisansvarleg, medan på andre skular har rektor delegert ansvaret. Praksisopplæringa skal vere i samsvar med rammeplan, retningslinjer, programplanar, emneplanar og informasjon på nettsida for praksis. Det er viktig at studentane blir inkluderte i skulen sitt læringsmiljø og personale.
Praksisansvarleg skal:
- ha overordna ansvar for gjennomføring av og kvalitet i praksisopplæringa på skulen
- sørge for at heile personalet i skulen er involvert i praksis og legge til rette for at studentane får gode læringsforhold og har tilgang til nødvendig utstyr for å gjennomføre praksis, inkludert tilgangar til skulen sine digitale verktøy som til dømes læringsplattformar og digitale læremiddel som vert nytta av elevane
- kvart år melde inn praksislærarar og tal på studentar dei kan ta i mot
- velje kvalifiserte praksislærarar som har lærarutdanning, tre års relevant arbeidserfaring etter fullført pedagogisk utdanning og formell kompetanse i faga dei skal rettleie studentane i. (Etter anbefaling frå skuleleiinga kan krava til praksislærar fråvikast i spesielle tilfelle, men det skal alltid skje i tett dialog med HVL.)
- legge til rette for at praksislærarane har eller gjennomfører rettleiingskurs på minimum 15 studiepoeng
- legge til rette for organisering av praksis i team for å sikre tilstrekkeleg praksis i faga til studenten (Dersom praksislærar ikkje underviser i faga til studenten må ein annan lærar overta rettleiinga i desse faga)
- iverksette tiltak slik at praksisopplæringa kan gjennomførast som avtalt ved sjukdom, permisjon, oppseiing eller andre endringar av arbeidssituasjonen for praksislærarar (HVL må informerast om endringane)
- legge til rette for at studentar som må ta att delar av praksis får gjennomføre dette
- informere om skulen og skulen sine forventningar til studentane og sørge for at studentane får innsikt i skuleleiing, skulen som organisasjon, skulen sine samarbeidspartnarar og satsingsområde
- bidra i vurdering av studenten sin praksis i samarbeid med praksislærar og HVL ved behov. Ved fare for ikkje bestått eller spørsmål om skikkaheit skal leiar involverast. (Vurdere om skulen bør sende tvilsmelding om skikkaheit)
- bidra til at praksis blir evaluert av studentane og følgje opp evalueringa i samarbeid med HVL
- opne opp for at studentar i eller utanom praksisperiodane kan samle data til masteroppgåveskriving
- koordinere økonomiske forhold og refusjonskrav mellom HVL og skulen, samt utbetale godtgjersle og løn til personale som utfører ekstraarbeid i samband med praksisopplæringa
Høgskulen på Vestlandet
Profesjonsrettleiar på HVL skal:
- ha hovudansvar for fagleg oppfølging av studentar og praksisskular
- planlegge og leie aktuelle praksismøte
- syte for at studenten er førebudd til praksis og til å møte praksislærar på praksisførebuande møte og evaluerings- og planleggingsmøte
- koordinere faglærarane si praksisoppfølging av studentane
- bidra i rettleiing av studenten undervegs i praksis
- bidra i vurdering av studenten sin praksis i samarbeid med praksislærar (og eventuelt faglærar ved HVL og rektor på praksisstaden)
- vurdere om det bør sendast tvilsmelding om skikkaheit
- setje karakter på sluttvurdering i Wiseflow
Faglærar på HVL skal:
- integrere studentane sine praksiserfaringar i undervisinga
- synleggjere fagdidaktiske problemstillingar, utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i faga, vurderingsmåtar og korleis sikre tilpassa opplæring
- delta på aktuelle praksismøte
- samarbeide med profesjonsrettleiar om oppfølging, rettleiing og vurdering av studentane i praksis
Emneansvarleg på HVL skal:
- legge inn praksisførebuing i semesterplan og TimeEdit
- sørge for at alle faglærarar i emnet er informert om praksis
- fordele praksisressurs på aktuelle faglærarar i emnet (sjå "Ressursmodell undervisning")
Praksiskoordinator på HVL skal:
- administrere praksis
- utarbeide og publisere på nettsider oversikt over praksisperiodane og møte før kvart studieår
- informere praksisskulane om praksisbehovet (omfang og fagområde) før kvart studieår og informere om endeleg praksisplassering så tidleg som mogleg
- informere førsteårsstudentar om praksis før praksisstart
- kalle inn til og organisere aktuelle praksismøter
- følgje opp rutinar for studentoppfølging og skikkavurdering
- sørge for at praksisskulane er kjend med gjeldande planar for praksisopplæringa og rutinar for studentoppfølging og skikkavurdering
Studieprogramleiar på HVL skal:
- kvalitetssikre praksisopplæringa i samarbeid med GLU-leiargruppa, studieprogramråd, praksiskoordinatorar, profesjonsrettleiarar, faglærarar og praksisskular
- tilby opplæring og kvalifisering i praksisrettleiing i samarbeid med skuleeigar
- sørge for at høgskulen har praksisavtalar med skuleeigarar og skular
- planlegge rektormøte og sjå til at møte vert gjennomført
- sikre at det er gode system for evaluering av praksis
Samarbeidsmøte for studentar, praksisskular og HVL
Bakgrunnsinformasjon om møta
Det er viktig at du som student deltek på møta knytt til praksisgjennomføring for å få best mogeleg utbyte av praksis. Høgskulen og praksislærarane samarbeider for å utvikle profesjonskompetansen til studentane. For å utvikle god kvalitet på praksisstudiet er det fleire samarbeidsarenaer. Nokre av dei er formalisert nedanfor. I tillegg til desse møta kan høgskulen organisere andre møte om nødvendig. Datoar vert publisert i løpet av vårsemesteret under tidspunkt for praksisperiodar og møte.
Informasjonsmøte for studentar som går førsteåret
Som førsteårsstudent deltek du på eit obligatorisk informasjonsmøte for årets førsteårsstudentar arrangert av praksisadministrasjonen. På møte vert du kjend med praksisnettsidene og emneplanane for praksis. Det vert og informert om organisering, vurdering, rettleiing og innhald i praksis. Du får kjennskap til kva du kan forvente å lære i praksis og kva som er forventa av deg når du er i praksis. I tillegg vert det informert om psykisk helse og løpande skikkavurdering.
Ansvarleg: Praksiskoordinator
Deltakarar: Studentar, ev. profesjonsrettleiarar, representant frå praksislærarane og «erfaren» student
1.studieår: Oppstartspraksis og møte
Studieåret 2024-25 gjennomfører HVL ein pilot med ny organisering av praksis 1.studieår. I haustsemsteret gjennomfører alle studentane ei veke oppstartspraksis på LU-skular og andre utvalde skular. I vårsemesteret gjennomfører studentane fire veker ordinær praksis.
Førebuing til og planlegging av oppstartsveka er eit felles ansvar mellom HVL og praksisfeltet. Det vert arrangert planleggingsmøte for praksisansvarlege/praksislærarar på skular med oppstartspraksis og profesjonsrettleiarar tidleg i haustsemesteret.
Deretter vert det praksisførebuande seminar for studentar på campus. Representantar frå praksisfeltet og profesjonsrettleiarar frå HVL har saman med praksisadministrasjonen ansvar for seminaret.
Etter praksis arrangerer profesjonsrettleiar erfaringsseminar for studentane i undervisningsøkt på campus.
Praksisførebuande dag med digitalt praksisførebuande møte
Praksisførebuande dag gjeld for 2.-4. studieår og foregår om lag ei og ei halv veke før du skal starte i praksis. Første del av dagen skjer på praksisskulen, siste del av dagen er eit digitalt møte med HVL.
Del 1: Studentane møter praksislærar og elevar på praksisskulen
Før praksis møter du og medstudentane på praksisskulen for å bli kjent med praksislærar, elevar, skulen og praksisgruppa. Du leverer då eigne læringsmål for praksisperioden til praksislærar. Deler av dagen vert brukt til felles forventningsavklaringar. Studentar og praksislærar går saman gjennom informasjon på nettsida for praksis inkludert emneplan for praksis. I løpet av dagen lagar praksislærar og studentane ei oversikt over innhaldet i praksisperioden. Oversikta skal innehalde fordeling av undervisning, observasjon, retting av elevarbeid, rettleiing, deltaking i teamarbeid, møte i skule-heimsamarbeid, gjennomføring av eventuelle obligatoriske læringsaktiviteter. Praksislærar kan gjerne informere om digitale verktøy, dele ut lærebøker, vekeplan, årsplan, timeplan og informasjonshefte om skulen.
Ansvarleg: Praksiskoordinator sender innkalling/praksislærar gjennomfører
Deltakarar: Studentar og praksislærar
Praksisskulen må sørge for at studentane får nødvendige tilgangar til digitale plattformar og læringsverktøy i god tid før praksis.
Del 2: Digitalt praksisførebuande møte med HVL
På slutten av praksisførebuande dag vert det arrangert eit digitalt praksisførebuande møte der studentar, praksislærarar og profesjonsrettleiarar deltek. Praksisadministrasjonen informerer om rammer og retningslinjer for praksis. Deretter arrangerer profesjonsrettleiarane møte kullvis (Stord/Sogndal) eller klassevis (Bergen). Fokus på denne delen kan vere: informasjon om arbeidskrav frå faglærarar (ev. profesjonsrettleiar), læringsutbytteformuleringar/ overordna tema i aktuell emneplan for praksis, praksisførebuing og forventningsavklaringar knytt til praksisoppfølging frå HVL.
Ansvarleg: Praksiskoordinator og profesjonsrettleiar. Faglærar deltek dersom det er mogeleg.
Deltakarar: Studentar og praksislærar
Praksisoppfølging av studentar i praksis
I løpet av praksisperioden får du også oppfølging av faglærar/profesjonsrettleiar ved HVL. Praksisoppfølginga kan delvis gjennomførast digitalt og ved fysisk møte på praksisskulen. Praksisoppfølginga skal ha fokus på trepartsamtalen. Meir informasjon om praksisoppfølging kjem.
Digitalt evaluerings- og planleggingsmøte mellom praksisperiodane
For studentar på 1.-4. studieår: Ca to veker før andre del av praksis (vårpraksis) deltek du som student på digitalt evaluerings- og planleggingsmøte. Møte vert lagt til slutten av dagen og er todelt. Tema for møte er gjennomgang av evaluering frå haustpraksis og førebuing til siste del av praksis.
Del 1: Praksiskoordinator på Stord og i Sogndal kallar inn alle studentar og praksislærarar. I Bergen er det profesjonsrettleiar som kallar inn aktuelle studentar og praksislærarar. Profesjonsrettleiar leiar møte for sitt kull (Stord/Sogndal) eller klasse (Bergen). Det kan leggast opp til evaluering og faginformasjon, med rom for faglege diskusjonar og casedrøftingar.
Del 2: Praksislærar går saman med si praksisgruppe og planlegg oppstart av praksis.
Kurs for nye praksislærarar
Kurs for nye praksislærarar vert arrangert kvar haust før praksisstart. Kurset er retta mot heilt nye praksislærarar og praksislærarar som ikkje har teke imot studentar på mange år. Her får praksislærarane praktisk informasjon og lynkurs i rettleiing av studentar.
Ansvarleg: Praksiskoordinator/fagmiljø/studieprogramleiar
Deltakarar: Nye praksislærarar
Fagdagar for praksislærarar på campus i vårsemesteret
I vårsemesteret arrangerer høgskulen ein obligatorisk fagdag for praksislærarane i løpet av studentane sin praksisperiode. Denne dagen overtek studentane ansvaret for undervisninga slik at praksislærarane vert frigjort frå undervising. Det må oppnemnast ein person på praksisskulen som studentane kan kontakte dersom det skulle vere nødvendig. Det er viktig at studentane får grundig før- og etterrettleiing for å sikre kvaliteten på undervisinga.
Dette er ein felles møtearena for lærarutdannarar. Tema for dagen vil variere.
Ansvarleg: Studieprogramleiar/fagmiljø/praksiskoordinator
Deltakarar: Praksislærarar, faglærarar frå HVL og representantar frå leiargruppa for grunnskulelærarutdanningane
Rektormøte/møte for praksisansvarlege på praksisskulane haust og vår
Studieprogramleiar arrangerer to rektormøte i løpet av studieåret. I starten av august er det digitalt informasjons-/dialogmøte med rektorane på tvers av campus. I mars/ april vert det arrangert campusvise samarbeidsmøte mellom studieprogramleiar (eventuelt ein representant frå leiargruppa), praksiskoordinator og rektor på praksisskulane.
Ansvarleg: Studieprogramleiar/praksiskoordinator
Deltakarar: Rektorar/praksisansvarleg ved skulen, assisterande instituttleiarar frå HVL.
Kvardagen i praksis
Praksisgrupper, undervisning og oppmøte
Som studentar i praksis vert de i hovudsak organisert i praksisgrupper på fire studentar. 1. til 3. studieår går ein praksisperiode over både haust og vår og på same skule. Praksis 4. og 5. studieår er to individuelle praksisperiodar, fortrinnsvis på same skule.
I ein ordinær grunnskulepraksis skal du delta i undervisning gjennomsnittleg tre klokketimar per dag som eit minimum. Det totale tal undervisningsøkter skal fordelast likt på studentane i praksisgruppa. Deltaking i undervisning kan til dømes vere å observere medstudentar, praksislærar eller andre lærarar på skulen, vere medlærar eller ha hovudansvar for undervisninga. Du skal undervise i fag du tek på høgskulen inneverande studieår og andre fag etter avtale med praksisskulen.
For å sikre progresjon i praksisopplæringa er det naturleg at studentane går frå observasjon, til medansvar for økter, og til å undervise med påhøyr av medstudentar og praksislærar. Frå andre studieår bør studentar bli oppfordra til å undervise noko utan at praksislærar/medstudentar er i klasserommet.
Som student i praksis skal du følge arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar så langt det er mogleg, inkludert teamarbeid, møte og skule-heim-samarbeid. Totalt skal du vere til stades på skulen 7,5 timar per dag.
Planleggingsdag
Studenten deltek på eventuelle planleggingsdagar i praksisperioden, dersom det let seg gjere.
I tilfelle der dette ikkje går skal studenten etter avtale med praksislærar jobbe med anna praksisrelatert arbeid, og treng ikkje ta att denne dagen.
Leirskule
Dersom klassen skal på leirskule, kan studenten delta. Høgskulen dekkjer ikkje kostnader i samband med leirskule. Ein dag på leirskule svarar til ein vanleg praksisdag på 7,5 timar.
Om studenten vert på praksisskulen i denne perioden har rektor/praksisansvarleg ansvar for å gi eit tilfredsstillande opplegg til studenten.
Rettleiing i praksis
Organisering av rettleiinga
Kunnskap frå faga og erfaring frå praksis dannar grunnlag for studentane si evne til å utvikle fagleg og didaktisk kompetanse.
Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervising der målet er å skape samanheng mellom teori og praksis. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til læringsutbytteformuleringane i emneplan for praksis og sikre progresjon for kvar enkelt student. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden. Praksislærar har ansvar for at dette blir følgt opp.
Praksislærar har ansvar for at ei praksisgruppe på fire studentar samla får gjennomsnittleg 10 timar rettleiing i veka. Dei 10 timane inkluderer individuelle rettleiingsøkter. Ved færre studentar blir rettleiingstimane for gruppa samla sett redusert tilsvarande.
Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid. Rettleiinga kan organiserast i gruppe, parvis eller individuelt, med ein eller fleire praksislærarar. Faglærar kan ved behov rettleie studentar.
Sjølvevaluering til undervegssamtalen og sluttsamtalen
Studenten skal gje ei skriftleg sjølvevaluering av eigne mål til undervegssamtalen og til sluttsamtalen i praksisperioden. Dette skal leverast til praksislærar før siste rettleiingstime. Sjølvevalueringa til sluttsamtalen skal leggast inn i sluttvurderingsskjemaet.
Sjølvevalueringa tek utgangspunkt i refleksjonsnotatet og skal seie noko om:
- Korleis gjekk det med måla eg sette meg?
- Kvifor gjekk det som det gjorde?
- Kva ynskjer eg å arbeide vidare med?
Vurdering av praksis
Om vurdering og innlevering av vurderingsskjema
Studentane vert vurderte etter læringsutbyteformuleringane i emneplan for dei aktuelle studieåra. I tillegg er studentane under løpande skikkavurdering gjennom heile utdanninga.
Det skal vere to sensorar som vurderer studenten. Dette vil normalt vere praksislærar og profesjonsrettleiar/faglærar ved HVL. Sensorane har felles ansvar for den endelege vurderinga av studenten.
Praksislærar skal fylle ut
- forenkla vurderingsskjema etter fem dagar oppstartspraksis, haust 1.studieår
- skjema for undervegsvurdering (gjeld 1.-4.studieår) halvegs i praksisperioden og gjennomføre midtvegssamtale for gjennomgang av vurderinga og eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis
Dersom studenten får varsel eller ikkje gjennomfører siste del av praksis i vårsemesteret på grunn av sjukdom eller permisjon, sender praksislærar undervegsvurderinga til praksisadministrasjonen. Dei gjennomførte praksisdagane kan telje med dersom studiet blir tatt opp att.
- eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis, referat frå samtale om varsel og skjema for rettleiingssamtale etter varsel
- skjema for sluttvurdering (gjeld alle studieåra)
Studenten leverer skjema i Wiseflow. Skjemaet er berre til intern bruk. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her
Profesjonsrettleiar ved HVL set endeleg sluttvurdering i Wiseflow.
NOKUT sin definisjon av omgrepa i læringsutbytteformuleringane i emneplanen:
Kunnskap: Kunnskap er forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp og prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke.
Ferdigheiter: Evne til å bruke kunnskap for å løyse problem og oppgåver. Det finst ulike typar ferdigheiter: kognitive, praktiske, kreative og kommunikative.
Generell kompetanse: Generell kompetanse er å kunne bruke kunnskap og ferdigheiter på sjølvstendig vis i ulike situasjonar i utdannings- og yrkessamanheng ved å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking.
Vurderingsskjema
Forenklet vurderingsskjema oppstartspraksis (bokmål) - gjeld 1.studieår
Forenkla vurderingsskjema oppstartspraksis (nynorsk) - gjeld 1.studieår
Underveisvuderingsskjema (bokmål) - gjeld 1.-4. studieår
Undervegsvurderingsskjema (nynorsk) - gjeld 1.-4. studieår
Sluttvurderingsskjema (bokmål) - gjeld 1.studieår
Sluttvurderingsskjema (nynorsk) - gjeld 1.studieår
Sluttvurderingsskjema (bokmål) - gjeld 2.-5. studieår
Sluttvurderingsskjema (nynorsk) - gjeld 2.-5. studieår
Som hjelp til vurdering av studentane har HVL i samarbeid med Leikanger ungdomsskule utarbeidd konkretiseringspunkt for læringsutbytteformuleringane. Dette er meint som hjelp til å forstå læringsutbytteformuleringane. Når du viser til studentane sine kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse må du bruke læringsutbytteformuleringane i emneplanen (kom gjerne med tilbakemeldingar på skjemaet):
Læringsutbytteformuleringer med konkretiseringer
Studentane kan ikkje bruke praksislærar som referanse, eller vurderingsskjema som attest, ved jobbsøking.
Varsel om fare for ikkje bestått praksis
Dersom det oppstår tvil om du vil nå måla for læringsutbytta og bestå praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden.
Les meir om varsel og rutinar ved fare for ikkje bestått her.
Ikkje bestått praksis
Når du får praksis vurdert til ikkje bestått, har du brukt eitt forsøk og heile praksisperioden må takast om att neste gong praksisperioden vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studieprogresjonen din.
Les meir om rutinar ved ikkje bestått praksis her.
Emneplanar GLU 1.-7.trinn, studieåret 2024 - 2025
- Emneplan for praksis 1. studieår (25 dagar)
- Emneplan for praksis 2. studieår (35 dagar)
- Emneplan for praksis 3. studieår (25 dagar)
- Emneplan for praksis 4. studieår (30 dagar)
- Emneplan for praksis 5. studieår (15 dagar)
- Emneplan for praksis 1. studieår samlingsbasert (25 dagar)
- Emneplan for praksis 2.studieår samlingsbasert (35 dagar)
- Emneplan for praksis 3.studieår samlingsbasert (25 dagar)
Emneplanar GLU 5.-10.trinn, studieåret 2024 - 2025
- Emneplan for praksis 1. studieår (25 dagar)
- Emneplan for praksis 2. studieår (35 dagar)
- Emneplan for praksis 3. studieår (25 dagar)
- Emneplan for praksis 4. studieår (30 dagar)
- Emneplan for praksis 5. studieår (15 dagar)
Rutinar ved fråvær i praksis
Fråvær
Praksisopplæringa, inkludert praksisførebuing, observasjonsdagar og ulike møte, er obligatorisk. Alt gyldig fråvær må takast att for at du skal få oppfylt kravet om 115 dagar praksis. Dette gjeld uansett årsak til fråværet. Sjå informasjon om krav til oppmøte.
Praksislærar kan godkjenne fråvær for enkelttimar. Ved behov for fråvær ut over dette, må du bruke skjemaet under. Søknaden skal sendast seinast 3 veker før praksisperioden startar.
Ved akutte situasjonar kan fråvær bli godkjent på kortare varsel. Meld i frå til praksislærar og bruk skjemaet under for å melde frå om fråværet til HVL. Ved sjukdom inntil tre dagar skal du sende eigenmedling. Er sjukdomsperioden over tre dagar skal du sende sjukemelding. Skjemaet skal sendast inn seinast ein veke etter sjukdommen oppsto. Du kan kun levere eigenmelding ein gong i haustsemesteret og ein gong i vårsemesteret.
Utsett praksis
Dersom ein student har dokumentert gyldig fråvær, legg høgskulen til rette for utsett praksis innanfor studieåret dersom det er mogleg. Studenten skal ta igjen fråværet så snart som råd slik at kontinuitet og samanheng vert sikra.
Er fråværet for stort til at utsett praksis kan gjennomførast innanfor studieåret, må studenten ta delar av, eller heile praksisperioden, neste studieår. Ei slik utsetjing kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.
Student og praksislærar finn saman tidspunkt for gjennomføring av utsett praksis. Studenten har ansvar for at dette blir gjort. Studenten har òg ansvar for at praksiskoordinator får beskjed om utsett dato. Ved utsett praksis skal studenten vere til stades totalt 7,5 timar per dag og må minimum ha ansvar for ei undervisningsøkt per dag.
Sluttvurdering og siste rettleiingsøkt blir gjennomført i samband med utsett praksis. Når dato for utsett praksis er avtalt er dette ein bindande avtale og kan ikkje flyttast til eit seinare tidspunkt. Eventuelt fråvær på utsett praksis må dokumenterast med legeerklæring. Dersom studenten ikkje leverer legeerklæring vil fråværet bli registrert som ugyldig.
Ugyldig fråvær
Høgskulen legg ikkje til rette for utsett praksis ved ugyldig fråvær. Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert med eigenmelding, legeattest eller innvilga permisjon. Ferie og deltidsjobb er blant anna ikkje godkjent fråværsgrunn. Ugyldig fråvær fører til at praksisperioden blir registrert som avbroten. Avbroten praksis får same konsekvens som ikkje bestått praksis.
Dersom ein student, på grunn av ugyldig fråvær, får avkorta praksisperioden slik at vedkommande ikkje kan vurderast, fører det til avbroten praksis med same konsekvens som ikkje bestått praksis. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært.
Praksis i utlandet
Praksis i utlandet
Ønsker du ei ny og annleis praksiserfaring?
HVL tilbyr praksis i utlandet for grunnskulelærarstudentar i vårsemesteret 2. studieår.
Praksis i utlandet vil gi deg eit unikt høve til å lære eit anna land og ein annan kultur betre å kjenne. Du vil også bli kjent med eit skulesystem og ein skulekultur som er ulikt det vi har i Noreg. Dette vil vere med på å gi deg eit anna perspektiv på norsk lærarutdanning og skulesystem.
HVL dekker ingen utgifter i forbinelse med praksis i utlandet (reise, opphald, visum, nødvendige medisinar og vaksine etc.)
Tilbod om praksis i utlandet veke 10-13 våren 2025:
- Durban i Sør-Afrika: 20 praksisplassar
- Århus i Danmark: 10 praksisplassar
- Island: 4 praksisplassar
- Grønnland: 4 praksisplassar
- Tanzania, Dar es Salaam: 8 praksisplassar
Studentar frå campus Sogndal, Stord og Bergen kan søke.
Innhald/oppgåver i praksis:
Emneplan for praksis ligg til grunn for praksisgjennomføring men det vert opna for lokale tilpassingar. Praksislærar skriv sluttvurdering med sluttkarakter bestått/ikkje bestått. Studenten leverer sluttvurdering i Wiseflow etter gjennomført praksis i utlandet.
For å få praksis i utlandet må du:
- vere villig til å dekke alle utgifter sjølv (hugs avbestillingsforsikring)
- sende skriftleg søknad i vårsemesteret innen 25. mai våren 2024. Aktuelle kull finn søknadsskjema i kullrommet i Canvas
- grunngi motivasjonen din for å søke praksisopphald i utlandet (dette skriv du i søknaden)
- ha relevante og tilstrekkelege språkkunnskapar (engelsk i Sør-Afrika, Tanzania, Grønnland og Island)
- ha fullført og bestått alle eksamenar, arbeidskrav og praksisperiodar frå 1. studieår. Du kan heller ikkje ha mottatt varsel om fare for ikkje bestått praksis 1. eller 2. studieår. (Dette gjeld sjølv om du har kjøpt og betalt flyreise, bustad, visum vaksinar etc.)
- kunne representere utdanninga og HVL på ein tillitvekkande måte
Ved mange søkarar tek vi utgangspunkt i karakter og motivasjonstekst.
Dersom HVL ut frå punkta over ikkje klarer å skille kandidatane, blir det gjennomført loddtrekking.
Praksis i Danmark, på Grønnland og på Island
- HVL skaffar praksisplassar.
- Studentar ordnar og betaler sjølv flybillettar, forsikring, transport og bustad.
- Du kan søke om midlar frå Nordplus.
- Felles førebuingsmøte på slutten av haustsemesteret
Praksis i Sør-Afrika og Tanzania
- Studentar ordnar og betaler sjølv flybillettar, visum, forsikring, nødvendige medisinar og vaksinar etc.
- Du kan søke om reisestøtte frå Lånekassen.
- HVL skaffar praksisplassar på skular i Durban. Mesteparten av praksisperioden går føre seg i Durban, men det er lagt inn nokre praksisdagar på landsbyen i Kwa Zulu Natal.
- HVL ordnar bustad. Studentane må betale utgiftene
- HVL organiserer transport til og frå flyplassen og til praksisskulane i Sør-Afrika. Studentane må betale utgiftene.
- HVL arrangerer obligatorisk førebuingskurs i forkant av praksis.
Evaluering etter praksis
For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis treng vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema
Informasjon til praksisfeltet
Er du praksislærar i grunnskulelærarutdanning? På sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info.
Dette må alle kjenne til:
- PolitiattestPå ein del studium er det krav til at du må legge fram politiattest.
- Vaksinasjon og medisinsk testPå nokre studium er det krav til vaksinar og medisinsk testing før du går ut i praksis.
- TeiepliktFør du startar i praksis må du skrive under på ei teieplikterklæring.
- Tilrettelegging av praksisHar du behov for tilrettelegging eller praksis på ein bestemt stad?
- SkikkavurderingSkikkavurderinga skal sikre at du er skikka til yrket du utdannar deg til.
- Krav til oppmøteDu må møte til obligatorisk praksis for at studiet ditt skal bli godkjent.
- Bu- og reiseutgifterDu kan få dekka bu- og reiseutgifter knytt til praksis. Slik går du fram.
- Kvalitet i praksisSjå korleis du kan medverke til god kvalitet i praksis.
- Personvern i praksisDet er viktig at du har ein datahandteringsplan og ivaretar personvern.
- Skade under praksisDu har same rettar som de tilsette ved praksisplassen din.
- Klagerett praksisHer kan du lese om klagerett knytt til praksis.
- WiseflowInnlevering av praksisvurdering i Wiseflow
- Fare for ikkje bestått praksis og sluttvurdering ikkje bestått praksisOppstår det tvil om du vil bestå praksis, skal du normalt få skriftleg varsel.