Elektroingeniør | Bergen

Bachelor

Vil du utvikle teknologi som formar framtida? Som elektroingeniør kan du jobbe med alt frå store generatorar i kraftverk, robotar og kretskort til nettverksteknologiar i framtidas Internett.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

    Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

    Les meir om våre forkurs her.

    Opptakskrav y-vegen

    1) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagbrev innan elektrofag,

    ELLER

    2) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan elektrofag med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven.

    Opptakskrav tres

    Generell studiekompetanse

    Korleis søke y-vegen og tres

    Skal du ta y-vegen eller tres, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak. 

    Søk y-vegen eller tres

    Studiekode i Samordna opptak

    203956

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor bli elektroingeniør?

    Elektroteknolologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software, og korleis dette fungerer saman.

    Du kan også studere til å bli elektroingeniør i Førde og i Haugesund. Du kan studere elektroingeniør på deltid som eit nett- og samlingsbasert studium med samlingar i Førde. 

    Velg spesialiseringa som passar deg

    Andre året kan du velje mellom fire ulike spesialiseringar: 

    Automatisering

    Kvifor velge automatisering? 

    Ein automatiseringsingeniør jobbar med å gjere prosessar og system automatiske. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet i ulike delar av næringslivet. Utdanninga gir ei praktisk tilnærming til automatisering og robotikk, med grunnleggende element innan kybernetikk og styringsteknologi som er relevante for moderne industri.

    Du lærer om: 

    • reguleringsteknikk
    • industriell IT
    • instrumentering
    • robotikk
    • PLS programmering

    Etter flere år som elektriker følte Thomas behov for nye utfordringer. Løsningen ble studiet i automatisering med robotikk.

     

    Kor kan du studere automatisering?

    Denne spesialiseringa kan du ta i Førde, Bergen og Haugesund. 

    Cyberfysisk nettverksteknologi

    Kvifor studere cyberfysisk nettverksteknologi?

    Ein cyberingeniør jobbar med teknologiske utfordringar knytt til avanserte system som vert brukt i samfunnet, industrien og Forsvaret. Dette inkluderer mellom anna internett, mobilnett, og industrielle nettverk.

    Du lærer om:

    • nettverksteknologi og datakommunikasjon
    • programmering (med vekt på programmering for nettverk og IoT)
    • design av kommunikasjonsløysingar for sensornettverk bedriftsnettverk
    • fysiske vilkår for overføring av data
    • sikring av data og tjenester i nettverk

    Kor kan du studere cyberfysisk nettverksteknologi?

    Spesialiseringa innan cyberfysisk nettverksteknologi kan du ta på campus Bergen.

    Elektronikk

    Kvifor studere elektronikk?

    Elektronikkingeniøren har kunnskap om korleis elektronikk komponenter og elektronikksystem er bygd opp.

    Du lærer konstruksjon av eletriske system:

    • Analog kretskonstruksjon
    • Digital kretskonstruksjon med VHDL i FPGA
    • SW-utvikling for mikrokontroller og PC

    Nokre fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på kretskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte.

    Kor kan du studere elektronikk?

    Spesialiseringa innan elektronikk kan du ta på campus Bergen.

    Elkraftteknikk

    Kvifor studere elkraftteknikk?

    Som elkraftingeniør bidrar du til at elektriske system fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.

    Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.

    Du lærer om:

    • energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
    • høgspenningsteknologi
    • elektriske maskiner og omformarar
    • kraftelektronikk
    • lavspenningsinstallasjonar

    Kor kan du studere elkraftteknikk?

    Denne spesialiseringa kan du ta i Bergen.

     

    Førde kan du velgje spesialisering innan automatisering og robotikk. Viss du vil ta elektroingeniør på deltid i Førde kan du velgje mellom automatisering og robotikk og elkraftteknikk. I Haugesund kan du velje spesialisering innan automatisering og prosesstyring.

    Det første året er felles for alle studentane som studerer elektroingeniør og inneheld ein introduksjon til fagfeltet, samt matte og fysikk. Du kan bruke det første året til å bestemme deg for spesialisering. Alle spesialiseringane vil starte opp og du kjem inn på spesialiseringa du vel. 

    Dekker du ikkje opptakskravet?

    Har du relevant fagbrevmen ikkje generell studiekompetanse, kan du ta den yrkesfaglege vegen (y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med mattekurs i juni.

    Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk, kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga.

    Både y-vegen og TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!

    Skal du søke på y-veg, TRES eller forkurs må du søke via vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak. 

    Du kan også ta forkurs eller realfagskurs, før du søkjer deg inn på ingeniørutdanninga. Les meir om forkurs, realfagskurs, y-vegen og tresemesterordning.

    Korleis er undervisninga?

    Du har forelesingar, rekneøvingar, laboratoriearbeid, gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr, eller simulering på datamaskin. Det er også mogeleg med praksis i arbeidslivet undervegs i utdanninga.

    Førelesningane er i hovudsak på campus, men noko av undervisninga vil også vere på nett.

    Bacheloroppgåva skriv du som regel i grupper med andre studetntar på utdanninga di. Prosjektet vil vere ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

    Har du fagskuleutdanning?

    Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?

    Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du  utdanninga over 2 år.

     

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.

    Kor kan du reise?

    Studere meir?

    Etter fullført bachelor i elektroteknologi kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL (avhenger av kva spesialisering du har valt):

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Andre utdanningar du kanskje vil like