Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn i Bergen

Studieplan for kullet som blei tatt opp i Bergen hausten 2018.

Oppbygging av studiet

Studieprogramplan

1. studieår

Du har pedagogikk og elevkunnskap (PEL)norsk (fag 2), matematikk (fag 3) og faget du kom inn på gjennom Samordna opptak (fag 1). Fag 1 kan vere:

2. studieår

Du held fram med fag 1, PEL, norsk (fag 2) og matematikk (fag 3).

3. studieår

  • Haustsemesteret: Du vel eit nytt fag – fag 4. Du kan velje mellom undervisningsfag, skulerelevante fag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
  • Vårsemesteret: Her vel du del 2 av enten norsk, matematikk eller fag 1. 

4. studieår

Dei to siste åra av utdanninga har du PEL og masterfaget du har valt, enten eit undervisningsfag eller eit pedagogisk fag. Hausten fjerde år har du fordjuping i masterfaget og våren har du masterfag og PEL.

5. studieår

Du held fram med PEL og skriv masteroppgåve.

Studiet har krav om politiattest

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Retningslinjer for føring av fråvær

Praksis

Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.

Om praksisopplæringa 1. studieår.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga. 

Utveksling for grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn


Seniorrådgivar
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett