Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn på Stord

Studieplan for kullet som vart tatt opp på Stord hausten 2017.

Den femårige masterutdanninga er ei integrert, forskingsbasert og praksisnær utdanning. Obligatoriske fag er pedagogikk og elevkunnskap, norsk og matematikk. I tillegg vel du to fag (kunst og handverk, musikk, kroppsøving, naturfag, engelsk, samfunnsfag, KRLE, mat og helse, spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk).

Aktuelle masterfag på campus Stord kan vere: norsk, matematikk, musikk, kunst og handverk eller profesjonsretta pedagogikk.

Oppbygging av studiet

Studieprogramplan

1. studieår

Du har pedagogikk og elevkunnskap (PEL), norsk (fag 2), matematikk (fag 3) og fag 1 (musikk, kunst og handverk eller kroppsøving).

2. studieår

Du held fram med fag 1, PEL, norsk (fag 2) og matematikk (fag 3).

3. studieår

  • Haustsemesteret: Du vel eit nytt fag – fag 4. Du kan velje mellom kunst og handverk, musikk, engelsk, KRLE, naturfag, spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk. Det kan bli endringar i tilbodet.
  • Vårsemesteret: Her vel du del 2 av fag 1(musikk, kunst og handverk, kroppsøving), norsk eller matematikk. 

Les om fagval i 3. studieår.

4. studieår

Du har PEL og fagleg fordjuping i masterfaget ditt.

Mastertilbodet på Stord (med atterhald om at nok studentar vel desse faga):

  • Kunst og håndverk: vestlandsklasse i Bergen og Stord
  • Musikk: Bergen og Stord
  • Norsk: alle tre studiestader
  • Matematikk: alle tre studiestader
  • Begynneropplæring i matematikk: vestlandsklasse alle studiestader

5. studieår

Du held fram med PEL og skriv masteroppgåve.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Retningslinjer for føring av fråvær

Praksis

Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.

Om praksisopplæringa 1. studieår.

Utveksling

Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga.

Utveksling for grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn


Rådgivar – studierettleiar
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Assisterande instituttleiar
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag